Søk

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kari Henriksen, Frode Jacobsen og Kirsti Leirtrø, frå Høgre, leiaren Peter Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Raudt, Seher Aydar, frå Venstre, Grunde Almeland, og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Lan Marie Nguyen Berg, viser til Riksrevisjonen si undersøking i Dokument 3:4 (2023–2024) Matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet.

Komiteen viser til at undersøkinga mellom anna har teke utgangspunkt i dei følgjande vedtaka og føresetnadene frå Stortinget:

  • årlege jordbruksforhandlingar og innstillingar som høyrer til perioden 1984–2023

  • Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken – Velkommen til bords, jf. Innst. 234 S (2011–2012)

  • Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling — En fremtidsrettet jordbruksproduksjon, jf. Innst. 251 S (2016–2017)

  • plan- og bygningsloven

  • jordlova

  • Meld. St. 10 (2016–2017) Risiko i et trygt samfunn, jf. Innst. 326 S (2016–2017).

Komiteen viser til at nasjonal mattryggleik byggjer på tre sentrale føresetnader: kontinuerleg nasjonal produksjon av mat, sikring av produksjonsgrunnlaget og eit velfungerande handelssystem. Mattryggleik inneber at befolkninga i Noreg til kvar tid skal ha fysisk og økonomisk tilgang på nok og trygg mat. Å ta i bruk landbruket sine ressursar over heile landet, sikre produksjonsgrunnlaget og leggje til rette for konkurransedyktige verdikjeder er nødvendig for å kunne produsere mat til eiga befolkning.

Komiteen viser til at næringskomiteen i Innst. 251 S (2016–2017) viste til at regjeringa i jordbruksmeldinga varsla at «kostnadseffektiv matproduksjon» skulle vere hovudformålet med jordbrukspolitikken i tråd med regjeringa si politiske plattform. Næringskomiteen støtta ikkje dette hovudformålet med jordbrukspolitikken, men såg ei kostnadseffektiv verdikjede for mat som eitt av fleire verkemiddel for å nå dei overordna måla. Komiteen viser til at næringskomiteen i Innst. 251 S (2016–2017) bad regjeringa leggje til grunn ein målstruktur for jordbrukspolitikken kor målet om mattryggleik og beredskap omfattar å sikre forbrukarane trygg mat, ein auka matvareberedskap, god dyre- og plantehelse og å satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane.

Komiteen viser til at Riksrevisjonen har undersøkt korleis dei sentrale føresetnadene som norsk mattryggleik byggjer på, vert sikra. Undersøkinga legg størst vekt på produksjonsleddet i verdikjeda for mat. Undersøkinga omfattar i hovudsak perioden 2000–2023, men enkelte analysar strekk seg tilbake til 1980- og 1990-talet.

Seksti prosent av all maten vi et, er enten importert eller produsert med importerte fôrråvarer til husdyrnæringa og oppdrettsnæringa. Difor er vi utsette for stor risiko viss tilgangen på importert mat og fôr/-råvarer av ulike årsaker skulle verte redusert.

Komiteen viser til Riksrevisjonen sine konklusjonar om at:

  • Mykje av maten er importert, men forvaltninga kjenner ikkje potensialet for å omstille verken produksjonen eller forbruket vårt i ein krisesituasjon.

  • Noreg kan verte meir sjølvforsynt med mat ved å auke kornproduksjonen, men dagens verkemiddel er ikkje tilstrekkelege for å oppnå auka produksjon.

  • Arealressursane i jordbruket vert ikkje forvalta på ein fullt ut berekraftig måte.

    • Dreneringsaktiviteten er lågare enn behovet, noko som svekkjer både produksjonsgrunnlaget og produktiviteten i jordbruket.

    • Betydelege jordbruksareal av god kvalitet vert bygde ned og omdisponerte, noko som svekkjer produksjonsgrunnlaget.

    • Det er svakheiter ved bruken av verkemidla som skal sikre dyrka og dyrkbar jord.

    • Store jordbruksareal av god kvalitet er ikkje i drift, og oppfølginga av driveplikta er svak.

  • Beredskapsplanlegginga på mattryggleiksområdet er mangelfull.

    • Styresmaktene overvaker kontinuerleg marknadene og verdikjedene for mat.

    • Styresmaktene har ikkje vurdert ulike hendingar som kan føre til vesentleg svikt i tilgangen på mat.

    • Styresmaktene manglar felles mål for beredskapsplanlegginga.

Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen sine konklusjonar.

