vedtak til lov
om endringer i yrkestransportlova (sentraltilknytningsplikt
og justering av løyveplikten for drosje)
I
I lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport
med motorvogn og fartøy gjøres følgende endringer:
§ 4 skal lyde:
§ 4. Løyve for persontransport med
motorvogn registrert for meir enn 9 personar
(1) Den som mot vederlag vil drive nasjonal
eller internasjonal persontransport med motorvogn registrert for
meir enn 9 personar, må ha løyve. Det same gjeld den som
utfører persontransport mot vederlag på liknande måte som drosje
når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass
eller via digitale plattformer.
(2) Løyve skal tildelast
den som
-
a. driv ei faktisk
og varig verksemd i Noreg,
-
b. har god vandel,
-
c. har tilfredsstillande økonomisk evne,
og
-
d. har tilstrekkeleg fagleg kompetanse.
Overskriften i § 9 skal lyde:
§ 9. Løyve for persontransport med
motorvogn registrert for inntil 9 personar utanfor rute
§ 9 første ledd skal lyde:
(1) Den som mot vederlag, og med mål
om forteneste, vil drive persontransport utanfor rute
med motorvogn registrert for inntil 9 personar, må ha drosjeløyve.
§ 4 andre ledd bokstav a til d gjeld tilsvarande. Løyveplikt gjeld
òg for den som utfører persontransport mot vederlag på liknande
måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på
offentleg plass eller via digitale plattformer. Løyveplikt etter
tredje punktum gjeld sjølv om den som utfører transporten ikkje
har mål om forteneste.
Ny § 9 b skal lyde:
§ 9 b. Løyve for å drive drosjesentral
(1) Den som vil drive drosjesentral,
må ha løyve. Løyve skal tildelast søkjarar som oppfyller krava i
§ 4 andre ledd bokstav a til c.
(2) Drosjesentralen skal ha ein dagleg
leiar.
Ny § 9 c skal lyde:
§ 9 c. Drosjesentralen sine plikter
til å samle inn, lagre og sende inn informasjon
(1) Drosjesentralen skal ha opplysningar
om:
-
a. løyvehavarar
som er knytte til sentralen,
-
b. sjåførar som er tilsette hos
tilslutta løyvehavarar,
-
c. drosjer som er knytte til
sentralen og registreringsnummeret på drosjene,
-
d. taksameter som er installert
i drosja, inkludert serienummer,
-
e. talet på drosjer som til kvar
tid er tilgjengelege for sentralen og kva for geografiske område
drosjene dekker,
-
f. dei drosjene dei tilknytte
løyvehavarane disponerer som er tilpassa personar med nedsett funksjonsevne.
(2) Drosjesentralen skal løpande og
digitalt samle inn og lagre opplysningar om posisjonsdata for drosjeturar som
drosjeløyvehavaren har loggført etter § 9 fjerde ledd. Sentralen
skal lagre opplysningane i 60 dagar.
(3) Drosjesentralen skal løpande og
digitalt samle inn og lagre dei opplysningane som vert kravde med
heimel i lov 19. november 2004 nr. 73 om bokføring for dei løyvehavarane
som er knytte til sentralen. Sentralen skal lagre opplysningane
i fem år etter slutten av rekneskapsåret.
(4) Drosjesentralen skal løpande og
digitalt samle inn og lagre pris for drosjetransport i område der
det er fastsett pristak med heimel i lov 11. juni 1993 nr. 66 om
pristiltak for dei løyvehavarane som er knytte til sentralen.
(5) Drosjesentralen sine administrative
system skal årleg gjennomgå ein systemrevisjon for å sikre datatryggleik
og datakvalitet. Systemrevisjonen skal dokumenterast gjennom ei
uavhengig revisorfråsegn eller gjennom godkjent sertifiseringsordning.
(6) Drosjesentralen skal, når styresmaktene
ber om det, sende inn dei opplysningane som følgjer av første til femte
ledd.
(7) Opplysningar som er nemnde i første
til femte ledd skal lagrast i EØS-området og vere tilgjengelege
for styresmaktene på det formatet dei krev.
Ny § 9 d skal lyde:
§ 9 d. Drosjesentralane sine øvrige
plikter
(1) Kvar drosjesentral skal ha ei klageordning.
Kundar og andre med klageinteresse kan klage på pris og kvalitet
på både sentralen og drosjeløyvehavar sine tenester. Drosjesentralen
skal sørge for at kunden får opplysningar om klageretten, og om
at klaga kan sendast til Forbrukertilsynet dersom kunden ikkje får
medhald i klagen.
(2) Drosjesentralen skal sørge for
at ein tilstrekkeleg del av dei drosjene som er knytte til sentralen
er utforma eller utstyrt for transport for personar med nedsett
funksjonsevne i samsvar med gjeldande føresegner om tekniske krav
til universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport.
(3) Om det er fleire sentralar i same
område, kan dei samarbeide om å oppfylle pliktene i andre ledd.
(4) Ein drosjesentral som vil drive
verksemd i fleire fylke, skal sende melding om dette til dei aktuelle
fylkeskommunane.
Ny § 9 e skal lyde:
§ 9 e. Unnatak frå sentralane sine
plikter
Løyvestyresmakta kan gje sentralane
unnatak frå pliktene etter §§ 9 c og 9 d.
Ny § 9 f skal lyde:
§ 9 f. Pålegg om retting
Løyvestyresmakta kan treffe vedtak
med pålegg om retting der sentralen ikkje oppfyller krav og etterlever plikter
som følgjer av §§ 9 b, 9 c og 9 d. Det skal setjast ein frist for
retting. Dersom pålegget ikkje vert følgt, kan løyvet trekkast tilbake.
Ny § 9 g skal lyde:
§ 9 g. Forskrifter om drosjesentralar
Departementet kan gje nærare forskrifter
om krava til drosjesentralar og pliktene til sentralane etter denne lova.
§ 12 andre ledd skal lyde:
(2) Løyve etter §§ 9 og 9 b vert
gjevne av fylkeskommunen.
§ 20 skal lyde:
§ 20 Transport med ambulanse
Det trengst ikkje løyve for transport
av sjuke eller skadde personar med godkjend ambulanse.
§ 21 første ledd skal lyde:
(1) Departementet kan i forskrift eller einskildvedtak
fastsetje unnatak frå kravet om løyve eller einskilde vilkår
for løyve, for særskilte slag transportar eller motorvogner
dersom det ikkje er i strid med internasjonal avtale der Noreg er
part.
§ 27 andre ledd skal lyde:
(2) Løyve etter § 9 b gjeld utan avgrensing
i tid.
Nåværende andre og tredje ledd blir tredje
og nytt fjerde ledd.
§ 35 skal lyde:
Departementet gjev nærare forskrifter om kvar
enkelt løyveordning og utfyllande forskrifter til gjennomføring
av lova. Departementet kan i forskrift stille krav til verksemd
som er unnateke frå krav om løyve etter denne lova.
§ 37 a første ledd skal lyde:
Førar av drosje, turvogn og rutevogn må under løyvepliktig persontransport etter
§§ 4, 6 og 9 ha kjøresetel i tillegg til førarkort.
II