Søk

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åse Kristin Ask Bakke, Mona Nilsen og Torstein Tvedt Solberg, frå Høgre, Turid Kristensen og Tage Pettersen, frå Senterpartiet, Margrethe Haarr og Åslaug Sem-Jacobsen, frå Framstegspartiet, Silje Hjemdal,frå Sosialistisk Venstreparti, Kathy Lie, og frå Venstre, leiaren Grunde Almeland, viser til proposisjonen frå regjeringa, der ho foreslår endringar i pengespilloven.

Komiteen viser til at lovforslaget inneber å innføre DNS-blokkering av nettstader som tilbyr pengespel som ikkje har tillating i Noreg. Forslaget må sjåast i samanheng med Stortingets handsaming av ny pengespellov i Prop. 220 L (2020–2021), der ein i proposisjonen konkluderte med å sende forslag om DNS-blokkering på ny høyring.

Komiteen viser også til at føremålet med lovforslaget er å avgrense tilbodet av pengespel utan norsk tillating av omsyn til sårbare spelarar og for å styrke einerettsmodellen.

Komiteen hadde 18. januar 2024 ei open høyring i saka med høg deltaking.

Komiteen viser til at det i proposisjonen er foreslått at Lotteritilsynet kan pålegge ein internettilbydar å gjennomføre DNS-blokkering av ein nettstad, om nettstaden tilbyr pengespel utan tillating etter pengespilloven. Vidare er det gjort greie for forholdet til ytrings- og informasjonsfridomen. Ved pålegg om DNS-blokkering skal Lotteritilsynet i kvart enkelt tilfelle foreta ei vurdering av forholdet til ytringsfridomen, slik det vert krevja etter Grunnlova § 100 og EMK artikkel 10. Komiteen vil i tillegg understreke at det skal ligge til grunn at eit pålegg om å innføre DNS-blokkering skal vere forholdsmessig, og at omsyna som taler for å gi eit pålegg, skal vege tyngre enn ulempene eit pålegg vil medføre.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at regjeringa gjennom forslaget om DNS-blokkering har tatt eit ytterlegare steg for å bevare og styrke einerettsmodellen, med mål om å redusere tilgangen til ulovlege pengespel for å førebyggje speleproblem og speleavhengigheit.

Fleirtalet viser til at det dei siste åra har vore gjennomført eit systematisk godt arbeid av styresmaktene. Samarbeid med bankane mot dei ulovlege selskapa, fjerning av reklame ifrå dei same aktørane, og dessutan innstramming av tapsgrensene til Norsk Tipping er døme på dette. Den siste befolkningsundersøkinga til Universitet i Bergen som vart publisert i mai 2023, viser at talet på nordmenn med speleproblem er halvert sidan førre undersøking i 2019.

Fleirtalet understrekar at målet om å stadig redusere speleproblem i samfunnet står fast, og at det for inneverande år er løyvd ei rekordstor tildeling på 32 mill. kroner til arbeidet mot speleproblem.

Fleirtalet i komiteen har registrert betydeleg oppslutning om forslaget om DNS-blokkering ifrå viktige høyringsinstansar, både frå ei stor arbeidsgiverforening som Spekter, ifrå organisasjonar som arbeider for å hindre speleproblem, og frå behandlarar ved Blå Kors, som tilbyr behandling for pengespelavhengigheit ulike stadar i landet. Når det gjeld innvendingar mot forslaget, vert det vist til at desse synspunkta er svart ut i proposisjonen frå regjeringa.

