Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Regjeringa slår i meldinga fast at ei aldrande befolkning er ei av dei viktigaste samfunnsendringane Norge står overfor, og presenterer i meldinga retning og rammer for utviklinga av eit meir alders- og demensvennleg samfunn.
Dei overordna måla med reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. Bu trygt heime-reforma legg til grunn at staten skal samle innsats og verkemiddel på tvers av samfunnssektorane. Stortingsmeldinga er delt inn i fire innsatsområde:
Levande lokalsamfunn (omtala i meldingas kapittel 3)
Bustadstilpassing og -planlegging (omtala i meldingas kapittel 4)
Kompetente og myndiggjorde medarbeidarar (omtala i meldingas kapittel 5)
Tryggleik for brukarar og støtte til pårørande (omtala i meldingas kapittel 6)
Stortingsmeldinga blir fremma av Helse- og omsorgsdepartementet, men er utarbeidd og skal bli følgt opp i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Samferdelsdepartementet.
Gjennomføringa av reforma skal skje innanfor dei budsjettrammene som til kvar tid gjeld for kommunane, helseføretaka, departementa og dei underliggande etatane til departementa.