Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2023)

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen blir det lagt fram forslag til endringar i:

  • lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse

  • lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

  • lov 22. juni 1962 nr. 22 om pensjonsordning for sykepleiere

  • lov 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.

  • lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd

  • lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor

  • lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse

Dei følgjande lovendringane er nødvendige som følgje av forslag som er lagt fram i Prop. 1 S (2022–2023) Statsbudsjettet 2023:

  • endringar i oppteningsperioden for dagpengar – folketrygdlova §§ 4-4, 4-11 og 4-15

  • endringar i barnetillegget til dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova § 4-12

  • innføring av ferietillegg til dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova § 4-14

  • forenkling av reglane om gjenopptak av dagpengar – folketrygdlova § 4-16

  • innføring av ferietillegg til sjukepengar på grunnlag av dagpengar – folketrygdlova § 8-49

Innføringa av heimel for ny stønadsordning for briller til barn i folketrygdlova ny § 10-7 a er ei nødvendig følgje av budsjettavtala for 2022.

I tillegg blir det foreslått følgjande retting av feil, presiseringar og lovtekniske endringar, jf. proposisjonens kapittel 8:

  • Kjønnsnøytrale reglar i tre tenestepensjonslover.

  • Presisering i folketrygdlova §§ 4-4 og 4-11.

  • Retting av feil i folketrygdlova §§ 3-25 og 8-17.

  • Endra regulering av alderspensjon – rettingar i folketrygdlova, lov om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor, og lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse.

  • Presisering knytt til ikkje-behovsprøvd ektefellepensjon frå offentlg tenestepensjonsordning

  • Retting av feil i lov om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. og andre lover.

Forslaget om heimel for ny stønadsordning for briller til barn i folketrygdlova ny § 10-7 a har vore på høyring. Etter utgreiingsinstruksen punkt 3-3 femte ledd kan ein unnlate å høyre forslag som gjeld statsbudsjettet, då dei kan vere unntatt frå offentlegheit etter offentleglova § 22. Dei forslaga som følgjer av framlegget til statsbudsjett, har ikkje vore på høyring.

Det er ikkje behov for høyring av forslag som ikkje inneber nokon realitetsendringar. Dei forslaga dette gjeld, har ikkje vore på høyring fordi høyring då må reknast som «åpenbart unødvendig» jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd tredje kulepunkt.

I kapittel 8 i proposisjonen blir merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget gjort greie for.

1.2 Endringar i oppteningsperioden for rett til dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova §§ 4-4, 4-11 og 4-15

Det blir i proposisjonen foreslått å endre reglane som gjer det mogleg å tene opp rett til dagpengar på grunnlag av inntekt som ligg lenger tilbake enn dei siste 12 avslutta kalendermånadene før søknaden, jf. folketrygdlova § 4-4. Samstundes blir det foreslått at sjukepengar etter folketrygdlova kapittel 8 og pleiepengar m.m. etter folketrygdlova kapittel 9 skal telje med i den inntekta som gir rett til dagpengar. Oppteningsperioden for den inntekta som ligg til grunn for berekninga av dagpengane, jf. folketrygdlova § 4-11, blir endra tilsvarande.

Når det gjeld gjeldande rett og vurderingar, er dette gjort greie for i proposisjonens kapittel 2.

Det blir vist til forslaget til endringar i folketrygdlova §§ 4-4, 4-11 og 4-15 i lovforslaget.

Det blir foreslått at endringane skal gjelde frå 1. januar 2023, men at dei ikkje får verknad for dei som har søkt dagpengar og fyller vilkåra før dette tidspunktet. Den nærmare reguleringa av dette skal etter forslaget skje i forskrift.

Når det gjeld dei økonomiske konsekvensane, er dette innarbeidd i Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Forslaget er berekna å gi ei innsparing på om lag 190 mill. kroner under kap. 2541, Dagpengar, post 70 Dagpengar, i 2023 og om lag 360 mill. kroner i 2024. Heilårseffekten inntrer i 2025 og er berekna til om lag 425 mill. kroner. Administrative konsekvensar vil bli handterte innanfor den gjeldande budsjettramma.

1.3 Endringar i barnetillegget for dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova § 4-12

Det blir i proposisjonen foreslått at begge forsørgjarane skal få eit barnetillegg dersom begge får dagpengar, slik det gjeld for dei som får arbeidsavklaringspengar.

Når det gjeld gjeldande rett og vurderingar, er dette gjort greie for i proposisjonens kapittel 3.