Komiteen viser til at i behandlinga av jordbruksoppgjeret 2014 uttalte ein samla næringskomité at det er avgjerande at landbrukspolitikken som vert ført, gjev trygg og sikker mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og ei berekraftig næring. Det er mange faktorar som er med på å avgjere om næringa vert oppfatta som attraktiv, men gode inntektsmoglegheiter er det viktigaste verkemiddelet for å nå dei jordbrukspolitiske måla. Å skape grunnlag for tilstrekkeleg lønsemd, slik at kompetente utøvarar vil utnytte jordbruksressursane til produksjon av varer, tenester og fellesgode for samfunnet, er ei hovudutfordring i jordbrukspolitikken. Komiteen registrerer at undersøkinga viser at dei økonomiske overføringane til kornprodusentane er viktige for at produksjonen skal gje ein økonomisk gevinst, og for i det heile å oppretthalde produksjonen på dagens nivå. Samtidig viser undersøkinga at lønsemda i kornproduksjonen har falle over tid. Komiteen registrerer at etter Riksrevisjonen si vurdering er dagens økonomiske verkemiddel viktige for å oppretthalde produksjonen.

Komiteen viser til Riksrevisjonen sin kritikk om at:

  • Det er kritikkverdig at arealressursane i jordbruket ikkje vert forvalta på ein fullt ut berekraftig måte, mellom anna ved at betydelege jordbruksareal av god kvalitet vert omdisponerte og bygde ned.

  • Det er ikkje tilfredsstillande at Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet i dagens norske matvareberedskap ikkje har gjort betre førebuingar dersom det skulle oppstå vesentleg svikt i tilgangen på mat eller fôr.

Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen sin kritikk.

Komiteen viser til at Riksrevisjonen tilrår at:

  • Landbruks- og matdepartementet legg fram ei vurdering av kva for verkemiddel – både eksisterande og eventuelle nye – som kan bidra til å auke sjølvforsyninga, og som samstundes tek omsyn til forbrukarane sine preferansar og situasjonen i marknaden

  • Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet i samarbeid greier ut om verkemidla bør verte styrkte for å beskytte jordbruksareala

  • Landbruks- og matdepartementet systematisk overvakar utviklinga i dreneringsaktiviteten i jordbruket og legg fram ei vurdering av eventuelle andre verkemiddel for å auke omfanget av drenert jordbruksareal

  • Landbruks- og matdepartementet forsterkar oppfølginga av at driveplikta vert handheva, spesielt for drivverdig jordbruksareal av god kvalitet

  • Justis- og beredskapsdepartementet saman med Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet etablerer felles dimensjonerande planføresetnader for den norske mat- og forsyningsberedskapen

  • Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet i samarbeid utarbeider eit anslag for Noreg si sjølvforsyningsevne og greier ut korleis kosthaldet og matproduksjonen i jordbruket, havbruket og fiskeria ved behov kan omstillast ved kortvarige eller langvarige kriser

  • Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet i samarbeid gjennomfører ein risiko- og sårbarheitsanalyse av norsk matforsyning som òg omfattar ei vurdering av situasjonar med ein ikkje velfungerande internasjonal handel

Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen sine tilrådingar.

Komiteen viser til at planføresetnadene som gjaldt frå 1995 til 2012, fastsette eit felles nivå for beredskapen. Basert på planføresetnadene frå 1995 vart det utvikla dimensjonerande krav for matvareberedskapen til beredskapslagera. Instruksen frå 2012 oppheva dei tidlegare nasjonale føresetnadene for den sivile beredskapsplanlegginga. Felles planføresetnader er noko Nærings- og fiskeridepartementet har etterlyst over tid, utan at det per april 2023 hadde ført til endringar i departementa si samordning.

Komiteen viser til Riksrevisjonen si utsegn til statsrådane sine svar, der Riksrevisjonen merkar seg at statsrådane i Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet i all hovudsak er einige i funna og tilrådingane i undersøkinga, og at Riksrevisjonen registrerer at statsrådane i Justis- og beredskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har ulik tilnærming til korleis dei vil følgje opp tilrådingane om å etablere felles dimensjonerande planføresetnader.

Komiteen viser til at Riksrevisjonen i utsegna til statsrådane sine svar legg vekt på at matforsyninga er avhengig av ei rekke innsatsfaktorar innan fleire sektorar. Beredskapsplanlegginga krev etter Riksrevisjonen si vurdering god samordning for å sikre at beredskapstiltak fungerer effektivt. Riksrevisjonen viser til at Nærings- og fiskeridepartementet som hovudansvarleg departement for den kritiske samfunnsfunksjonen forsyningstryggleik, inkludert matvareforsyning, gjennom fleire år har etterlyst felles planføresetnader. Komiteen viser til at Riksrevisjonen held fast på tilrådinga om at Justis- og beredskapsdepartementet, saman med Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet, bør etablere felles dimensjonerande planføresetnader for den norske mat- og forsyningsberedskapen, og at Riksrevisjonen merkar seg at næringsministeren og fiskeri- og havministeren i liten grad gjer greie for korleis Riksrevisjonen sine tilrådingar vil verte følgde opp.

