Forslag
fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa fremje forslag om
å innføre ein topartsprosess i Utlendingsnemnda.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa senke terskelen i
utlendingsforskrifta slik at fleire asylsøkarar får høve til å forklare
seg munnleg.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa kome tilbake med forslag om
meir rettshjelp til asylsøkarar i tråd med tilrådingar frå rettshjelpsutvalet.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa sørge for at det vert
innført relevante kompetansekrav som vilkår for å vere nemndmedlem
i UNE.