Olje- og energidepartementet føreslår i proposisjonen
endringar i føresegnene i energilova om funksjonelt skilje for nettføretak.
Kravet til funksjonelt skilje etter energilova gjeld i dag ikkje
for nettselskap med 10 000 eller færre nettkundar. Departementet
føreslår at kravet til funksjonelt skilje berre skal gjelde for
nettføretak som har 100 000 eller fleire nettkundar.
Departementet føreslår derfor endringar i energilova
§ 4-7, som tok til å gjelde i mars 2021.
Energilova §§ 4-6 og 4-7 stiller krav om selskapsmessig
og funksjonelt skilje mellom nettverksemd og produksjon og omsetning
av elektrisk energi.
I det tredje elmarknadsdirektivet 2009/72/EF
er det krav til mellom anna funksjonelt skilje for nettselskap. Etter
artikkel 26 nr. 4 har statane høve til å vedta unntak frå kravet
om funksjonelt skilje for nettføretak med færre enn 100 000 tilknytte
nettkundar.
Nettverksemd er eit naturleg monopol, og nettkundane
kan ikkje velje kva nettselskap dei ønskjer å bruke. Det er derfor
viktig at myndigheitene har eit godt regelverk som sikrar at nettselskapa
opptrer nøytralt.
Kravet til funksjonelt skilje i energilova har
vore endra fleire gonger dei siste åra. Føresegnene supplerer kravet
til selskapsmessig skilje og er eit kostnadseffektivt alternativ
til å føre tilsyn og kontroll med vertikalt integrerte verksemder
for å sikre det same behovet for nøytralitet. Føremålet med regelverket
om selskapsmessig og funksjonelt skilje skal bidra til å sikre at
nettselskapa opptrer nøytralt overfor alle brukarar av nettet.
Eit unntak frå kravet til funksjonelt skilje
gir på den andre sida kostnadsinnsparingar for dei aktuelle konserna,
som medfører lågare nettleige for kundane. Departementet har sidan
grensa på 10 000 eller fleire nettkundar blei innført, blitt kontakta
av fleire av dei mindre nettselskapa, som hevdar at grensa bør vere
høgare. Nettselskapa med under 10 000 nettkundar hevdar at det ikkje
er ønskeleg med fusjonar med andre nettselskap, fordi dei da kjem
over grensa for kravet til funksjonelt skilje. Dette fører til fragmentering
av fagmiljø, som kan vere uheldig for den lokale kraftberedskapen.
Etter ei samla vurdering føreslår departementet
at nettselskap som har 100 000 eller fleire kundar, må gjennomføre
funksjonelt skilje. Det er ikkje forslag om nokon endringar i regelverket
elles som set krav til nøytral framferd hos nettselskapa. Etter
energilova er det krav til mellom anna nøytral framferd og separate
budsjett og rekneskapar. Det omfattar også nettselskap med færre
enn 100 000 nettkundar.
Departementet viser til at alle nettselskap
er underlagde krav om nøytral framferd overfor straumkundar, kraftprodusentar,
kraftleverandørar og andre tenesteleverandørar. Nøytral framferd
er ein føresetnad for like marknadsvilkår, som igjen bidrar til
ein velfungerande kraftmarknad og effektiv konkurranse.
Olje- og energidepartementet sende forslaget
til endring av energilova § 4-7 på høyring 14. september 2022. Det
er gjort greie for høyringa i proposisjonen.