Søk

Sammendrag

Noregs Banks representantskap skal minst éin gong i året leggje fram for Stortinget ei fråsegn om tilsynet med Noregs Bank.

Representantskapet har for 2022 fått all informasjon det har bedt om. Det er ikkje avdekt forhold som gir grunnlag for særskilde merknader i tilsynet.

Alle protokollar frå hovudstyret og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet er lagde fram for representantskapet i samsvar med sentralbanklova. Protokollane frå komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet er tekne til orientering.

Basert på tilsynsarbeidet til representantskapet er vurderinga at styring av og kontroll med Noregs Banks administrasjon og verksemd er utøvd i samsvar med krav i sentralbanklova, instruks om risikostyring og internkontroll i Noregs Bank og dessutan mandat for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland. Det er etablert formålstenlege rutinar som sørgjer for at verksemda blir utøvd i samsvar med lover, avtalar, vedtak og rammeverk elles.