Regjeringa slår i meldinga fast at ei aldrande
befolkning er ei av dei viktigaste samfunnsendringane Norge står
overfor, og presenterer i meldinga retning og rammer for utviklinga
av eit meir alders- og demensvennleg samfunn.
Dei overordna måla med reforma er å bidra til
at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester
blir utsett gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir
målretta tenester. Bu trygt heime-reforma legg til grunn at staten
skal samle innsats og verkemiddel på tvers av samfunnssektorane. Stortingsmeldinga
er delt inn i fire innsatsområde:
-
Levande lokalsamfunn
(omtala i meldingas kapittel 3)
-
Bustadstilpassing og -planlegging (omtala
i meldingas kapittel 4)
-
Kompetente og myndiggjorde medarbeidarar (omtala
i meldingas kapittel 5)
-
Tryggleik for brukarar og støtte til pårørande (omtala
i meldingas kapittel 6)
Stortingsmeldinga blir fremma av
Helse- og omsorgsdepartementet, men er utarbeidd og skal bli følgt opp
i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kommunal-
og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet,
Kunnskapsdepartementet og Samferdelsdepartementet.
Gjennomføringa av reforma skal skje innanfor
dei budsjettrammene som til kvar tid gjeld for kommunane, helseføretaka,
departementa og dei underliggande etatane til departementa.