Forslag fra Høyre, Fremskrittspartiet
og Venstre:
Forslag 2
Opplæringslova
§ 2-4 skal lyde:
§ 2-4 Utsett og tidleg
skolestart
Kommunen skal la
eit barn byrje på skolen det året barnet fyller sju år, dersom foreldra
søkjer om det eller samtykkjer og gode grunnar talar for det.
Kommunen skal la
eit barn byrje på skolen det året barnet fyller fem år, dersom foreldra
søkjer om det eller samtykkjer og særlege grunnar talar for det.
I vurderinga etter
første og andre ledd skal kommunen leggje særleg vekt på kva føresetnader
barnet har for læring og for utvikling av sosial samkjensle.
Forslag 3
Opplæringslova
§ 10-6 andre ledd skal lyde:
Skolen kan påleggje
elevane å gjere oppgåver utanom skoletida (lekser). Det må takast
omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid.
Forslag 4
Opplæringslova
§ 11-4 skal lyde:
§ 11-4 Intensiv opplæring
i vidaregåande opplæring
I den vidaregåande
opplæringa skal fylkeskommunen sørgje for at elevar som står i fare
for ikkje å bestå fag, raskt får eigna intensiv opplæring. Dersom
det er best for eleven, kan den intensive opplæringa i ein kort periode
givast som eineundervisning.
Opplæringslova
§§ 11-4 til 11-14 i lovforslaget i denne innstillinga blir §§ 11-5
til 11-15.
Forslag 5
Opplæringslova
§ 17-2 tredje ledd skal lyde:
Kommunen og fylkeskommunen
skal leggje til rette for at nytilsette rektorar kan ta studiepoenggivande
utdanning i pedagogisk leiing innan tre år etter tilsetjinga, dersom
dei ikkje har slik utdanning frå før.
Forslag 6
Opplæringslova
§ 17-4 andre ledd skal lyde:
Krava om relevant
kompetanse i undervisningsfag gjeld ikkje for dei som er mellombels
tilsette. Fram til 1. august 2025 har den som har fullført allmennlærarutdanninga,
og den som før 1. januar 2014 oppfylte krava for tilsetjing i lærarstilling,
dispensasjon frå krava om relevant kompetanse i undervisningsfag.
Forslag 7
Opplæringslova
§ 17-12 fjerde ledd skal lyde:
Kommunestyret og
fylkestinget skal minst éin gong i året få informasjon om, og drøfte,
læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i
opplæringa.
Forslag 8
I privatskolelova
skal ny § 3-4 e lyde:
§ 3-4 e Intensiv opplæring
i vidaregåande opplæring
I den vidaregåande
opplæringa skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for
ikkje å bestå fag, raskt får eigna intensiv opplæring. Dersom det
er best for eleven, kan den intensive opplæringa i ein kort periode
givast som eineundervisning.
Forslag 9
Privatskolelova
§ 4-1 nytt tredje ledd skal lyde:
Skolen skal leggje
til rette for at nytilsette rektorar kan ta studiepoenggivande utdanning
i pedagogisk leiing innan tre år etter tilsetjinga, dersom dei ikkje
har slik utdanning frå før.
Forslag 10
Stortinget ber
regjeringen i arbeidet med den varslede stortingsmeldingen om 5.
til 10. trinn vurdere om det bør innføres en plikt til intensivopplæring
i grunnleggende ferdigheter på ungdomsskolen.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti,
Rødt og Venstre:
Forslag 12
Opplæringslova
§ 1-5 andre ledd skal lyde:
Sametinget gir
forskrift om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane og
samiske parallelle likeverdige læreplanane i fag og om læreplanar
for opplæring i samiske språk. Sametinget skal òg gi forskrifter
om læreplanar for særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa.
Forskriftene skal haldast innanfor dei rammene som departementet
har fastsett.
