Forslag
fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med
forslag til lov- og forskriftsendringar som sikrar at omsorgsansvaret
for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år blir overført
til barnevernet.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa utarbeide eit lov-
og forskriftsforslag om å sikre einslege mindreårige asylsøkjarar
over 15 år som bur på asylmottak, eit omsorgtilbod med både kvalitet
og rettar som er likeverdige med det tilbodet andre born under offentleg
omsorg får.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa om å gje politiet
ein tydeleg instruks om at forsvinning av einslege mindreårige asylsøkjarar
skal etterforskast og takast på like stort alvor som forsvinning
av norske barn.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa om å stille dei rette
vilkåra og ressursane tilgjengeleg for at mottak for einslege mindreårige
asylsøkjarar har retningslinjer som førebyggjer forsvinningar, har
tilstrekkeleg med barnefagleg kompetent personell og god omsorg.