1.4 Innføring av eit ferietillegg til dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova §§ 4-14 og 8-49
Det blir i proposisjonen
foreslått å gi eit ferietillegg på 9,5 pst. til dei som har fått
dagpengar i minst åtte veker i året før (oppteningsåret). Dei som
får sjukepengar på grunnlag av dagpengar etter reglane i folketrygdlova § 8-49,
får eit tilsvarande ferietillegg til desse sjukepengane. Som følgje
av innføringa av ferietillegget foreslår regjeringa å oppheve reglane
om at dei som har fått dagpengar i 52 veker eller meir, kan ha feriefråvær
med dagpengar i inntil fire veker.
Når det gjeld gjeldande
rett og vurderingar, er dette gjort greie for i proposisjonens kapittel
4.
Det blir vist til
forslaget til endringar i folketrygdlova § 4-5, § 4-12 tredje ledd,
§ 4-14 og § 8-49 tredje ledd i lovforslaget.
Det blir foreslått
at endringa tek til å gjelde frå og med ferieåret 2023, slik at
dagpengar som er utbetalte i 2022, blir lagde til grunn for utbetalinga
av ferietillegget i 2023.
Når det gjeld dei
økonomiske konsekvensane, er dette innarbeidd i Prop. 1 S (2022–2023)
for Arbeids- og inkluderingsdepartementet, kor det er lagt til grunn
at endringane vil auke utbetalingane over kap. 2541 Dagpengar, post
70 Dagpengar, med om lag 995 mill. kroner i 2023, jf. Prop. 1 S
(2022–2023) Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Vidare er det
lagt til grunn at retten til ferietillegg av sjukepengar på grunnlag
av dagpengar vil auke utbetalingane under kap. 2650 Sjukepengar, post
75 Feriepengar av sjukepengar, med om lag 59 mill. kroner i 2023.
Saksbehandlinga i
samband med utbetalinga av ferietillegg vil i stor grad kunna gjerast
automatisk. I dei tilfella ein må ta omsyn til periodar med både
dagpengar og sjukepengar for å vurdera om vilkåra for ferietillegg
etter folketrygdlova § 8-49 er oppfylte, vil det vera manuell saksbehandling.
Dette vil innebere auka administrative kostnader.