Innstilling fra finanskomiteen om Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og forskotteringsloven (behovsprøving av bidragsforskott)

Til Stortinget

1. Innledning

1.1 Sammendrag

I dette reviderte budsjettet foreslår regjeringa enkelte endringar i skatte- og avgiftsreglane. Følgjande framlegg til endringar i skatte- og avgiftsreglane har provenyverknad for 2023:

  • Å redusere skatten på pensjon slik at dei med låge pensjonar får redusert skatt i 2023. Framlegget vert rekna å redusere provenyet med om lag 1 375 mill. kroner påløpt i 2023. Provenytapet vert bokført i 2024.

  • Å auke satsen for skattefri dekking av kost for langtransportsjåførar og for pendlar- og yrkesopphald på brakker mv. Satsendringane vil gjelde frå 1. september 2023. Framlegget vert rekna å redusere provenyet med om lag 40 mill. kroner i heilårsverknad og 5 mill. kroner bokført i 2023.

Regjeringa tek sikte på å setje i verk fritaket for elavgift for eigenprodusert fornybar kraft frå 1. oktober med ei avgrensing til anlegg med installert effekt på inntil 1 000 kW per eigedom. Iverksetjinga vil gje eit provenytap på om lag 4 mill. kroner påløpt og 0 kroner bokført i 2023. Heilårsverknaden er eit provenytap på 16 mill. kroner. I tillegg vert budsjetteringa endra som følgje av utsett iverksetjing av differensierte satsar i avgifta på forbrenning av avfall fordi regelverksprosessen i EU har teke meir tid enn lagt til grunn i haust. Utsetjinga vil redusere provenyet med om lag 80 mill. kroner påløpt og bokført i 2023. Det vert synt til framlegg til løyvingsvedtak i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.

Etter saldert budsjett har regjeringa foreslått endringar som krev løyvingsvedtak for 2023. Det gjeld framlegg i Prop. 30 L (2022–2023) om å innføre ein særregel for formuesverdsetjing av oppdrettsløyve i ikkje-børsnoterte selskap for inntektsåret 2022, og fremlegg i Prop. 78 LS (2022–2023) om å auke avgifta på produksjon av laks, aure og regnbogeaure og å innføre ein verdsetjingsrabatt for akvakulturløyve i formuesskatten. Det vert synt til framlegg til løyvingsvedtak i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.

Samla vert nye framlegg til endringar i skattar og avgifter rekna å redusere provenyet med om lag 1 490 mill. kroner påløpt og om lag 275 mill. kroner bokført i 2023 samanlikna med saldert budsjett for 2023. Heilårsverknaden av framlegga er eit provenytap på 1 420 mill. kroner. I tillegg inneber utsett ikraftsetjing av grunnrenteskatten for landbasert vindkraft at bokført provenyverknad av forslaget vert forskyvd frå 2024 til 2025. Departementet vil kome attende til dette til hausten. Dette påverkar ikkje bokført proveny i 2023.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Produktavgifta i fiskerinæringa vert redusert til 1,9 pst. frå 1. juli 2023.

  • Endring i skattebetalingsloven slik at avgifter og eventuell tollavgift på varer med verdi under 3 000 kroner som vert deklarerte ved bruk av ordninga for samlefortolling, kan betalast den 18. i månaden etter at varen vart deklarert.

Vidare foreslår regjeringa enkelte endringar som ikkje gjeld skatt og avgift:

  • Endringar i forskotteringsloven om å heve inntektsgrensene.

Det vert òg vist til følgjande saker som er omtalte i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2022–2023) Revidert nasjonalbudsjett 2023:

  • NOU 2022:20 Et helhetlig skattesystem

  • Meirverdiavgift for elektroniske aviser – oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 120 (2022–2023)

I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om:

  • lov om endring i petroleumsskatteloven

  • lov om endringar i forskotteringsloven

  • lov om endringar i skatteloven

  • lov om endringar i skattebetalingsloven

  • lov om oppheving av lov 15. desember 2006 nr. 85 om endringer i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav

  • lov om endringar i merverdiavgiftsloven

  • lov om endring i folkeregisterloven

  • lov om endringar i vareførselsloven

  • lov om endringar i tollavgiftsloven

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om om skatt av inntekt og formue mv. for inntektsåret 2023 (Stortingets skattevedtak)

