Søk

Bakgrunn

Komiteen behandlar i denne innstillinga forslag til endringar av løyvingane i statsbudsjettet for 2023 på rammeområde 16 Utdanning og forsking. Dette omfattar alle endringar Kunnskapsdepartementet foreslår i Prop. 20 S (2023–2024).

Vidare blir forslaga til Landbruks- og matdepartementet i Prop. 24 S (2023–2024) om endringar under kap. 1137 behandla. Dei andre forslaga i Prop. 24 S (2023–2024) blir behandla av næringskomiteen.

I innstillinga blir også forslaga til Nærings- og fiskeridepartementet i Prop. 25 S (2023–2024) om endringar under kap. 920, 923, 926, 3923 og 3926 behandla. Dei andre forslaga i Prop. 25 S (2023–2024) blir i hovudsak behandla av næringskomiteen, med unntak av enkelte kapittel som blir behandla av transport- og kommunikasjonskomiteen, energi- og miljøkomiteen og arbeids- og sosialkomiteen.