Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Samferdselsdepartementet legg med proposisjonen fram forslag til endringar i taubanelova og tivolilova som vil gi eit lovgrunnlag for Statens havarikommisjon til å undersøke ulykker og hendingar på desse områda.

Desse endringane vil leggje til rette for at undersøking av ulykker og hendingar på taubane- og tivoliområdet vert forankra i lov på same vis som for transportgreinane og Forsvaret.

Lovframlegget reiser etter departementet sitt syn få prinsipielle spørsmål av noko særleg omfang.

Det er fleire omsyn som ligg bak framlegget om å gje Statens havarikommisjon kompetanse til å undersøke ulykker på taubane- og tivoliområda.

Det vert i proposisjonen lagt til grunn at tenester og innretningar som er regulerte av taubanelova og tivolilova, etter sin art kan vere både mangearta og tidvis risikofylte. Dei vert nytta av både barn og vaksne. I periodar kan bruken vere særs omfattande, noko som i seg sjølv kan auke risikoen for uønskte hendingar. Det er difor ei klar forventning i samfunnet om at verksemdene tar vare på sikkerheita til brukarane på ein god måte.

Departementet viser i proposisjonen til at dei òg har merka seg at det er eit ønske frå både tilsynsmyndigheita og undersøkingsmyndigheita om å systematisere arbeidet med undersøkingar av ulykkar og hendingar innanfor både taubane- og tivoliområdet. Ulykkesundersøkingar i regi av Statens havarikommisjon er baserte på lang erfaring, kunnskap og godt innarbeidd metodikk. Det er utstrekt kontakt med aktørane etter ei ulykke eller hending for å sikre at aktørane bidreg til å få eit godt resultat av dei undersøkingane som vert gjorde. Eit velfungerande system for ulykkesundersøkingar er eit viktig bidrag til det ulykkesførebyggjande arbeidet. Samstundes peikar departementet på at eit slikt arbeid krev kontinuerleg innsats og bygging av tillit mellom myndigheiter og aktørar over tid. Undersøking av ulykker i tråd med framlegget vil etter departementet sitt syn kunne gje verdifull læring for vidare førebygging av ulykker og hendingar og dermed bidra til ei kontinuerleg betring av sikkerheita.

Departementet legg i proposisjonen til grunn at det ulykkesførebyggjande sikkerheitsarbeidet skal bidra til å oppnå det overordna omsynet bak lovene om at det i fyrste rekkje skal vere trygt å bruke taubaneanlegg og fornøyingsinnretningar for publikum. Departementet vonar at det samla sikkerheitsnivået vert betre når ein finn fram til dei underliggande årsakene til ei ulykke eller alvorleg hending, slik at liknande hendingar kan førebyggjast for framtida.

Vidare er tiltak som skal sikre at undersøkingsmyndigheita mottar relevante opplysningar om ei ulykke eller hending som har funne stad, sentralt i arbeidet med å finne fram til dei bakanforliggande årsakene til ulykka eller hendinga.

I tillegg kjem det fram i proposisjonen at fleire andre europeiske land har tilsvarande institusjonar som Statens havarikommisjon med oppgåver innan gransking av ulykker på taubaner og kabelbaner, m.a. Frankrike, Portugal, Sveits, Tsjekkia, Italia, Austerrike, Nederland, Sverige og Finland.