  • vedtak om endring i stortingsvedtak om produktavgift til folketrygda for fiskeri, kval- og selfangstnæringane

1.2 Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Lise Christoffersen, Frode Jacobsen, lederen Eigil Knutsen, Sigurd Myrvoll, Tellef Inge Mørland og Gaute Børstad Skjervø, fra Høyre, Mahmoud Farahmand, Irene Heng Lauvsnes, Heidi Nordby Lunde og Helge Orten, fra Senterpartiet, Kjerstin Wøyen Funderud, Geir Pollestad og Per Martin Sandtrøen, fra Fremskrittspartiet, Hans Andreas Limi og Roy Steffensen, fra Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, fra Rødt, Marie Sneve Martinussen, fra Venstre, Sveinung Rotevatn, fra Miljøpartiet De Grønne, Lan Marie Nguyen Berg, og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, viser til at regjeringens vurderinger og forslag er nærmere omtalt i Prop. 117 LS (2022–2023). Ellers vises det til merknader knyttet til hvert kapittel nedenfor i denne innstillingen, og til merknader i Innst. 490 S (2022–2023).

Komiteen viser videre til brev av 31. mai 2023 fra finansministeren om korrigering av feil/unøyaktigheter i Prop. 117 LS (2022–2023), som følger vedlagt denne innstillingen.

2. Pensjonsskattereglene

Endringer i pensjonsskattereglene behandles i Innst. 490 S (2022–2023).

3. Kostsatser for pendlere mv. og for langtransportsjåfører

Økte kostsatser for pendlere og langtransportsjåfører behandles i Innst. 490 S (2022–2023).

4. Produktavgiften i fiskerinæringen

Produktavgiften i fiskerinæringen behandles i Innst. 490 S (2022–2023).

5. VOEC-ordningen og skattebetalingsloven

5.1 Sammendrag

Eit framlegg om endringar i tollavgifts-, vareførsels- og skattebetalingsregelverket for å leggje til rette for å avvikle det mellombelse deklareringsunntaket for varer med verdi under 350 kroner har vore på høyring. Føremålet med framlegget i høyringa var å leggje til rette for ein auka del av korrekt merkte VOEC-sendingar og å forenkle prosessen med å deklarere dei varene som ikkje er merkte med VOEC-nummer. I sum vil tiltaka leggje til rette for at det mellombelse deklareringsunntaket for varer med verdi under 350 kroner kan avviklast.

Høyringsinstansane er i det vesentlege positive til avviklinga av det mellombelse deklareringsunntaket for varer med verdi under 350 kroner, tiltaka for å leggje til rette for ein auka del av korrekt merkte VOEC-sendingar og å forenkle deklareringsprosessen for varene som ikkje er merkte med eit VOEC-nummer. Ingen av høyringsinstansane har gått imot framlegget i høyringsnotatet om ei ny månadleg betalingsordning for varer under 3 000 kroner som vert tollbehandla av speditørar mv. i ein samledeklarasjon.

Departementet gjer framlegg om endringar i skattebetalingsloven slik at avgifter og eventuell tollavgift på varer med verdi under 3 000 kroner som vert deklarerte ved bruk av ordninga for samlefortolling, kan betalast den 18. i månaden etter at varen vart deklarert. I dag må tollavgift og andre avgifter på varer som vert samlefortolla, betalast dagen etter at varen vart deklarert, gjennom den såkalla dagsoppgjersordninga, jf. skattebetalingsloven §§ 10-41 og 14-20.

Departementet syner til framlegg til endringar i skattebetalingsloven § 10-41 fyrste og andre ledd og § 14-20 overskrifta og andre ledd. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå 1. januar 2024.

5.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.

6. Prioritet for skatte- og avgiftskrav ved rekonstruksjon

Prioritet for skatte- og avgiftskrav ved rekonstruksjon behandles i Innst. 490 S (2022–2023).

7. Fritak for elavgift ved deling av lokal energiproduksjon

Fritak for elavgift ved deling av lokal energiproduksjon behandles i Innst. 490 S (2022–2023).

8. Grunnrenteskatt på landbasert vindkraft

Grunnrenteskatt på landbasert vindkraft behandles i Innst. 490 S (2022–2023).

