Justis- og beredskapsdepartementet
fremmar i proposisjonen forslag om å føre vidare midlertidig lov 7. mai
2020 nr. 38 om rekonstruksjon for å avhjelpe økonomiske problemer
som følge av utbruddet av covid-19 (rekonstruksjonslova) fram til
1. juli 2025.
Hovudformålet med
den mellombelse rekonstruksjonslova er å redusere risikoen for unødige
konkursar i levedyktige verksemder. Effektive rekonstruksjonsreglar
kan bidra til at verksemder som under normale omstende er lønnsame,
i større grad kan reddast, slik at arbeidsplassar og verdiar blir
sikra.
Rekonstruksjonslova
er ei mellombels lov som, så lenge ho gjeld, erstattar reglane om
gjeldsforhandling i den første delen av konkurslova, jf. konkurslova
§ 1 andre punktum. Det følgjer av § 64 i rekonstruksjonslova at
ho blir oppheva 1. juli 2023.
Arbeidet med forslag
til nye reglar om rekonstruksjon har tatt lengre tid enn venta.
Det vil ikkje vere mogleg å få på plass nye reglar før den mellombelse
lova blir oppheva 1. juli 2023. For å sikre eit godt og grundig
lovarbeid trengst det meir tid. Departementet foreslår derfor i
proposisjonen her at den mellombelse lova blir ført vidare til 1. juli
2025.