Forslag 13
Opplæringslova
§ 3-2 første til fjerde ledd skal lyde:
Samiske elevar
har rett til opplæring i to av dei samiske språka nordsamisk, sørsamisk
og lulesamisk.
Alle elevar som
bur i forvaltningsområdet for samisk språk etter sameloven § 3-1,
har rett til opplæring i og på samisk. Kommunar i forvaltningsområdet
for samisk språk kan gi forskrift om at elevane skal ha opplæring
i samisk som første- eller andrespråk.
Dersom minst seks
elevar i ein kommune utanfor forvaltningsområdet for samisk språk
krev opplæring i og på samisk, har dei rett til det. Retten står
ved lag så lenge det er minst tre elevar att som vil ha slik opplæring.
Samiske elevar skal i tillegg til samiskopplæring, også ha rett
til opplæring på samisk i to andre fag.
Foreldra til elevane
vel om dei skal ha opplæring i samisk og om dei skal ha opplæring
i og på samisk.
Forslag 14
Opplæringslova
§ 3-2 sjette ledd skal lyde:
Elevane har rett
til å få ein del av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø.
Forslag 15
Opplæringslova
§ 3-6 første ledd skal lyde:
Elevar med anna
morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring
til dei kan norsk eller samisk godt nok til å følgje opplæringa
på skolen. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring
i norsk og samisk, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg
opplæring i fag eller begge delar.
Forslag 16
Opplæringslova
§ 5-9 skal lyde:
§ 5-9 Rett til vidaregåande
opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve
Dei som ikkje har
opphaldsløyve i Noreg, har rett til vidaregåande opplæring ut det
skoleåret som tar til det kalenderåret dei fyller 18 år. Dei som
oppheld seg ulovleg i landet utan å ha søkt om opphaldsløyve, har
likevel ikkje rett til vidaregåande opplæring.
Forslag 17
Opplæringslova
§ 6-2 skal lyde:
§ 6-2 Opplæring i samisk
i den vidaregåande opplæringa
Samiske elevar
har rett til opplæring i to av dei samiske språka nordsamisk, sørsamisk
og lulesamisk.
Alle elevar som
har hatt opplæring i eller på samisk i grunnskolen, har rett til
opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa.
Departementet kan
gi forskrift om at visse skolar skal tilby opplæring i eller på
samisk eller i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa
innanfor visse kurs eller for visse grupper. Fylkeskommunen kan
også elles tilby slik opplæring.
Elevar har rett
til å få ein del av opplæringa i samisk i eit samiskspråkleg miljø.
Forslag 18
Opplæringslova
§ 11-5 første ledd skal lyde:
Elevar har rett
til dei tekniske hjelpemidla og den fysiske tilrettelegginga dei
treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte
av ho. Elevane har òg rett til nødvendig opplæring i bruk av slike
tekniske hjelpemiddel og skal ha tilgang på teknisk støtte. Digitale
læremiddel må vere universelt utforma og vere kompatible med elevane
sine tekniske hjelpemiddel.
Forslag 19
Opplæringslova
§ 12-7 skal lyde:
§ 12-7 Det fysiske miljøet
Kommunen og fylkeskommunen
skal i planlegginga, bygginga, tilrettelegginga og drifta av skolane
ta omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.
Det fysiske miljøet
på skolen skal vere i samsvar med dei gjeldande faglege normene.
Ved avvik frå normene må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel er
tilfredsstillande med omsyn til tryggleik, helse, trivsel og læring.
Alle elevar har
rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal
innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane som har nedsett
funksjonsevne.
Dersom ein elev,
ein forelder eller eit av råda eller utvala på skolen der desse
er representerte, ber om tiltak for å bøte på manglar ved det fysiske
miljøet, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane
om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje har teke stilling
til saka innan rimeleg tid, kan det klagast som om det var gjort
enkeltvedtak.