Det blir vist til forslaget til endringar i folketrygdlova § 4-12 andre ledd i lovforslaget.

Det blir foreslått at endringane skal gjelde frå 1. januar 2023.

Når det gjeld dei økonomiske konsekvensane, er dette innarbeidd i Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet, kor det er lagt til grunn at endringane vil auke utbetalingane over kap. 2541 Dagpengar, post 70 Dagpengar, med om lag 2,8 mill. kroner i 2023, jf. Prop. 1 S (2022–2023) Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Endringane gjer behandlinga av dagpengesakene enklare og mindre ressurskrevjande.

1.4 Innføring av eit ferietillegg til dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova §§ 4-14 og 8-49

Det blir i proposisjonen foreslått å gi eit ferietillegg på 9,5 pst. til dei som har fått dagpengar i minst åtte veker i året før (oppteningsåret). Dei som får sjukepengar på grunnlag av dagpengar etter reglane i folketrygdlova § 8-49, får eit tilsvarande ferietillegg til desse sjukepengane. Som følgje av innføringa av ferietillegget foreslår regjeringa å oppheve reglane om at dei som har fått dagpengar i 52 veker eller meir, kan ha feriefråvær med dagpengar i inntil fire veker.

Når det gjeld gjeldande rett og vurderingar, er dette gjort greie for i proposisjonens kapittel 4.

Det blir vist til forslaget til endringar i folketrygdlova § 4-5, § 4-12 tredje ledd, § 4-14 og § 8-49 tredje ledd i lovforslaget.

Det blir foreslått at endringa tek til å gjelde frå og med ferieåret 2023, slik at dagpengar som er utbetalte i 2022, blir lagde til grunn for utbetalinga av ferietillegget i 2023.

Når det gjeld dei økonomiske konsekvensane, er dette innarbeidd i Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet, kor det er lagt til grunn at endringane vil auke utbetalingane over kap. 2541 Dagpengar, post 70 Dagpengar, med om lag 995 mill. kroner i 2023, jf. Prop. 1 S (2022–2023) Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Vidare er det lagt til grunn at retten til ferietillegg av sjukepengar på grunnlag av dagpengar vil auke utbetalingane under kap. 2650 Sjukepengar, post 75 Feriepengar av sjukepengar, med om lag 59 mill. kroner i 2023.

Saksbehandlinga i samband med utbetalinga av ferietillegg vil i stor grad kunna gjerast automatisk. I dei tilfella ein må ta omsyn til periodar med både dagpengar og sjukepengar for å vurdera om vilkåra for ferietillegg etter folketrygdlova § 8-49 er oppfylte, vil det vera manuell saksbehandling. Dette vil innebere auka administrative kostnader.

1.5 Oppheving av særreglar om gjenopptak av dagpengar når avbrotet skuldast deltaking i arbeidsmarknadstiltak, avtent verneplikt eller sjukdom som skuldast graviditet – folketrygdlova § 4-16

Det blir i proposisjonen foreslått å oppheve folketrygdlova § 4-16 andre ledd, om at dei som har deltatt i arbeidsmarknadstiltak, avtent verneplikta eller som har vore sjuke på grunn av graviditet, slik at dei har hatt brot i dagpengeperioden på meir enn 52 veker, likevel kan ta opp att dagpengeperioden sin.

Når det gjeld gjeldande rett og vurderingar, er dette gjort greie for i proposisjonens kapittel 5.

Det blir vist til forslaget til endring av folketrygdlova § 4-16 i lovforslaget.

Det blir foreslått at endringa tek til å gjelde frå 1. januar 2023.

Endringa har venteleg ikkje økonomiske konsekvensar, men inneber ei administrativ forenkling.

1.6 Ny ordning for stønad til briller til barn – folketrygdlova ny § 10-7 a

Det er med verknad frå 1. august 2022 innført ei ny støtteordning for barn som treng briller. Det blir i proposisjonen foreslått å heimle den nye ordninga i folketrygdlova kapittel 10 om stønad for å kompensere for utgifter til betring av arbeidsevna og funksjonsevna i dagleglivet.

Når det gjeld gjeldande rett og vurderingar, er dette gjort greie for i proposisjonens kapittel 6.

Det blir vist til forslaget til folketrygdlova ny § 10-7 a i lovforslaget.

Det blir foreslått at endringa tek til å gjelde frå 1. januar 2023.

