Kapittel 6: Vi vil styrkje desentraliserte og fleksible
utdanningstilbod og sikre tilgang på relevant utdanning og arbeidskraft
Det blir i meldinga vist til at arbeidskraft
med rett kompetanse er ein føresetnad for utvikling og verdiskaping
i alle lokalsamfunn. Eit desentralisert og fleksibelt utdanningstilbod
er viktig for å halde oppe busetnaden i distrikta. Tilpassa utdanning
der folk bur, tilgang på læreplassar, betre kopling mellom tilbod
og etterspurnad av kompetanse, og eit inkluderande arbeidsliv, er
også viktig for å utvikle velfungerande arbeidsmarknader.
Regjeringa vil leggje til rette for fleksibel
utdanning i heile landet, slik at utdanning og opplæring skal vere tilgjengeleg
for alle. Regjeringa meiner det er viktig med ein større heilskap
i kompetanse- og utdanningspolitikken. Målet er eit utdanningssystem
som er endå betre tilpassa etterspurnaden etter kompetanse, både
frå arbeidslivet og frå dei som søkjer utdanning. Regjeringa vil
gjennom dimensjoneringa av utdanningssystemet prioritere kompetanse
som er naudsynt for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv,
for å kunne tilby gode velferdstenester i heile landet og for å
gjennomføre det grøne skiftet. Regjeringa vil fylgje opp helsefagutdanninga
og vurdere tilrådingane frå Helsepersonellkommisjonen i arbeidet
med stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane, som blir lagd fram
våren 2024.
Regjeringa endrar og forenklar finansieringssystemet
for universiteta og høgskulane, slik at dei betre kan gjennomføre
det breie samfunnsoppdraget og dei samla prioriteringane frå regjeringa,
og for effektivt å leggje til rette for høg kvalitet i sektoren.
Regjeringa vil møte lærarmangelen med ei brei
satsing på å rekruttere, utdanne og halde på kvalifiserte lærarar.
Regjeringa la våren 2023 fram ei stortingsmelding om samisk språk,
kultur og samfunnsliv. For 2023 har regjeringa gjeve lovnad om tilskot
til Sametinget på 6,6 mill. kroner for å styrkje kompetansen i samiske
barnehagetilbod, og auka tilskotet til opplæring i samisk språk
i grunnopplæringa med 17,5 mill. kroner.
Regjeringa har løyvd om lag 460 mill. kroner
til arbeidet med kvalifisering og formidling til læreplass. Gjennom
samfunnskontrakt for fleire læreplassar vert det utvikla eit systematisk
samarbeid mellom partane i arbeidslivet, fylkeskommunane og nasjonale
styresmakter med mål om å rekruttere fleire læreverksemder og styrkje
det lokale arbeidet for læreplassar.
Regjeringa vil auke satsinga på å få fleire
i arbeid. For å motverke at ungdom og unge vaksne fell utanfor skule og
arbeidsliv, vil regjeringa leggje til rette for betre samordning
av helsetenester, arbeidsretta tenester og utdanningssystemet. Regjeringa
vil også sørgje for eit meir fleksibelt utdanningssystem for vaksne
som treng vidaregåande opplæring, noko som vil gjere det mogleg
for fleire Nav-brukarar å kvalifisere seg.
Regjeringa vil vidareføre måla og den geografiske avgrensinga
for tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms og prioritere tiltak
retta mot barnefamiliar og unge vaksne. Regjeringa har innført gratis
barnehage i sona, og i 2023 er ordninga med gjeldslette av utdanningslån
i tiltakssona styrkt. Dette skal medverke til auka rekruttering
og tilflytting av unge vaksne og barnefamiliar.
Regjeringa vil vurdere korleis ein betre kan
dimensjonere og leggje til rette for utdannings- og kompetansetilbod
innanfor yrkesgrupper der etterspurnaden etter kompetent arbeidskraft
er særleg kritisk, mellom anna i Aust-Finnmark. Regjeringa vil vurdere
tiltak for å auke talet på praksisplassar for helse- og sosialfagstudentar
i distriktskommunar og tiltak for å auke rekrutteringa til lærarutdanningane,
særleg i nord. Regjeringa vil vurdere om det er behov for særskilde
tiltak for at fleire elevar skal fullføre vidaregåande skule, og
om det er tilstrekkeleg fleksibilitet i regelverket for vidaregåande
opplæring til å sikre ulike regionale behov, til dømes i område
der det er få ungdomar og store avstandar.