Forslag 20
Opplæringslova
§ 15-2 skal lyde:
§ 15-2 Hovudmål på kvar
skole
Kommunen gir forskrift
om kva skriftspråk som skal vere hovudmålet på kvar skole, anten
bokmål, nynorsk eller samisk. Skolen skal bruke hovudmålet i den skriftlege
opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen med elevane og foreldra.
I samband med skifte
av hovudmål på ein grunnskole eller når eit fleirtal i kommunestyret
eller minst 1/4 av dei røysteføre i kommunen krev det, skal det
haldast rådgivande røysting. Nytt vedtak om hovudmål kan ikkje gjerast
før det har gått fem år. Røysterett har alle som bur i det området
som soknar til skolen, jf. § 2-6, og som har røysterett etter valgloven
§ 2-2. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre
til elevane på 1. til 7. trinn ved skolen, utan omsyn til bustad
eller statsborgarskap. Departementet kan gi nærmare forskrift om
røysterett, ansvar for røystinga og organisering av røystinga.
Forslag 21
Opplæringslova
§ 15-3 tredje ledd skal lyde:
Skolen skal bruke
læremiddel, og læringsressursar som er utvikla til bruk i opplæringa,
som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Kravet gjeld
ikkje
-
a. læremiddel
i faget norsk
-
b. læremiddel
og læringsressursar i fag med årskull med 300 eller færre elevar
-
c. læremiddel
og læringsressursar der den norske teksten utgjer ein mindre del.
Forslag 22
Opplæringslova
§ 18-10 skal lyde:
§ 18-10 Rett til opplæring
for vaksne som ikkje har opphaldsløyve
Dei som ikkje har
opphaldsløyve i Noreg, har rett til førebuande opplæring for vaksne
ut det skoleåret som tar til det kalenderåret dei fyller 18 år.
Dei som oppheld seg ulovleg i landet utan å ha søkt om opphaldsløyve,
har likevel ikkje rett til førebuande opplæring for vaksne.
Dei som oppheld
seg ulovleg i landet eller ventar på å få avgjort ein søknad om
opphaldsløyve, har ikkje rett til vidaregåande opplæring for vaksne.
Forslag 23
Stortinget ber
regjeringen avskaffe fraværsgrensa i videregående opplæring.
Forslag 24
Stortinget ber
regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag til hvordan
man sikrer individuell rett til kvensk opplæring, etter modell fra
samisk opplæring i opplæringslova.
Forslag 25
Stortinget ber
regjeringen i konsultasjon med Sametinget fremlegge for Stortinget
et forslag til endring av opplæringslova om lovfestet rett til samiske
læremidler.
Forslag 26
Stortinget ber
regjeringen fremme forslag om å tydeliggjøre FNs barnekonvensjons
prosessuelle regler i opplæringslova.
Forslag 27
Stortinget ber
regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med forslag til
endring av opplæringslova som lovfester elevenes rett til gode,
grønne uteareal, samt i forskrift eller veileder innta større arealnormer for
skolegårder.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti
og Rødt:
Forslag 28
Opplæringslova
§ 1-3 tredje og fjerde ledd skal lyde:
Opplæringa skal
utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven
og den felles internasjonale kulturtradisjonen. Opplæringa skal
bidra til å styrkje norsk språk, fremje likestilling mellom bokmål
og nynorsk og styrkje samiske språk, kvensk og norsk teiknspråk.
Opplæringa skal
gi innsikt i språkleg og kulturelt mangfald og vise respekt for
den enkelte si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling
og vitskapleg tenkjemåte.
Forslag 29
Opplæringslova
§ 1-6 andre ledd skal lyde:
Kommunen og fylkeskommunen
kan gi forskrift om at opp til ti prosent av timane i kvart fag
kan flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege
aktivitetar.
Forslag 30
Opplæringslova
§ 4-6 skal lyde:
§ 4-6 Leirskoleopphald
Kommunen skal som
ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald med
minst fire overnattingar i samanheng.