Komiteen viser til at Riksrevisjonen er einig med statsrådane i Nærings- og fiskeridepartementet i at sannsynet for at vi ikkje får importert nødvendige matvarer, er lav. Riksrevisjonen meiner likevel at det ikkje er motstrid mellom å leggje til grunn at vi kan importere varer, samstundes som vi har ein beredskap som tek omsyn til at føresetnader om velfungerande handel kan falle bort. Riksrevisjonen legg i utsegna til statsrådane sine svar vekt på at matvareberedskapen i Noreg byggjer på innsats frå fleire sektorar. For å etablere ei felles tilnærming til beredskap er det heilt sentralt at forvaltninga legg til grunn ei felles forståing av risiko og sårbarheitene i matvareforsyninga. Komiteen støttar Riksrevisjonen si utsegn til statsrådane sine svar og viser til utsegnene frå fleirtalet i næringskomiteen om at vi må vere forberedde på kriser kor handelssystemet i kortare eller lengre periodar ikkje fungerer optimalt.

Komiteen registrerer at Nærings- og fiskeridepartementet i sitt svarbrev opplyser at departementet like før framlegginga av riksrevisjonsrapporten fekk to rapportar om mattryggleik. Rapporten frå Menon Economics konkluderte med at 1) norsk produksjon av sjømat kan forsyne befolkninga med ein betydeleg andel av kaloribehovet og etter deira meining ein større andel enn det som vart anslått av Helsedirektoratet i 2022, 2) dette gjeld òg i alvorlege kriser der både tilgangen på fiskefelt og import av viktige innsatsfaktorar er svært avgrensa, 3) logistikk og frysekapasitet er ikkje bindande skrankar, så lenge ein har tilgang til straum og/eller drivstoff, 4) og at det er få juridiske bindingar som hindrar staten i å organisere samfunnet for maksimal produksjon av sjømat i ein krisesituasjon. Komiteen viser til at Riksrevisjonen i utsegna til statsrådane sine svar vurderer det som positivt at Nærings- og fiskeridepartementet nyleg har innhenta kunnskap om sårbarheita i dei globale forsyningskjedene for matvarer, og at slike analysar vil vere eit viktig grunnlag for å følgje opp Riksrevisjonen si tilråding om ein risiko- og sårbarheitsanalyse av norsk matforsyning.

Komiteen viser til at Riksrevisjonen legg vekt på at det er semje både i fagmiljøet og i forvaltninga om at potensialet for å utnytte dei samla matressursane og produksjonsgrunnlaget i Noreg, kan best illustrerast ved å berekne sjølvforsyningsevna vår. Sjølvforsyningsevna er summen av det norsk jordbruks- og fiskeri- og havbruksnæring er i stand til å produsere, relativt til det som trengst for å sikre at befolkninga overlever utan betydeleg tap av helse og velferd. Den mest heilskaplege analysen av sjølvforsyningsevna i Noreg vart gjort av Alstadheimutvalet i 1991. Det er ikkje definert noko mål for sjølvforsyningsevna i dag. Komiteen støttar Riksrevisjonen i at sjølvforsyningsevne bør nyttast for å vurdere korleis Noreg vil vere rusta til å handtere ein eventuell krisesituasjon, og at forvaltninga burde ha sikra seg eit fagleg grunnlag for å kunne ta stilling til kva for sjølvforsyningsevne vi har i dag. Eit slikt fagleg grunnlag bør omfatte ein heilskapleg analyse av potensialet som føreligg når det gjeld både produksjon og forbruk. Komiteen viser til at næringskomiteen i Innst. 251 S (2016–2017) presiserte at målet om mattryggleik skal omfatte både mattryggleik og beredskap, og at utgangspunktet for matproduksjonen er arealressursane. Difor må forvaltninga av dei ha eit evig perspektiv. Eit aktivt landbruk basert på lokale ressursar er avgjerande for å ha kunnskap og utstyr til å styrke mattryggleiken.

Komiteen viser til at Totalberedskapskommisjonen i NOU 2023:17 har peika på at det er behov for å vere meir robust med tanke på lagring av kritiske innsatsfaktorar og auka eigenberedskap. Kommisjonen har mellom anna anbefalt å sikre naudsynte lager av kritiske innsatsfaktorar til matproduksjon og å avklare det samla potensialet for å leggje om produksjon innanfor landbruk, havbruk og fiskeria og kosthald på kort og lang sikt ved forsyningskriser. Komiteen er nøgd med at regjeringa ser oppfølginga av Riksrevisjonen sine tilrådingar og oppfølginga av Totalberedskapskommisjonen sin rapport i samanheng.