Fleirtalet støttar regjeringa sitt forslag om DNS-blokkering, fordi det vil avgrense dei uregulerte aktørane sine speltilbod i Noreg.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Venstre er einige med regjeringa i at ein treng tiltak som er eigna til å vareta sårbare spelarar. Desse medlemene vil vise til at det både under Solberg-regjeringa og dagens regjering har vorte innført ei rekke tiltak nettopp for å vareta denne gruppa med spelarar, til dømes forbodet mot marknadsføring, endringar i kringkastingsloven og eit forbod mot betalingsformidling. Disse tiltaka har hatt god effekt. Desse medlemene har likevel over tid meint at eit forslag om DNS-blokkering treff dette omsynet dårleg. Desse medlemene er kritiske til at eit fleirtal på Stortinget allereie før ein starta ei utgreiing som avdekka negative konsekvensar av eit blokkeringspåbod, vedtok at slik blokkering skulle finne stad, og pressa fram ei lovregulering.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre viser til behandlinga av Innst. 242 S (2017–2018), jf. Vedtak 695 (2017–2018), der eit fleirtal samansett av Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti vedtok følgjande:

«Stortinget ber regjeringen stanse pengespill hos uregulerte pengespillselskaper ved å innføre DNS-blokkering av nettsidene deres. Regjeringen bes i budsjett for 2019 omtale fremdriftsplanen for dette arbeidet.»

Den til kvar tid sitjande regjering er forplikta til lojalt å følgje opp det Stortinget vedtek. På bakgrunn av vedtaket varsla dåverande regjering om følgjande i Prop. 1 S (2018–2019):

«Dokumentet som ligger til grunn for anmodningsvedtaket, er Innst. 242 S (2017–2018). jf. Dokument 8:110 S (2017–2018) Representantforslag om en mer ansvarlig spillpolitikk. Lotteritilsynet har på oppdrag fra Kulturdepartementet utredet de praktiske, administrative og juridiske sidene ved et slikt tiltak. Rapporten ble oversendt departementet 31. august 2018. Regjeringen tar sikte på å fremme en sak for Stortinget om dette i løpet av 2019.»

Denne prosessen resulterte i at regjeringa Solberg la fram eit forslag om DNS-blokkering 18. juni 2021, i tråd med det fleirtalet i Stortinget vedtok i 2018, som del av Prop. 220 L (2020–2021). Proposisjonen vart handsama av Stortinget hausten 2021 i Innst. 163 L (2021–2022). Her konkluderte fleirtalet med å sende forslaget om DNS-blokkering på ny høyring, og la samstundes vekk det mindre inngripande forslaget om DNS-varsling. Desse medlemene viser til at Høgre, Framstegspartiet og Venstre i innstillinga la fram følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringen avslutte arbeidet med forslag om pålegg om DNS-varsling eller DNS-blokkering.»

Desse medlemene viser til at det i inneverande periode har vore to høyringar om DNS-blokkering, 10. desember 2021 i samband med Prop. 220 L (2020–2021) og 18. januar 2024 i samband med proposisjonen som ligg til grunn for behandlinga i denne innstillinga. Begge høyringane har hatt høg deltaking, og alle deltakarane frå teknologiaktørar har uttalt seg udelt negative til forslaget. Særleg har det vore vektlagt at DNS er ein del av den samfunnskritiske infrastrukturen for det digitaliserte samfunnet, og at DNS-blokkering utgjer ein alvorleg trussel mot denne infrastrukturen. Det har alvorlege konsekvensar for sikkerheitsmekanismane som er bygd opp rundt internettet, og eit kvart inngrep i denne infrastrukturen svekker tilliten til internettet vi kjenner i dag. Teknologiaktørane åtvarar derfor sterkt mot å innføre tiltak som påverkar infrastrukturen på internett, og framhevar at DNS-blokkering uansett er eit lite effektivt tiltak fordi det er enkelt å omgå allereie i dag, og vil bli endå enklare i takt med den teknologiske utviklinga framover.

Særleg vil desse medlemene vise til innspela som peiker på at blokkeringa også vil omfatte lovleg informasjon og vere en trussel mot informasjonsfridomen, at forslaget ikkje i tilstrekkeleg grad har utgreia personvernkonsekvensane, inkludert usikkerheit knytt til tilgang til IP-adressene til alle som besøker sidene, at det vil medføre ei todeling av internett der norske forbrukarar ikkje kan sjå informasjon som internasjonale forbrukarar kan – og med det er med på å legitimere tilsvarande sensurgrep i andre land.