Forslag 31
Opplæringslova
§ 5-8 første ledd skal lyde:
Den vidaregåande
opplæringa skal vere gratis.
Forslag 32
Opplæringslova
§ 10-4 andre ledd skal lyde:
Skolen skal leggje
til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre
dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane
og foreldra i arbeidet med skoledemokratiet.
Forslag 33
Opplæringslova
§ 10-5 andre ledd skal lyde:
Elevane og foreldra
skal vere representerte i fleirtal i minst eitt organ ved grunnskolar,
og elevane skal vere representerte i fleirtal i minst eitt organ
ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande
opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same
måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.
Forslag 34
Opplæringslova
§ 11-3 skal lyde:
§ 11-3 Forsterka innsats
Kommunen og fylkeskommunen
skal sørgje for at elevar som har faglege utfordringar, raskt får
forsterka innsats. Om det er til det beste for eleven, kan den forsterka
innsatsen i ein kort periode givast som eineundervisning.
Forslag 35
Opplæringslova
§ 15-3 første ledd skal lyde:
Med læremiddel
er her meint kvalitetssikra trykte, ikkje-trykte og digitale element
som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast jamleg i
opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget.
Departementet kan gi forskrift om kvalitetskriterium for læremiddel.
Forslag 36
Opplæringslova
§ 15-5 skal lyde:
§ 15-5 Skolebibliotek
Kommunen og fylkeskommunen
skal sørgje for at elevane har tilgang til eit skolebibliotek, eller
at skolen har avtalefesta samarbeid med eit anna bibliotek. Eit skolebibliotek
skal tilby aktuelle medium og vere tilgjengeleg for elevar og lærarar
i skoletida.
Eit skolebibliotek
har som formål å fremje elevane sin lese-, medie- og informasjonskompetanse
og skal vere ein integrert del av skolen sitt pedagogiske virke.
Forslag 37
Opplæringslova
§ 17-1 skal lyde:
§ 17-1 Krav om kompetanse
i skolen
Kommunen og fylkeskommunen
skal sørgje for rett og nødvendig kompetanse i skolen, inkludert
syns- og audiopedagogisk kompetanse når skolen har elevar som er
synshemma eller høyrselshemma.
Forslag 38
Opplæringslova
§ 26-2 skal lyde:
§ 26-2 Formålet med kulturskolen
Kulturskolen skal
leggje til rette for at barn og unge får opplæring samt moglegheit
til å delta i ulike aktivitetar der dei kan oppleve, skape og formidle
kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø.
Departementet kan
gi nærmare forskrift om rammeplan for kulturskolen.
Forslag 39
Opplæringslova
§ 26-3 skal lyde:
§ 26-3 Krav til kulturskolens
leiing og kompetanse for å bli tilsett i kulturskolen
Kulturskolen skal
ha ein rektor som har ansvaret for kulturskolens verksemd. Rektor
skal ha pedagogisk og kulturfagleg høgare utdanning i eit eller
fleire av kulturskolens fag. Kommunen kan i særlege tilfelle gi
midlertidig dispensasjon frå kompetansekravet. Det kan knytast vilkår
til dispensasjonen.
Det pedagogiske
personalet skal som hovudregel ha fagleg relevant høgare utdanning.
Kommunen kan fråvike dette kravet dersom arbeidstakaren har tilsvarande realkompetanse.
Forslag 40
Privatskolelova
§ 2-3 nytt tredje ledd første punktum skal lyde:
I grunnskolen og
vidaregåande skolar kan opp til ti prosent av timane i kvart fag
flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege
aktivitetar.
Forslag 41
I privatskolelova
skal ny § 3-4 d lyde:
§ 3-4 d Forsterka innsats
Skolen skal sørgje
for at elevar som har faglege utfordringar, raskt får forsterka
innsats. Om det er til det beste for eleven, kan den forsterka innsatsen
i ein kort periode givast som eineundervisning.
