Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Even Eriksen, Kari Henriksen og Lubna Boby Jaffery, frå Høgre, leiaren Peter
Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå
Framstegspartiet, Lars Rem, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun
Lysbakken, frå Raudt, Seher Aydar, og frå Venstre, Grunde Almeland, viser
til at dette er eit framlegg om å endre Grunnlova slik at Stortinget
trer saman den første virkedagen i september, ein månad tidlegare
enn i dag. Sidan det er stortingsval i september kvart fjerde år,
inneber framlegget at denne endringa ikkje skal gjelde dei åra det
er stortingsval. Då skal Stortinget tre saman på den første virkedagen
i oktober, som i dag.
Komiteen viser til at grunngjevinga
for framlegget er at den lange perioden der Stortinget ikkje er
samla, gjev utfordringar for Stortingets kontroll med regjeringa
og for naudsynt stortingshandsaming av saker som hastar. Grunngjevinga
er vidare at Stortinget treng meir jamn fordeling av arbeidsmengda
knytt til sakshandsaming.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet,
meiner Stortinget har synt at det kan halde ekstraordinære møte
når det trengst. Stortinget klarar difor å handsame saker som hastar,
og kontrollfunksjonen er tilstrekkeleg sikra. Fleirtalet legg òg
vekt på at representantane har trong til å opphalde seg i valkretsane
sine og til å drive politisk arbeid utanfor stortingsbygget.
Fleirtalet legg vekt på at
det er ein god parlamentarisk tradisjon at Stortingets høgtidelege
opning fell saman i tid med kongen si trontale og budsjettframlegget frå
regjeringa. Denne tradisjonen bør halde fram.
Fleirtalet ser difor ikkje
grunn til å endre tidspunktet for når Stortinget trer saman.
På dette grunnlaget
tilrår fleirtalet å
ikkje samtykkje i forslaget.
Medlemene i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre syner til
at ei ordning med lengre sesjon kan medverke til ei jamnare arbeidsmengd,
i året sett under eitt. Desse
medlemene syner til at det aller viktigaste likevel er at
den lange perioden Stortinget ikkje er samla, gir utfordringar for
Stortinget sin kontroll med regjeringa og for naudsynt stortingsbehandling
av saker som hastar. Desse
medlemene syner til at Stortinget, når det ikkje er samla,
etter Grunnlova § 69 kan kallast saman av kongen dersom han finn
det naudsynt. Omsynet til laupande kontroll med regjeringa og ein
politisk debatt på mest mogleg like fot mellom regjering og opposisjon på
Stortinget tilseier trass i dette at Stortinget bør ha møte i ein
så stor del av året som mogleg.
Desse medlemene syner til at
ei innvending mot å samle Stortinget tidlegare enn fyrste verkedag
i oktober er at stortingsvalet vert halde andre eller tredje måndagen
i september (kvart fjerde år). Perioden frå valdagen til fyrste
verkedag i oktober månad synest som ei rimeleg tid for å kontrolltelje
stemmer og kvalitetssikre gjennomføringa av stortingsvalet. Forslaget
bør difor ta omsyn til at i dei åra det er stortingsval, bør Stortinget
samlast på same tidspunkt som i dag, det vil seie første verkedagen
i oktober. Dette er varetatt i forslaget.
Desse medlemene merkar seg
vidare at ei innvending er at det er parlamentarisk tradisjon at
den høgtidelege opninga fell saman i tid med kongen si trontale
og regjeringa sitt budsjettframlegg. Ei framskunding av Stortinget
si høgtidelege opning ville på den eine sida bety at ein ville føretrekke
å framskunde trontala og budsjettframlegget tilsvarande. Det vil
ha nokre praktiske, men ikkje store, konsekvensar for regjeringa sitt
budsjettarbeid. På den andre sida ville ei slik løysing kunne medverke
positivt til å skilje tida mellom trontala, som er regjeringa sine
visjonar for det komande året, og budsjettframlegget, som er regjeringa
si budsjettmessige konkretisering av sine visjonar. Eit slikt skilje
i tid vil vere positivt fordi det vil tydeleggjere skiljet som i
dag er utydeleg mellom dei to.
På denne bakgrunnen
anbefaler desse
medlemene at Grunnlovsforslag 14 (2019–2020), alternativ 1, vert
vedteke, slik at § 68 skal lyde:
«Stortinget
trer sammen i alminnelighet den første hverdag i september måned
hvert år i rikets hovedstad, med mindre kongen på grunn av overordentlige
omstendigheter, for eksempel fiendtlig innfall eller smittsom syke,
velger en annen by i riket. En slik bestemmelse må da betimelig
bekjentgjøres.
–
Stortinget kjem i
regelen saman i hovudstaden den fyrste kvardagen i september kvart
år, om ikkje kongen på grunn av usedvanlege omstende, så som fiendsleg åtak
eller smittsam sjukdom, vel ein annan by i riket. Ei slik avgjerd
må gjerast kjend i tide.»