Barne- og familiedepartementet
legg i proposisjonen fram forslag om eit rettsleg grunnlag for å
digitalisere gravferdsmeldinga. Målet er å skape samanhengande tenester
innanfor livshendinga dødsfall og arv.
I dag tek dei etterlatne
vala om gjennomføring av gravferda på eit papirskjema. Den teknologiske
utviklinga gir grunn til å vurdere nye og digitale tenester òg på
området gravferd. Brukarkartleggingar viser at etterlatne opplever
prosessane rundt dødsfall som krevjande og uoversiktlege. Målet
med digital gravferdsmelding er å leggje til rette for effektive
og brukarvennlege digitale prosessar og tenester ved gjennomføring
av gravferder.
Det rettslege grunnlaget
departementet føreslår for tenesta digital gravferdsmelding har
fleire element:
-
Å gjere det klart
at enkelte val kan gjerast digitalt, og at statsforvaltaren har
i oppgåve å leggje til rette for det.
-
Dei offentlege og
private aktørane som skal bruke tenesta, får grunnlag i lova for
å behandle naudsynte personopplysningar for å løyse visse oppgåver.
-
Aktørane som skal
bruke tenesta, får heimel til å dele opplysningar utan hinder av
teieplikt for å løyse visse oppgåver.
-
Statsforvaltaren
og godkjende krematorium får tilgang til opplysningar omfatta av
teieplikt etter folkeregisterloven for å løyse oppgåver etter gravplassloven.
-
Departementet får
heimel til å gi forskrifter om digital gravferdsmelding.
I tillegg
føreslår departementet to andre endringar i gravplassloven. Den
første presiserer at det berre er kyrkjelege gravplasstyresmakter
som skal fremje budsjettforslag for kommunen. Den andre endringa
er at fristen for kremasjon blir sett slik at etterlatne har like
lang tid til å halde gravferdsseremonien ved kremasjon som ved kistegravlegging.
Dette kan òg gi lågare utslepp dersom omnane i små krematorium må
varmast sjeldnare.
Departementet føreslår
å oppheve Norske Lov 2-1 frå 1687 som fastset læregrunnlaget for
den evangelisk-lutherske kyrkja i Noreg. Kyrkjerådet tok i brev
til departementet 24. august 2022 til orde for å oppheve føresegna
fordi læregrunnlaget no går fram av kyrkjeordninga vedteken av Kyrkjemøtet.
Opphevinga har samanheng med sjølvstendet til Den norske kyrkja.