Forslag 42
Privatskolelova
ny § 5A-4 andre ledd skal lyde:
Skolen skal leggje
til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre
dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane
og foreldra i arbeidet med skoledemokratiet.
Forslag 43
Privatskolelova
ny § 5A-5 andre ledd skal lyde:
Elevane og foreldra
skal vere representerte i fleirtal i minst eitt organ ved grunnskolar,
og elevane skal vere representerte i fleirtal i minst eitt organ
ved vidaregåande skolar.
Forslag 44
Stortinget ber
regjeringen, sammen med partene i skolen, utarbeide et nytt og mer
fleksibelt oppfølgingsreglement uten stryksanksjon knyttet til bestemte
prosentgrenser, som inkluderer en oppfølgingsgaranti for elever
som har bekymringsverdig mye fravær, samt adgang til egenmelding
og foreldremelding ved sykdom.
Forslag 45
Stortinget ber
regjeringen komme tilbake til Stortinget med konkrete forslag til
hvordan lærertettheten i førsteklasse i grunnskolen kan økes.
Forslag 46
Stortinget ber
regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med forslag om
å lovfeste Statped som et nasjonalt spesialpedagogisk støttesystem.
Forslag 47
Stortinget ber
regjeringen utrede og foreslå en veiledende norm for bemanning og
kompetanse i PP-tjenesten og dimensjonering av denne.
Forslag 48
Stortinget ber
regjeringen i arbeidet med kvalifikasjonskrav til lærere komme tilbake
til Stortinget med egen lovsak for å følge opp arbeidet, inkludere
partene i skolen i arbeidet samt fremme forslag til endring av opplæringslova
som slår fast krav om at skoleeierne må ansatte lærere med godkjent
lærerutdanning i undervisningsstilling, samt hjemmel til forskrift
som konkretiserer dette nærmere, inkludert at det kan gis dispensasjon
for dette dersom det ikke er kvalifiserte søkere med godkjent lærerutdanning,
og en betingelse om at den som ansettes, gjennomfører et kvalifiseringsløp.
Forslag 49
Stortinget ber
regjeringen fremme et forslag til endring i opplæringslova hvor
det fremsettes krav til andre yrkesgrupper og kompetanse i skolen,
slik som helse- og sosialfaglig kompetanse.
Forslag 50
Stortinget ber
regjeringen fremme forslag om lovfesting av at bare læreren kan
ha det faglige ansvaret for opplæringen. Det skal presiseres at
det faglige ansvaret innebærer å forberede og følge opp opplæringen
og som hovedregel å være til stede sammen med eleven i opplæringa.
Annet personale kan hjelpe til med opplæringa.
Forslag 51
Stortinget ber
regjeringen fremme forslag om endring av opplæringslova, hvor skolefritidsordningen (SFO)
får et eget kapittel i loven.
Elementer i dette
kapittelet skal være at
-
elever i 1.–4.
trinn har en lovfestet rett til SFO,
-
SFO må ha ansatte
som har kompetanse til å drive et forsvarlig tilbud i tråd med målene
i rammeplanen, og som har praktisk-pedagogisk kompetanse om forhold
som gjelder elevene, arbeidet med det sosiale miljøet og skadeforebygging,
-
leder av SFO skal
ikke skal regnes med i grunnbemanningen av SFO, og ressursene som
følger barn med vedtak om særskilt tilrettelegging i skoletiden, skal
følge barnet over i SFO.
Forslag 52
Stortinget ber
regjeringen legge frem et forslag om endring av opplæringslova,
og hvor yrkesfagselever sikres en reell rett til læreplass, hvor
fylkeskommunen er pliktig til å starte opp et løp for å få elevene
ut i lære fra starten av tredje skoleår dersom eleven ikke allerede
har fått en læreplass.
Forslag 53
Stortinget ber
regjeringen fastsette i forskrift at elever som deltar i voksenopplæring,
skal ha kontaktlærer.