Høyringsinstansane påpeiker at tilliten til DNS-systemet er svært viktig, og at det å vidaresende nokon til ei anna nettside enn den dei trudde dei skulle gå til, er ein vanleg angrepsmåte for vondsinna aktørar som ønsker å svindle nokon. Difor vert det også gjort grep i internettstandardar som DNS over HTTPS og sikring av DNS-oppslag med DNSSEC, som er laga for å nettopp hindre denne typen blokkering, og vil medføre at blokkeringa vert ineffektiv. At staten skal byrje å gjere det same, kompliserer arbeidet med å sikre at DNS-systemet er sikkert for alle. I verste fall vil dette forslaget vere i konflikt med komande lovverk for å auke sikkerheita.

Høyringsinstansane viser også til at tiltaket er enkelt å omgå ved å velje ei anna DNS-teneste i innstillingane på datamaskinen eller telefonen, og at framlegget vil føre til at personar som forslaget søker å beskytte, i staden vert dytta over til å bruke mindre tillitvekkande DNS-tenar. Å bruke ein slik alternativ DNS-tenar er enkelt å gjere, vil omgå blokkeringa, og kan tvinge forbrukaren forslaget prøver å beskytte, til å gi bort kontroll over DNS til tvilsame aktørar som kan bruke det til svindelforsøk eller innsamling av persondata.

Juridiske aktørar og leverandørar som Telenor og Telia har i innspel peikt på at dette lovforslaget gjev forvaltninga eit vidt skjønn utan at dette skjønnet er klart avgrensa, og at det vert lagt opp til at vedtak om blokkering kan fattast utan forutgåande rettsleg kontroll. Dette til forskjell frå andre heimlar i norsk rett, der domstolane på nærmare vilkår vert gitt tilgong til å blokkere ulovleg innhald.

Desse medlemene meiner forslaget om DNS-blokkering er problematisk av fleire årsaker. For det første vil desse medlemene påpeike at internett også er ein grunnleggande infrastruktur for utøvinga av ytrings- og informasjonsfridomen i Noreg. Det er difor grunnleggande problematisk av staten å gripe inn og pålegge blokkering av innhald som det er lovleg for nordmenn å oppsøke på internett. I dei særs få tilfella det vert lagt til rette for slik førehandssensur, må det i det minste vere på plass eit system som sikrar tilstrekkeleg demokratisk kontroll. Desse medlemene vil åtvare mot å undervurdere implikasjonane av å legge til rette for denne typen inngripande tiltak. Internasjonalt har enkelte land innført storstilt overvaking og gjer mange avgrensingar i folk sin bruk av internett. Slik overvaking og avgrensing er inngripande for den einskilde sine rettar, samtidig som det svekkar sikkerheitsmekanismane på internett. Det å verne om internett og den opne informasjonsflyten må takast på stort alvor.

For det andre er det eit viktig prinsipp i ein rettsstat at tiltak frå myndigheitene skal være så lite inngripande som mogleg. Det er ikkje lov å innføre eit tiltak dersom ein kan oppnå det same omsynet med mindre inngripande verkemiddel. Når regjeringa opnar for å blokkere nettstader nordmenn lovleg kan oppsøke, utfordrar dei dette grunnleggande prinsippet. Regjeringa har ikkje vurdert om det er mogleg å gi nordmenn informasjon om kva pengespeltilbod som har løyve etter norsk lov gjennom eksempelvis styrka førebygging- og opplysningsarbeid.

