Forslag 3
I lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport
med motorvogn og fartøy gjøres følgende endringer:
§ 9 nytt andre ledd skal lyde:
(2) Den som har løyve etter denne føresegna,
skal vere knytt til ein drosjesentral. Løyvehavar skal rapportere
dei opplysningane til sentralen som sentralen treng for å ivareta
sine plikter etter §§ 9 c og 9 d i denne lova. Alle bestilte drosjeturar
skal formidlast gjennom formidlingssystemet til sentralen. Løyvehavar
skal sikre at betaling for all løyvepliktig drosjetransport vert
registrert i taksameteret i bilen, som skal vere kopla til ein sentral
som løyvehavaren er knytt til. For drosjeturar som vert formidla,
skal registreringa i taksameteret skje automatisk ved formidling
av drosjeturen gjennom formidlingssystemet til sentralen. Løyvestyresmakta
kan gi dispensasjon frå krava i dette leddet på vilkår som vert nærare
fastsett av departementet i forskrift.
Nåværende andre til femte ledd blir tredje
til nytt sjette ledd.