Forslag 54
Stortinget ber
regjeringen fastsette i forskrift at voksenopplæringen skal ha rektor
med pedagogisk kompetanse, på lik linje med grunnskolen.
Forslag fra Fremskrittspartiet:
Forslag 55
Stortinget ber
regjeringen gjennomføre et prøveprosjekt med SMS-varsling til foreldre
ved fravær på skolen.
Forslag 56
Stortinget ber
regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre
valgfritt sidemål i skolen.
Forslag 57
Stortinget ber
regjeringen sørge for at morsmålsundervisning ikke lenger er en
offentlig oppgave å finansiere eller organisere.
Forslag 58
Stortinget ber
regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å gjøre
mobbeombudene om til mobbetilsyn, overføre dagens tilsynsoppgaver
fra statsforvalteren til mobbetilsynet, foreslå flere sanksjonsmuligheter
og virkemidler for mobbetilsynet og å gjøre hele denne endringen
provenynøytral for det offentlige ved at ressursene følger med oppgaveflyttingen.
Forslag 59
Stortinget ber
regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å innføre
et objektivt ansvar for elevenes skolemiljø for skolene.
Forslag 60
Stortinget ber
regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om at kommunen
skal ha plikt til å konsultere mobbetilsynsorganet, og at det skal
avgis en uttalelse fra tilsynsorganet, i de tilfeller der kommunene ser
grunn til å melde familien til et barn til barnevernet der skolen/kommunen
har fått meldt inn en mobbesak fra barnet eller dets familie.
Forslag 61
Stortinget ber
regjeringen om å i løpet av høsten 2023 legge frem en handlingsplan
mot vold og trusler i skolen. Handlingsplanen skal inkludere både
forebyggingstiltak og reaksjoner mot de som begår alvorlige handlinger,
og relevante aktører bes involveres i arbeidet.
Forslag 62
Stortinget ber
regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak hvor anledningen
til å markere norske tradisjoner, deriblant avholdelse av skolegudstjenester,
forankres i opplæringslova.
Forslag 63
Stortinget ber
regjeringen komme tilbake med et nytt lovforslag vedrørende retten
til å fullføre videregående, som hindrer en mulig utilsiktet konsekvens
hvor flere velger å ta pauser i den videregående opplæringen istedenfor
å fullføre innen normert tid, samt hindrer at flere faller fra.
Forslag fra Venstre:
Forslag 64
Opplæringslova
§ 12-5 første ledd andre punktum skal lyde:
Rektor skal melde
frå til kommunen eller fylkeskommunen.
Forslag 65
Opplæringslova
§ 12-6 fjerde ledd skal lyde:
Kjem statsforvaltaren
til at skolen ikkje har oppfylt plikta etter § 12-4 eller § 12-5,
kan statsforvaltaren påleggje kommunen eller fylkeskommunen å rette
forholdet eller vedta kva skolen skal gjere for at eleven skal få
eit trygt og godt skolemiljø. Det skal setjast ein frist for gjennomføringa
av vedtaket, og statsforvaltaren skal følgje opp saka. Statsforvaltaren
kan vedta reaksjonar etter skolereglane, jf. § 10-7, eller vedta
at ein elev skal byte skole, jf. § 13-2.
Forslag 66
Opplæringslova
§ 15-5 skal lyde:
§ 15-5 Skolebibliotek
Elevane skal ha
tilgang til skolebibliotek. Skolebiblioteket skal vere ein integrert
del av skolen sitt pedagogiske virke.
Departementet gir
forskrift om skolebiblioteket sitt føremål, bruk og innhald.
Forslag 67
Opplæringslova
§ 26-2 skal lyde:
§ 26-2 Formålet med kulturskolen
Kulturskolen skal
leggje til rette for at elevane får eit opplæringtilbod samt moglegheit
til å delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape
og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt
skolemiljø.