Søk

Sammendrag

I proposisjonen blir det foreslått å gjere ei endring i lov 4. september 2015 nr. 91 om posttjenester (postloven).

Endringa dreier seg om å etablerere ein lovheimel i postloven for innhenting av opplysningar som er omfatta av teieplikt i Folkeregisteret.

Den foreslåtte endringa kjem som følge av at leveringspliktig tilbydar av posttenester etter postloven har behov for informasjon frå Folkeregisteret om klientadresser i den lovpålagde drifta av eit adresseregister. Ei klientadresse er ei adresse som røper eit klientforhold som må reknast som personleg, og opplysningar om slike adresser er omfatta av teieplikt.

Forslaget har ikkje vore på høyring. Etter departementet si vurdering får etableringa av lovheimelen berre verknad for Posten Norge AS (Posten), som er utpeika som leveringspliktig tilbydar, og for Skatteetaten. For personar som har klientadresser, har departementet vurdert det slik at endringa er til fordel for dei, då det sikrar at deira adresser vert skjerma i Posten sitt adresseregister i tråd med teieplikta i postloven. Høyring må difor kunne reknast som «åpenbart unødvendig» i denne saka, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd, tredje strekpunkt.

Departementet har tatt stilling til om Posten, som leveringspliktig tilbydar, si innhenting av opplysningar om klientadresser er i strid med personvernforordninga. For Posten er det naudsynt å få informasjon om ein person har ei klientadresse for å sikre at dei handlar i tråd med teieplikta i postloven når dei driftar adresseregisteret sitt. Det dreier seg difor om handsaming av opplysningar som er naudsynte for å oppfylle «en rettslig forpliktelse som påhviler den behandlingsansvarlige» i samsvar med artikkel 6 bokstav c i personvernforordninga. Departementet si vurdering er at det handlar om ei avgrensa og rettsleg forankra handsaming for Posten, som difor ikkje er i strid med personvernforordninga.

Den foreslåtte endringa er ei mindre endring som ikkje har vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for leveringspliktig tilbydar av posttenester eller for Skatteetaten.