Komiteen behandlar
i denne innstillinga forslag til endringar av løyvingane i statsbudsjettet
for 2023 på rammeområde 16 Utdanning og forsking. Dette omfattar
alle endringar Kunnskapsdepartementet foreslår i Prop. 20 S (2023–2024).
Vidare blir forslaga til Landbruks- og matdepartementet
i Prop. 24 S (2023–2024) om endringar under kap. 1137 behandla.
Dei andre forslaga i Prop. 24 S (2023–2024) blir behandla av næringskomiteen.
I innstillinga blir også forslaga til Nærings-
og fiskeridepartementet i Prop. 25 S (2023–2024) om endringar under
kap. 920, 923, 926, 3923 og 3926 behandla. Dei andre forslaga i
Prop. 25 S (2023–2024) blir i hovudsak behandla av næringskomiteen,
med unntak av enkelte kapittel som blir behandla av transport- og
kommunikasjonskomiteen, energi- og miljøkomiteen og arbeids- og
sosialkomiteen.