1.1 Innleiing
Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for
stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven)
blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunkt blei lov 14. desember 1951
nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr.
61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter oppheva.
I samsvar med denne føresegna blir det her lagt fram
ei melding om utviklinga i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar
og regjeringsmedlemer i 2022. Meldinga inneheld ei oversikt over
dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar,
og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2022.
I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for
pensjonsordninga.