Merknader
frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Datatilsynets årsrapport
I punkt 1 i meldinga
går merknader frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Datatilsynets
årsrapport for 2021 fram. Årsrapporten er vedlegg til meldinga.
I meldinga blir det vist til at Datatilsynet i meldingsåret særleg
har prioritert arbeid med saksbehandling og kontroll (punkt 3.1
i meldinga), personvernproblemstillingar knytte til pandemisituasjonen
(punkt 1.1 i meldinga), regulatorisk sandkasse for kunstig intelligens
(punkt 1.2 i meldinga), internasjonalt samarbeid (punkt 1.4 i meldinga)
og personverntematikk knytt til skole, barn og unge (punkt 1.3 i
meldinga). I tillegg har Datatilsynet hatt andre vesentlege aktivitetar
i 2021, slik som arbeid med informasjonssamfunnstenester og annonseindustrien
(«ad tech») (punkt 1.5 i meldinga).
Det blir i meldinga
vist til at prioriteringane mellom anna er baserte på desse punkta
i hovudstrategien til tilsynet:
-
Å arbeide for ein
meir rettferdig maktbalanse mellom individet og kommersielle/offentlege
aktørar.
-
Å fremme personvernvennleg
digitalisering, innovasjon og utvikling.
-
Å vere eit kompetent,
fleksibelt og framtidsretta tilsyn.
I punkt
2 i meldinga går merknader frå Kommunal- og distriktsdepartementet
til Personvernnemndas årsrapport for 2021 fram. Årsrapporten er
vedlegg til meldinga. I kapittelet er blant anna følgjande tema
omtalte: talet på saker, vedtak og møte, personopplysningslova 2018,
koronapandemien, saksbehandlingstid, vedtak som rettleiing, tema for
sakene (bl.a. kameraovervaking, personopplysningar i arbeidstilhøve,
sletting av søketreff i Google, publisering av personopplysningar
på nett), framtidsutsiktene for nemnda, at det er komplekse og krevjande
saker, og departementet si vurdering av nemnda sitt arbeid.
I punkt 3 i meldinga
er det eit kapittel om administrasjon og ressursar. I punkt 3.1
blir det gitt ein omtale av budsjettet og rammevilkåra til Datatilsynet.
Her blir det blant anna gitt ein omtale av bruken av tildelte budsjettmidlar,
om leiinga og organiseringa av tilsynet, om saksmengda og tema for
sakene (bl.a. personvern i kundeforhold, bruk av helseopplysningar
og personvern på arbeidsplassen). Det blir vidare gitt ein omtale
av talet på og tema for avviksmeldingar og om auken i talet på vedtak,
fordoblinga av avgjerder om gebyr og om auken i krav om innsyn etter
offentleglova. I punkt 3.2 blir budsjettet og rammevilkåra til Personvernnemnda
omhandla. Det blir gitt ein omtale av organiseringa og leiinga av
organet, av sekretariatet og om bruken av budsjettmidlane.
I begge desse kapitla
vurderer departementet korleis løyvinga er brukt og oppgåvene er
gjennomførte i 2021.