Forslag fra Sosialistisk Venstreparti,
Rødt, Venstre og Miljøpartiet De Grønne:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar
i dag, blir lagde til grunn når konsesjonsvilkåra for Røldal–Suldal-anlegget
blir reviderte.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti,
Rødt og Miljøpartiet De Grønne:
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
fremje forslag til endringar i vannressursloven og vassdragsreguleringsloven
som betrar lokalsamfunn og grunneigarar sine legitime interesser
ved omgjering og revidering av gamle konsesjonar.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa
syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal–Suldal kraftanlegg og
vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje
om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig
måte, med langt betre natur- og miljøomsyn i tråd med vertskommunane
Ullensvang og Suldal sine krav.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa
syte for at manøvreringsreglementet for Røldal–Suldal kraftanlegg
blir oppdatert i tråd med innspela frå kommunestyra i Ullensvang og
Suldal.
Forslag 5
Stortinget ber regjeringa
leggje til grunn at dei nye vilkåra for vertskommunane for Røldal–Suldal
kraftanlegg skal byggje på føresetnadene og lovnadene gjennom vedtak
om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde i 1962.