9. Opprettinger og presiseringer m.m.

9.1 Sammendrag

Petroleumsskatteloven § 11 femte ledd, skatteloven §§ 4-3 fyrste ledd bokstav e, 5-31, 14-42, 14-44, 12-11 og 16-22, skattebetalingsloven §§ 10-1 fyrste ledd, 10-51 tredje ledd, 10-41 tredje ledd og 14-10 fyrste ledd, lov 15. desember 2006 nr. 85 om endringer i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav, merverdiavgiftsloven §§ 4-12 andre ledd, 9-1 andre ledd, 10-7 andre ledd og 14-1 andre og tredje ledd, folkeregisterloven § 1-3, vareførselsloven §§ 1-4 andre ledd, 6-8 andre ledd, 7-15 tredje ledd, 9-1 tredje ledd, 12-2 fyrste ledd bokstav a, b og d og 12-7, samt tollavgiftsloven § 8-1 andre ledd og § 11-4 er omtalte i proposisjonen.

9.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.

10. Forskotteringsloven

10.1 Sammendrag

Det tidlegare særfrådraget for einslege forsørgjarar i skattesystemet vart avvikla med verknad frå 1. mars 2023, samstundes som den utvida barnetrygda etter lov 8. mars 2002 nr. 2 om barnetrygd (barnetrygdloven) auka med eit beløp tilsvarande maksimal skatteverdi av særfrådraget i 2022. Bakgrunnen for omlegginga var å forenkle støtta til einslege forsørgjarar ved å flytte støtta frå skattesystemet til trygdesystemet, sjå Prop. 1 LS (2022–2023), punkt 3.2. Departementet la til grunn for endringa at ingen mottakarar av utvida barnetrygd ville kome dårlegare ut som følgje av omlegginga samanlikna med i 2022, sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet, Programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2023 òg å gje ein ekstra auke i utvida barnetrygd på 5 000 kroner i året og å prisjustere alle barnetrygdsatsane. Denne ekstra auken skulle styrkje den økonomiske situasjonen for einslege forsørgjarar i ei tid med høg prisstiging og kostnadsvekst.

Satsen for utvida barnetrygd auka frå 1 054 kroner i månaden til 2 489 kroner i månaden, gjeldande frå mars 2023, som følgje av desse tre endringane.

I samband med at saker med utbetaling av bidragsforskot etter lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven), vart revurderte i Arbeids- og velferdsetaten (Nav) i mars 2023, vart det klart at ein del mottakarar av den behovsprøvde ytinga bidragsforskot mista retten til forskotet eller fekk forskotet redusert, fordi den samla auken i utvida barnetrygd gjorde at inntekta auka. Utvida barnetrygd er ein del av inntektsgrunnlaget ved behovsprøvinga av forskot, og auken i utvida barnetrygd påverka behovsprøvinga av om, og med kva sats, forskotet skulle utbetalast. I tillegg har verdien av særfrådraget ved ein inkurie over tid ikkje vore teken omsyn til ved behovsprøvinga, noko som òg har gjeve utslag når denne støtta no inngår i den auka utvida barnetrygda. Førebelse tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at auken i den utvida barnetrygda har vore utslagsgjevande i 1 490 saker som råkar 1 810 barn. Av desse 1 490 sakene har 957 barn mista forskotet, og for 843 barn er forskotet redusert.

Regjeringa foreslår på denne bakgrunnen endringar i forskotteringsloven slik at einslege forsørgjarar ikkje mistar eller får forskotet redusert som følgje av auken i utvida barnetrygd i 2023. Framlegget har ikkje vore på offentleg høyring. Endringane vil tre i kraft frå 1. juli 2023.

Gjeldande rett, Barne- og familiedepartementet si vurdering og framlegg, konsekvensar av forslaget, overgangsreglar og ikraftsetjing og merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget er omtalte i proposisjonen.

10.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.

11. Andre merknader og forslag

Komiteens medlem fra Rødt mener det er urettferdig å legge opp til en politikk som begrenser muligheten til å iverksette tiltak som bedrer situasjonen til vanlige folk, av hensyn til et høyt press i økonomien. Dette medlem mener snarere det er riktig å øke skattene for aksjeeiere og personer med svært dyre boliger, slik at det skapes et økonomisk handlingsrom for tiltak som bedrer kjøpekraften og levestandarden til brede lag av befolkningen.