Desse medlemene understrekar at for det tredje grip forslaget om blokkering inn i norske innbyggjarar sin informasjonsfridom utan å vere tilstrekkeleg greia ut. Lovforslaget inneber sensurering av informasjon nordmenn lovleg kan søke tilgang til. Desse medlemene vil understreke at vi ikkje kan forby alt vi ikkje likar, og prinsipielle grunner tilseier at vi bør utvise stor varsemd med å sensurere lovleg informasjon. Det er vanskeleg å ta tilstrekkeleg stilling til lovforslaget når ein ikkje har oversikt over kva konsekvensar det vil ha for informasjonsfridomen til nordmenn. Desse medlemene er særleg kritiske til at regjeringa ikkje i tilstrekkeleg grad har greia ut dette, all den tid dette var ein av grunnane for tilleggshøyringa i saka.

For det fjerde vil desse medlemene vise til at eit sensurert og teknisk stadig meir fragmentert internett er eit dårlegare fundament for nettopp den grunnleggande fridomen til å ytre seg. Det er ein stor kostnad, som ikkje kan forsvarast av gevinsten ein ventar av tiltaket. Datatilsynet har gitt uttrykk for at personvernkonsekvensane ved lovforslaget er mangelfullt greia ut, mellom anna at lovforslaget manglar ei vurdering av dei grunnleggande prinsippa i GDPR artikkel 5. Vurderinga av personvernkonsekvensar er avgjerande for å kunne vurdere kva påverknad lova vil ha på personvernet. Det er for eksempel ikkje greia ut om det finst mindre personverninngripande alternativ som kan oppnå det same formålet, og om alternative tiltak kan ha ein lågare personvernrisiko. Desse medlemene er særleg kritiske til at regjeringa ikkje i tilstrekkeleg grad har greia ut dette, all den tid dette var ein av grunnane for tilleggshøyringa i saka.

På bakgrunn av dette vil desse medlemene ikkje støtte at det vert vedtatt eit forslag om pålegg av DNS-blokkering.

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er svært skeptisk til regjeringens forslag om DNS-blokkering. Sakens kjerne er at regjeringen nå foreslår et alvorlig inngrep i nordmenns personvern og informasjonsfrihet. Gjennom høringen uttrykker flere aktører bekymringer for denne måten å prøve å overstyre det frie internettet.

Dette medlem viser til Dokument 8:110 S (2017–2018) Representantforslag om en mer ansvarlig spillpolitikk og Innst. 242 S (2017–2018). I den saken stemte Fremskrittspartiet imot forslag 8:

«Stortinget ber regjeringen stanse pengespill hos uregulerte pengespillselskaper ved å blokkere nettsidene deres samt hindre nedlasting av og spilling via apper.»

Regjeringens forslag om å DNS-blokkere utenlandske nettsider som tilbyr pengespill, har flere problematiske sider ved seg. Tiltaket er tenkt innrettet slik at nordmenn som ønsker å besøke en utenlandsk spillside, vil blokkeres fra å besøke den. Det er et alvorlig inngrep i borgernes informasjonsfrihet, dette fordi det er helt lovlig for nordmenn å spille pengespill hos utenlandske spillselskaper. Regjeringen fremmer ikke forslag om å forby selve spillingen, selv om man kan få inntrykk av det i debattene rundt forslaget. Dette medlem mener det er dypt problematisk at regjeringen ønsker å fysisk hindre nordmenn fra å utøve en lovlig handling. Noen vil også påpeke at denne typen DNS-blokkering vil være en historisk inngripen i borgernes grunnleggende friheter.

Dette medlem mener at forslaget går på direkte akkord med ytrings- og informasjonsfriheten i Norge. Dette medlem vil understreke at det er å anse som et demokratisk problem dersom staten blokkerer, sensurerer og hindrer innbyggere fra å gjøre helt lovlige ting. Dette er et utviklingstrekk dette medlem på det sterkeste vil advare mot. Man kan ikke sensurere eller blokkere alt man ikke liker, det vil være et direkte angrep på våre demokratiske friheter.

