1.2.1 Fleire studentar fullfører på normert tid, men det er framleis mange som bruker lang tid på studia
Studiegjennomføringa er ein viktig dimensjon
ved kvaliteten i høgare utdanning. Ved behandlinga av Riksrevisjonens
førre rapport om studiegjennomføringa i høgare utdanning, Dokument
3:8 (2014–2015), uttalte kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst.
35 S (2015–2016) at svak gjennomføring er uheldig og fører til eit stort
ressurstap for samfunnet, utdanningsinstitusjonane og kvar enkelt
student. Samstundes trekte komiteen fram at det er eit gode at studium
kan kombinerast med ulike livssituasjonar.
Undersøkinga viser at det i
tida etter Riksrevisjonens rapport har vore lite endring i kor mange
studiepoeng kvar student i gjennomsnitt oppnår per studieår.
I 2022 produserte kvar student, omrekna til
heiltidsekvivalentar, i gjennomsnitt 46,7 studiepoeng, som er 1,4
studiepoeng meir enn i 2013. Vel halvparten av den gjennomsnittlege
auken i studiepoeng (0,8) kom i perioden 2013–2019. I pandemiåra
2020–2021 var den gjennomsnittlege auken i studiepoeng like stor.
Derimot var det ein reduksjon på 0,2 studiepoeng i 2022. Det er
for tidleg å seie om dette er byrjinga på ei justering tilbake til
nivået før pandemien. I perioden 2013–2022 har auken vore størst
ved universiteta, med 3,3 studiepoeng.
Undersøkinga viser likevel at det har vore ein
tydeleg auke i andelen studentar som fullfører bachelorgraden og
mastergraden på normert tid.
Våren 2022 fullførte 56 pst. av bachelorstudentane
i opptakskullet 2019 på normert tid. Det er 14 prosentpoeng fleire
enn i 2013, og ein auke på 2 prosentpoeng frå året før. I perioden
frå våren 2013 til våren 2022 auka også andelen studentar ved toårige
masterprogram som blei ferdige på normert tid, frå 43 til 56 pst.
– ein auke på 13 prosentpoeng. I pandemiåra 2020–2021 var det framleis
ein auke i andelen bachelorstudentar som fullførte på normert tid.
Masterstudentane hadde ikkje ei like eintydig utvikling i denne
perioden. Det betyr at det framleis er 44 pst. av studentane som
ikkje fullfører på normert tid.
Andelen som fullfører eitt eller to år etter
normert tid, har også auka. Med eitt år ekstra aukar gjennomføringa
av bachelorgraden for 2018-kullet frå 54 pst. til 63 pst. For studentane
ved toårige masterprogram auka gjennomføringa for 2019-kullet frå
57 pst. til 73 pst. med eitt år ekstra. Samanlikna med andre OECD-land
er studiegjennomføringa i Noreg god. Det er likevel framleis ein
stor andel studentar som bruker meir tid enn normert.
Dei fleste studentane som avbryt høgare utdanning før
dei har fullført ein grad, gjer det tidleg i studia. Andelen studentar
som fell frå, er redusert. Blant bachelorstudentane som starta i
2019, har 56 pst. fullført på normert tid, 23 pst. falle frå og
22 pst. studerer framleis. Undersøkingar av 2012-kullet viser at
27 pst. av dei som har avbrote studia, fullførte ein grad i høgare
utdanning i løpet av åtte år. Det betyr at ein god del av studentane
som startar høgare utdanning, ikkje fullfører ein grad.
Det er mange forhold som påverkar studiegjennomføringa.
Forsking viser at mellom anna grunnskulepoenga, økonomien, livsfasen
og helsesituasjonen til studentane speler inn. Meir enn 6 av 10
heiltidsstudentar er i jobb, og i gjennomsnitt jobbar dei 9,4 timar
i veka. Undersøkinga viser at institusjonane har stor merksemd mot
studiegjennomføring, og at dei mellom anna har tiltak for å
-
integrere nye studentar
fagleg og sosialt tidleg, som oppstartsseminar, forventningsavklaringar
og sosiale møteplassar
-
følgje opp studentar som er forseinka i
studia, særleg gjennom studierettleiarane
-
vidareutvikle kvaliteten i studieprogramma
I UTFOR-prosjektet ved Universitetet
i Oslo tok dei utgangspunkta i mellom anna svake gjennomføringstal i
introduksjonsemna. Frå tradisjonelle førelesingar og sensur av skuleeksamenar
blei undervisninga flytta over til mindre grupper med læringsassistentar.
Det blei også lagt meir vekt på tilbakemeldingar og vurderingar av
mappe- og heimeeksamen. Det resulterte i at studentane opplevde
at dei fekk meir undervisning enn før, og dessutan at dei opplevde
å kome tettare på undervisaren.
Tilbakemeldinga frå institusjonane
viser at dei ser arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten i studieprogramma
som viktig for å betre studiegjennomføringa. Det gjeld mellom anna
korleis studieprogrammet er organisert dei første semestera, men
også undervisnings-, lærings- og vurderingsformer gjennomgåande
i studieprogramma. For at dei skal kunne betre studiegjennomføringa
ytterlegare, er det etter Riksrevisjonens vurdering avgjerande at
institusjonane er merksame på samanhengen mellom studiegjennomføring
og kvaliteten i studieprogramma.