Dette medlem viser til egne merknader og forslag til tiltak i Innst. 490 S (2022–2023) og fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«I

I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt gjøres følgende endringer:

§ 4-10 annet ledd tredje punktum skal lyde:

Prosentandelen skal likevel være 100 for den delen av den beregnede eller dokumenterte omsetningsverdien som overstiger 10 000 000 kroner.

§ 4-10 syvende ledd skal lyde:

(7) Verdien av næringseiendom settes til eiendommens beregnede utleieverdi. Verdsetting etter første punktum kan foretas ved bruk av differensierte kvadratmetersatser. Hvis skattyter krever det, skal verdien settes ned til eiendommens dokumenterte omsetningsverdi.

§ 4-12 første til tredje og femte og sjette ledd skal lyde:

(1) Børsnotert aksje verdsettes i alminnelighet til kursverdien 1. januar i skattefastsettingsåret.

(2) Ikke-børsnotert aksje verdsettes til aksjens forholdsmessige andel av aksjeselskapets eller allmennaksjeselskapets samlede skattemessige formuesverdi 1. januar året før skattefastsettingsåret fordelt etter pålydende.

(3) Ikke-børsnotert aksje i utenlandsk selskap verdsettes til aksjens antatte salgsverdi 1. januar i skattefastsettingsåret. Aksjen skal verdsettes etter annet ledd når skattyteren krever dette og kan sannsynliggjøre selskapets skattemessige formuesverdi

(5) Egenkapitalbevis i sparebank, gjensidig forsikringsselskap, kreditt- og hypotekforening og selveiende finansieringsforetak verdsettes til kursverdien 1. januar i skattefastsettingsåret. Er kursen ikke notert eller kjent, settes verdien til den antatte salgsverdi.

(6) Andel i verdipapirfond verdsettes til andelsverdien 1. januar i skattefastsettingsåret. Aksjeandel i verdipapirfond, jf. skatteloven § 10-20, verdsettes til aksjeandelens verdi.

§ 4-17 andre ledd skal lyde:

(2) Driftsmidler, unntatt eiendom som nevnt i skatteloven § 4-10 tredje og syvende ledd, verdsettes til skattemessig formuesverdi.

§ 4-40 tredje punktum skal lyde:

Verdien av deltakerens selskapsandel settes til andelen av nettoformuen beregnet etter denne paragraf.

II

Endringene under I trer i kraft straks med virkning fra og med inntektsåret 2023.»

12. Forslag fra mindretall

Forslag fra Rødt:
Forslag 1

I

I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt gjøres følgende endringer:

§ 4-10 annet ledd tredje punktum skal lyde:

Prosentandelen skal likevel være 100 for den delen av den beregnede eller dokumenterte omsetningsverdien som overstiger 10 000 000 kroner.

§ 4-10 syvende ledd skal lyde:

(7) Verdien av næringseiendom settes til eiendommens beregnede utleieverdi. Verdsetting etter første punktum kan foretas ved bruk av differensierte kvadratmetersatser. Hvis skattyter krever det, skal verdien settes ned til eiendommens dokumenterte omsetningsverdi.

§ 4-12 første til tredje og femte og sjette ledd skal lyde:

(1) Børsnotert aksje verdsettes i alminnelighet til kursverdien 1. januar i skattefastsettingsåret.

(2) Ikke-børsnotert aksje verdsettes til aksjens forholdsmessige andel av aksjeselskapets eller allmennaksjeselskapets samlede skattemessige formuesverdi 1. januar året før skattefastsettingsåret fordelt etter pålydende.

(3) Ikke-børsnotert aksje i utenlandsk selskap verdsettes til aksjens antatte salgsverdi 1. januar i skattefastsettingsåret. Aksjen skal verdsettes etter annet ledd når skattyteren krever dette og kan sannsynliggjøre selskapets skattemessige formuesverdi

(5) Egenkapitalbevis i sparebank, gjensidig forsikringsselskap, kreditt- og hypotekforening og selveiende finansieringsforetak verdsettes til kursverdien 1. januar i skattefastsettingsåret. Er kursen ikke notert eller kjent, settes verdien til den antatte salgsverdi.

