Søk

Sammendrag

Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og distriktsdepartementet fremjar i proposisjonen forslag til endringar i lov 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskaper (IKS-loven).

Departementet foreslår i proposisjonen at møte i representantskapet i interkommunale selskap (IKS) som offentleglova gjeld for, skal følgje dei same reglane om møteoffentlegheit som kommunale organ, kommunale føretak og interkommunale samarbeid etter kommuneloven. Reglane om møteoffentlegheit inneber krav om opne møte, kunngjering av møte og tilgjengeleggjering av møteinnkallingar, saksdokument og protokollar. Departementet foreslår vidare å lovfeste at teiepliktreglane i forvaltningsloven gjeld for dei som utfører teneste eller arbeid for eit interkommunalt selskap som offentleglova gjeld for. Sjå nærare omtale i punkt 4 i proposisjonen.

Det blir òg i proposisjonen foreslått fleire justeringar i økonomiføresegnene i IKS-loven, i hovudsak for å harmonisere desse med økonomiføresegnene i kommuneloven frå 2018. Sjå nærare omtale i punkt 5 i proposisjonen.

Vidare foreslår departementet i proposisjonen å redusere rolla staten har i organiseringa av selskapa. Det blir mellom anna foreslått å fjerne kravet om at departementet skal godkjenne oppløysinga av eit IKS. Sjå nærare omtale i punkt 6.2 i proposisjonen.

Proposisjonen inneheld vidare forslag om presisering av styreansvaret (sjå punkt 6.1 i proposisjonen), krav om tal på styremedlemmer (sjå punkt 6.4 i proposisjonen), godtgjering (sjå punkt 6.5 i proposisjonen) og at avtaleval skal kunne nyttast når kommunestyret vel medlemmer til representantskapet (sjå punkt 6.3 i proposisjonen).

I punkt 2 i proposisjonen blir det gitt ein omtale av bakgrunnen for forslaga. Der blir det òg gitt ein omtale av ei høyring frå 2014 og tilhøvet til EØS-saka om like vilkår.

Forslaget til endringar i IKS-loven blei sendt på høyring 25. mai 2022, med frist 23. september 2022. Høyringsfråsegnene varierer. Dei blir omtalte i høve til dei einskilde forslaga.

I punkt 7 i proposisjonen er det gitt ein omtale av økonomiske og administrative konsekvensar. Der går det fram at samla sett vil ikkje endringane ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.