Sammendrag
I proposisjonen blir det foreslått å gjere ei
endring i lov 4. september 2015 nr. 91 om posttjenester (postloven).
Endringa dreier seg om å etablerere ein lovheimel
i postloven for innhenting av opplysningar som er omfatta av teieplikt
i Folkeregisteret.
Den foreslåtte endringa kjem som følge av at
leveringspliktig tilbydar av posttenester etter postloven har behov
for informasjon frå Folkeregisteret om klientadresser i den lovpålagde
drifta av eit adresseregister. Ei klientadresse er ei adresse som
røper eit klientforhold som må reknast som personleg, og opplysningar
om slike adresser er omfatta av teieplikt.
Forslaget har ikkje vore på høyring. Etter departementet
si vurdering får etableringa av lovheimelen berre verknad for Posten
Norge AS (Posten), som er utpeika som leveringspliktig tilbydar,
og for Skatteetaten. For personar som har klientadresser, har departementet vurdert
det slik at endringa er til fordel for dei, då det sikrar at deira
adresser vert skjerma i Posten sitt adresseregister i tråd med teieplikta
i postloven. Høyring må difor kunne reknast som «åpenbart unødvendig»
i denne saka, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd, tredje
strekpunkt.
Departementet har tatt stilling til om Posten,
som leveringspliktig tilbydar, si innhenting av opplysningar om
klientadresser er i strid med personvernforordninga. For Posten
er det naudsynt å få informasjon om ein person har ei klientadresse
for å sikre at dei handlar i tråd med teieplikta i postloven når
dei driftar adresseregisteret sitt. Det dreier seg difor om handsaming
av opplysningar som er naudsynte for å oppfylle «en rettslig forpliktelse
som påhviler den behandlingsansvarlige» i samsvar med artikkel 6
bokstav c i personvernforordninga. Departementet si vurdering er
at det handlar om ei avgrensa og rettsleg forankra handsaming for
Posten, som difor ikkje er i strid med personvernforordninga.
Den foreslåtte endringa er ei mindre endring
som ikkje har vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar
for leveringspliktig tilbydar av posttenester eller for Skatteetaten.