(6) Andel i verdipapirfond verdsettes til andelsverdien 1. januar i skattefastsettingsåret. Aksjeandel i verdipapirfond, jf. skatteloven § 10-20, verdsettes til aksjeandelens verdi.

§ 4-17 andre ledd skal lyde:

(2) Driftsmidler, unntatt eiendom som nevnt i skatteloven § 4-10 tredje og syvende ledd, verdsettes til skattemessig formuesverdi.

§ 4-40 tredje punktum skal lyde:

Verdien av deltakerens selskapsandel settes til andelen av nettoformuen beregnet etter denne paragraf.

II

Endringene under I trer i kraft straks med virkning fra og med inntektsåret 2023.

13. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:
A.
Vedtak til lov

om endring i petroleumsskatteloven

I

I lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster mv. vert det gjort følgjande endring:

§ 11 femte ledd andre punktum skal lyde:

Grunnlaget for beregning av friinntekt ved realisasjon settes lik realisasjonsvederlaget.

II

Endringa under I tek til å gjelde straks.

B.
Vedtak til lov

om endringar i forskotteringsloven

I

I lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott blir det gjort følgjande endringar:

§ 4 tredje ledd fyrste punktum skal lyde:

Retten til forskott faller bort dersom inntekten til den som har rett til å motta forskott på vegne av barnet overstiger 330 ganger forhøyet bidragsforskott per barn per måned etter § 5 første ledd tredje punktum.

§ 5 fyrste ledd tredje punktum skal lyde:

Forhøyet forskott ytes dersom mottakeren ikke ville ha hatt bidragsevne etter barnelova § 71 første ledd andre punktum vurdert som enslig uten barn, med tillegg av 10 ganger forhøyet bidragsforskott per barn per måned.

II

Endringane under I tek til å gjelde 1. juli 2023.

C.
Vedtak til lov

om endringar i skatteloven

I

I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt vert det gjort følgjande endringar:

§ 5-31 bokstav a skal lyde:
  • a. følgende tilskudd innenfor det geografiske området for distriktsrettet investeringsstøtte:

    • 1. distriktsrettet investeringsstøtte etter regelverk under Kommunal- og distriktsdepartementet, og

    • 2. tilskudd til investeringer i faste anlegg og tilhørende produksjonsutstyr etter forskrift om midler til investering og bedriftsutvikling i landbruket av 19. desember 2014 nr. 1816, jf. likevel § 14-44 første ledd siste punktum.

§ 14-42 andre ledd bokstav a siste punktum skal lyde:

Fradrag skal likevel ikke gjøres for følgende tilskuddinnenfor det geografiske området for distriktsrettet investeringsstøtte:

  • 1. distriktsrettet investeringsstøtte etter regelverk under Kommunal- og distriktsdepartementet, og

  • 2. tilskudd til investeringer i faste anlegg og tilhørende produksjonsutstyr etter forskrift om midler til investering og bedriftsutvikling i landbruket av 19. desember 2014 nr. 1816,

§ 14-44 fyrste ledd siste punktum skal lyde:

Følgende tilskudd innenfor det geografiske området for distriktsrettet investeringsstøtte regnes som en del av vederlaget ved realisasjon av driftsmidlet innen fem år etter at det ble ervervet:

  • a. distriktsrettet investeringsstøtte etter regelverk under Kommunal- og distriktsdepartementet, og

  • b. tilskudd til investeringer i faste anlegg og tilhørende produksjonsutstyr etter forskrift om midler til investering og bedriftsutvikling i landbruket av 19. desember 2014 nr. 1816.

II

I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt vert det gjort følgjande endringar:

§ 4-3 fyrste ledd bokstav e skal lyde:
  • e. forskuddsskatt og terminskatt som ikke er forfalt, samt restskatt som ikke er fastsatt ved utløpet av inntektsåret,

§ 12-11 fyrste ledd fyrste punktum skal lyde:

Alminnelig inntekt fra virksomheten før fradrag for fremførbart underskudd er utgangspunkt for beregning av personinntekt, jf. § 12-2 g.

§ 16-22 fyrste ledd andre punktum skal lyde:

Skatt betalt i utlandet i et tidligere år fradras i sin helhet før det gis fradrag for skatt betalt i utlandet i et senere år.

III

Endringane under I tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2023.

