Søk

Sammendrag

I denne proposisjonen foreslår regjeringa naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2023. Det er til saman identifisert om lag 2 mrd. kroner i auka utgifter i forsvarssektoren. Om lag 1,8 mrd. kroner av desse utgiftene er knytt til auka pensjonspremie samt drivstoff- og valutaprisar. Regjeringa foreslår ein eingangsauke i den generelle driftsløyvinga til Forsvaret på 900 mill. kroner for å oppretthalde forsvarsevna og ambisjonane i inneverande langtidsplan. Samstundes foreslår regjeringa ei auke på om lag 213 mill. kroner knytte til utbetalingar til NATO, valutajustering i store materiellprosjekt, Forsvarets bistand til Utenriksdepartementet, og utbetringar etter uveret Hans. Regjeringa foreslår òg tekniske endringar og overføringar til og frå andre departement. Andre auka utgifter i forsvarssektoren vert foreslått dekka gjennom omprioritering frå investering til drift.

Samstundes iverksett Forsvaret tiltak med låg operativ konsekvens for å bidra til å handtere delar av utgiftene, derunder mindre reduksjonar i gjenståande aktivitetar i 2023 for Forsvarets sanitet, Hæren, Sjøforsvaret og Kystvakta. Mindreutgifter og ikkje budsjetterte meirinntekter utan ein motsvarande utgiftsside er foreslått nytta til å balansera sektoren sine utgifter. Sjå omtale under dei einskilde budsjettkapitla.

Reduksjonar på investeringsbudsjettet i det omfanget som er naudsynt for å dekkja utgiftene vil kunne handterast innanfor forsvarsbudsjettet i 2023. På middels og lengre sikt kan reduksjonen få konsekvensar for evna til gjere nye investeringar og møta behov for endringar i eksisterande prosjekt.

Gjennom behandlinga av Innst. 7 S (2022–2023) til Prop. 1 S (2022–2023) løyva Stortinget 1 mrd. kroner til militær støtte til Ukraina. Gjennom behandlinga av Innst. 218 S (2022–2023) til Prop. 44 S (2022–2023) og etableringa av Nansen-programmet for Ukraina vart ramma for militær støtte til Ukraina auka med 7,5 mrd. kroner. Regjeringa har seinare beslutta å utvide ramma i Nansen-programmet med ytterlegare 2,5 mrd. kroner i 2023, mot ein motsvarande reduksjon i seinare år. Dette for å leggja til rette for naudsynt støtte i 2023, slik det vart omtalt i Prop. 1 S (2023–2024). Nansen-programmet har verketid frå 2023 til 2027, og har ei samla økonomisk ramme på 75 mrd. kroner til både sivil og militær innsats.

Grunnlaget for omgrupperinga er saldert budsjett for 2023, midlar overførte frå 2022 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er også teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2023. Totalt utgjer omgrupperinga for 2023 ein foreslått auke i løyvinga til utgifter for Forsvarsdepartementet på 861,168 mill. kroner og ein foreslått auke i inntektsramma på 194,219 mill. kroner.