Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Jone Blikra, Tom Einar Karlsen og Marte Mjøs Persen,
frå Høgre, Liv Kari Eskeland, Trond Helleland og Erlend Larsen,
frå Senterpartiet, leiaren Sigbjørn Gjelsvik, Geir Adelsten Iversen
og Geir Inge Lien, frå Framstegspartiet, Morten Stordalen og Frank
Edvard Sve, frå Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, og frå Venstre,
André N. Skjelstad, viser til Prop. 27 S (2023–2024) frå Samferdselsdepartementet,
der det blir gjort greie for fleire endringsbehov for statsbudsjettet 2023. Komiteen viser også til relevante kapittel innanfor
komiteen sitt ansvarsområde i Prop. 22 S (2023–2024) frå Kommunal-
og distriktsdepartementet og i Prop. 25 S (2023–2024) frå Nærings-
og fiskeridepartementet.
Komiteen viser videre
til komiteen si handsaming av statsbudsjettet 2023 i Prop. 1 S (2022–2023)
og dei respektive partia sine merknader i Innst. 13 S (2022–2023)
og Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett for 2023,
jf. Innst. 490 S (2022–2023).
Når det gjeld kapittel og postar som ikkje er
omtala nedanfor, har komiteen ingen
merknader og sluttar seg til dei framlagte forslaga i proposisjonane.