IV

Endringane under II tek til å gjelde straks.

D.
Vedtak til lov

om endringar i skattebetalingsloven

I

I lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav vert det gjort følgjande endringar:

§ 10-1 fyrste ledd skal lyde:

(1) Skatte- og avgiftskrav skal betales ved forfall og med de beløp som opprinnelig er fastsatt, selv om fastsettingen er under endring, påklaget eller brakt inn for domstolene. Første punktum gjelder ikke når det kan gis utsatt iverksetting av vedtak etter skatteforvaltningsloven § 14-10 annet ledd, tollavgiftsloven § 12-7 og vareførselsloven § 12-2 fjerde og femte ledd.

§ 10-41 tredje ledd skal lyde:

(3) Skatte- og avgiftskrav belastet dagsoppgjørsordningen forfaller til betaling første virkedag etter frigjøring for prosedyren overgang til fri disponering. Skattekontoret kan fastsette en nærmere frist for når på forfallsdagen betaling må ha skjedd.

§ 10-51 tredje ledd skal lyde:

(3) Dersom det innvilges utsatt iverksetting av krav etter skatteforvaltningsloven § 14-10 annet ledd, tollavgiftsloven § 12-7 annet ledd eller vareførselsloven § 12-2 femte ledd, forfaller kravet til betaling tre uker etter utløpet av søksmålsfristen eller ved søksmål, tre uker etter at endelig rettsavgjørelse foreligger.

§ 14-10 fyrste ledd skal lyde:

(1) Salg av varer mv. etter vareførselsloven § 4-4 andre ledd og § 11-6 skal skje gjennom namsmyndighetene etter reglene om tvangssalg i tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 8 så langt de passer.

II

I lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav vert det gjort følgjande endringar:

§ 10-41 fyrste og andre ledd skal lyde:

(1) Tollavgift og andre avgifter som oppstår ved innførsel, og som ikke belastes tollkreditten, dags- eller månedsoppgjørsordning, jf. § 14-20, forfaller til betaling samtidig med at plikten til å beregne avgiftene oppstår.

(2) Krav som belastes tollkreditten eller månedsoppgjørsordning en kalendermåned, forfaller til betaling den 18. i neste måned.

Overskriften til § 14-20 skal lyde:
§ 14-20 Tollkreditt og dags- og månedsoppgjørsordning
§ 14-20 andre ledd skal lyde:

(2) Speditører som deklarerer varer for prosedyren overgang til fri disponering på vegne av andre, kan innvilges kreditt. Kreditt kan gis både for deklarasjoner som foretas i løpet av samme dag (dagsoppgjør) og for deklarasjoner med mer enn èn mottaker som foretas i løpet av en kalendermåned (månedsoppgjør).

III

Endringane under I tek til å gjelde straks.

IV

Endringane under II tek til å gjelde 1. januar 2024.

E.
Vedtak til lov

om oppheving av lov 15. desember 2006 nr. 85 om endringer i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav

I

Lov 15. desember 2006 nr. 85 om endringer i lov 17. juni 2005 nr. 67 om innkreving av skatte- og avgiftskrav vert oppheva.

II

Lova tek til å gjelde straks.

F.
Vedtak til lov

om endringar i merverdiavgiftsloven

I

I lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift vert det gjort følgjande endringar:

§ 4-12 andre ledd skal lyde:

(2) Vederlag som er angitt i utenlandsk valuta, omregnes til norske kroner ut fra omregningskursen på leveringstidspunktet fastsatt med hjemmel i vareførselsloven § 6-12.

§ 9-1 andre ledd bokstav a skal lyde:
  • a. maskiner, inventar og andre driftsmidler der inngående merverdiavgift av kostpris utgjør minst 50 000 kroner, likevel ikke kjøretøyer som er fritatt for merverdiavgift etter § 6-7 første ledd

§ 10-7 andre ledd skal lyde:

(2) For varer som gjenutføres, jf. første ledd bokstav a til d, er det et vilkår for refusjon at varen gjenutføres innen ett år etter innførselen. Fristen kan i særlige tilfeller forlenges. Kravet om gjenutførsel kan frafalles dersom varen blir tilintetgjort under kontroll av eller etter avtale med tollmyndighetene mot at den som var ansvarlig for merverdiavgiften etter § 11-1 første ledd bærer kostnadene.