Dette medlem mener at forslaget bryter med flere grunnleggende prinsipper. Først bryter det med proporsjonalitetsprinsippet, som sier at ethvert tiltak skal stå i forhold til det mål som søkes oppnådd. Ingen tiltak skal innføres hvis de er ekstra tyngende eller inngripende, da det kan gjøre dem uforholdsmessige.

Dette medlem mener at forslaget innebærer et brudd med prinsippet om at enhver borger ikke skal hindres fra å gjøre noe som er lovlig. Siden det er lovlig for norske borgere å oppsøke spillsider i utlandet, og spillsider som ikke aktivt retter seg mot norske borgere, heller ikke er ulovlig etter norsk lov, vil forslaget innebære et brudd på den enkeltes rettigheter. Tidligere har DNS-blokkering kun vært brukt for å hindre alvorlig ulovlig aktivitet, som terrorisme og overgrep mot barn. Forslaget innebærer å hindre en helt lovlig aktivitet, nemlig spilling på europeiske pengespillsider.

Dette medlem viser til at Datatilsynet har kritisert forslaget. De mener at det både kan være ulovlig i seg selv, og også at tiltaket ikke er proporsjonalt med formålet. Det er rett og slett ikke utredet godt nok, og mindre inngripende alternativer er ikke vurdert, til tross for at dette var den opprinnelige bestillingen fra Stortinget. Det vises til høringsbrev fra Datatilsynet datert 25. mai 2023:

«Vi påpeker avslutningsvis, som i høringssvaret av 2. november 2021, at DNS-blokkering på generelt grunnlag utfordrer internettets funksjonalitet. Det er en stor fare for at DNS-blokkeringen også vil omfatte lovlig informasjon. Å forhindre at brukere får tilgang til lovlig informasjon på internettet vil kunne gi et personvernproblem. At Norge nå ønsker å benytte DNS-blokkering på nye områder vil medføre at norske myndigheter begrenser mulighetene for brukere fra Norge å nå informasjon som er tilgjengelig fra andre land.»

Dette medlem viser også til innspill i komiteens høring, fra Norway Chapter of the Internet Society, Blix Solutions AS og Netnod. Det fremkommer både at DNS-blokkering er enkel å omgå for de som ønsker det, og at DNS-blokkering vil kunne gi negative konsekvenser for hvordan internett fungerer. Det er grunn til å tro at de som ønsker å spille på utenlandske nettsteder, ganske enkelt kan finne ut eller bli veiledet til hvordan blokkering omgås. Det vises også til at flere av de store internasjonale organisasjonene (Internet Engineering Task Force IETF og ICANN Security and Stability Advisory Committee SSAC) påpeker at det vil gi tekniske utfordringer og mulige problemer hvis deler av internett blir blokkert i ulike territorier. Dette kan gå ut over sikkerhet og stabilitet på internett.

Dette medlem viser også til at kultur- og likestillingsministeren skriver i sitt svar på skriftlig spørsmål Dokument nr. 15:835 (2023–2024):

«Jeg har også lagt frem lovforslag om DNS-blokkering for Stortinget, for å ytterligere stramme grepet og svekke de uregulerte aktørenes markedsposisjon og dermed styrke enerettsmodellen.»

Dette medlem merker seg at statsrådens svar viser at forslaget primært må sees som et forsvar for enerettsmodellen, ikke som et tiltak for å redusere spillavhengighet.

Dette medlem mener at forslaget om endring av pengespilloven må avvises, og vil derfor stemme imot forslaget.

Komiteen viser til at departementet følgjer opp tidlegare stortingsvedtak og dermed foreslår å oppheve § 9 i lov om økonomisk støtte til mediene grunna Stortinget si handsaming av Prop. 1 S (2022–2023) om avvikling av distribusjonstilskotet til avisene i Finnmark. Komiteen viser vidare til forslaget om oppheving av lov 21. juni 2013 nr. 97 om endringer i medieeierskapsloven. Medieeierskapsloven er oppheva, men endringslova blei aldri formelt oppheva. Komiteen støtter desse forslaga om oppheving.