§ 14-1 andre og tredje ledd skal lyde:

(2) Fellesregistrering og frivillig registrering etter § 2-3 fjerde til sjette ledd kan tidligst skje med virkning fra og med den oppgaveterminen den elektroniske søknaden om registrering blir loggført i mottakssentralen som godkjent. Godkjenning bekreftes ved elektronisk kvittering.

(3) Frivillig registrering etter § 2-3 første og annet ledd kan tidligst skje med virkning fra og med en oppgavetermin som utløp de siste seks måneder før den elektroniske søknaden om registrering ble loggført i mottakssentralen. Godkjenning bekreftes ved elektronisk kvittering.

II

Endringane under I tek til å gjelde straks.

G.
Vedtak til lov

om endring i folkeregisterloven

I

I lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering vert det gjort følgjande endring:

§ 1-3 andre punktum skal lyde:

Skattedirektoratet er sentral registermyndighet og behandlingsansvarlig for registeret.

II

Endringa under I tek til å gjelde straks.

H.
Vedtak til lov

om endringar i vareførselsloven

I

I lov 11. mars 2022 nr. 9 om inn- og utførsel av varer vert det gjort følgjande endringar:

§ 1-4 skal lyde:
§ 1-4 Politiattest og tildeling av myndighet til studenter i praksis

(1) Tollmyndighetene kan kreve fremleggelse av ordinær politiattest i forbindelse med tilsettinger. Ved tilsetting i særskilte stillinger kan det kreves utvidet og uttømmende politiattest. I vurderingen av om politiattest skal kreves, og i tilfelle hvilken type attest, skal det blant annet tas hensyn til stillingens art, omfang og varighet, hvilke rettigheter og plikter som ligger til stillingen, og hvilke oppgaver som skal utføres.

(2) Departementet kan tildele myndighet etter denne loven til studenter som er i praksis hos tollmyndighetene.

§ 6-8 andre ledd skal lyde:

(2) Departementet kan gi forskrift om utregnet tollverdi.

§ 7-15 tredje ledd skal lyde:

(3) Departementet kan gi forskrift om vilkårene for profilering etter personvernforordningen artikkel 4 nr. 4 og om bruk av automatiserte avgjørelser.

§ 9-1 tredje ledd skal lyde:

(3) Tvangsmidler etter annen stats lovgivning kan bare brukes i kontrollområdet ved undersøkelser i umiddelbar sammenheng med en overtredelse av § 12-5 om straff for ulovlig vareførsel, eller forsøk på slik overtredelse.

§ 12-2 fyrste ledd bokstav a skal lyde:
  • a. overtrer plikter etter kapittel 2

§ 12-2 fyrste ledd bokstav b skal lyde:
  • b. overtrer plikter etter kapittel 3

§ 12-2 fyrste ledd bokstav d skal lyde:
  • d. overtrer plikter etter kapittel 5

§ 12-7 skal lyde:
§ 12-7 Straff for unnlatt medvirkning ved kontroll mv.

Med bot eller fengsel inntil seks måneder eller begge deler straffes den som unnlater å medvirke ved kontroll eller yte bistand etter §§ 8-5 og 8-13.

II

Endringane under I tek til å gjelde straks.

I.
Vedtak til lov

om endringar i tollavgiftsloven

I

I lov 11. mars 2022 nr. 8 om tollavgift vert det gjort følgjande endringar:

§ 8-1 andre ledd skal lyde:

(2) Taushetsplikten omfatter ikke registreringspliktig statsstøtte etter lov 4. mars 2022 nr. 7 om nasjonale saksbehandlingsregler i saker om offentlig støtte (støtteprosessloven) § 7 første ledd.

§ 11-4 skal lyde:
§ 11-4 Nedsettelse av tollavgift

Tollmyndighetene kan treffe enkeltvedtak om nedsettelse av tollavgift dersom det oppstår tilfeller eller situasjoner som ikke var overveid da Stortingets vedtak om tollavgift ble truffet, og tollavgiften i det enkelte tilfellet får en utilsiktet og klart urimelig virkning.

II

Endringane under I tek til å gjelde straks.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i finanskomiteen, den 1. juni 2023

Eigil Knutsen

leder og ordfører