Forslaget har ikkje økonomiske eller nemneverdige administrative konsekvensar.

1.7 Retting av feil, presiseringar og lovtekniske endringar

Det blir i kapittel 7 i proposisjonen foreslått retting av feil, presiseringar og lovtekniske endringar.

For å sikre kjønnsnøytralitet blir det foreslått å endre lovteksten i tre ulike tenestepensjonslover. Vidare blir det fremja forslag om presiseringar som bidrar til å gjere innhaldet tydelegare og meir i samsvar med gjeldande praksis. Dette gjeld mellom anna endringane som blir foreslått i folketrygdlova §§ 4-4 og 4-11.

I folketrygdlova §§ 3-25 og 8-17 og i lønnsgarantilova § 1 er det feil i lovteksten som blir foreslått retta.

Reglane om regulering av alderspensjon frå folketrygda blei endra gjennom behandling i Stortinget av Prop. 41 L (2021–2022) og Innst. 194 L (2021–2022), sjå endringslov 1. april 2022 nr. 17. Enkelte reglar i folketrygdlova, lov om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor, og lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse burde ha vore omfatta av endringslova 1. april 2022 nr. 17. Det blir foreslått å endre desse reglane no. Endringane er av opprettande karakter. Endringane har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.

I tillegg blir det foreslått presiseringar knytte til ikkje-behovsprøvd ektefellepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning. Det blir her vist til forslaget om endringar i lov om Statens pensjonskasse § 34 tredje ledd andre punktum, lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. § 17 tredje ledd andre punktum og lov om pensjonsordning for sykepleiere § 20 første ledd andre punktum i lovforslaget. Endringane kan tre i kraft så raskt som mogleg. Endringane har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.

Vidare blir det foreslått retting av feil i lov om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. Det blir foreslått å endre lønnsgarantilova slik at denne viser til den rette heimelen i dekningslova, jf. forslag til endring av lønnsgarantilova § 1 sjette ledd i lovforslaget. Endringa kan tre i kraft så raskt som mogleg.

2. Komiteens behandling

I forbindelse med komiteens behandling ble det anmodet om lovteknisk bistand fra departementet. Bakgrunnen var at budsjettavtalen mellom regjeringen Støre og Sosialistisk Venstreparti innebar at forslaget om å avvikle lang opptjeningsperiode for rett til dagpenger utgikk. Svarbrevet fra statsråden av 2. desember 2022 ligger vedlagt innstillingen.

3. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tuva Moflag, Runar Sjåstad, Trine Lise Sundnes og Torbjørn Vereide, fra Høyre, Henrik Asheim, Anna Molberg og Aleksander Stokkebø, fra Senterpartiet, Eivind Drivenes og Per Olaf Lundteigen, fra Fremskrittspartiet, Dagfinn Henrik Olsen og Gisle Meininger Saudland, fra Sosialistisk Venstreparti, lederen Kirsti Bergstø, og fra Rødt, Mímir Kristjánsson, viser til Prop. 9 L (2022–2023) Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2023).

Endringer i opptjeningsperioden for rett til dagpenger under arbeidsløshet – folketrygdloven §§ 4-4, 4-11 og 4-15

Komiteen viser til at regjeringen foreslår å endre opptjeningsreglene for dagpenger, slik at grunnlaget for dagpengene blir avgrenset til inntekten fra de tolv siste avsluttede kalendermånedene før søknadstidspunktet. Samtidig foreslås det at sykepenger etter folketrygdloven kap. 8 og omsorgspenger, pleiepenger og opplæringspenger etter kap. 9 skal inngå i minsteinntekten etter folketrygdloven § 4-4. Forslaget er beregnet å gi en innsparing på om lag 190 mill. kroner under kap. 2541 Dagpenger post 70 Dagpenger i 2023 og om lag 360 mill. kroner i 2024. Helårseffekten inntrer i 2025 og er beregnet til om lag 425 mill. kroner.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til enigheten om statsbudsjett, der det foreslås å ikke avvikle lang opptjeningsperiode for rett til dagpenger/dagpengegrunnlaget. Som følge av dette utgår disse lovendringsforslagene.

Endringer i barnetillegget for dagpenger under arbeidsløshet – folketrygdloven § 4-12

Komiteen viser til at dagpengemottakere som forsørger barn under 18 år, får et tillegg til dagpengesatsen. Dersom begge foreldrene er dagpengemottakere, får bare én av dem barnetillegget. Regjeringen foreslår at begge forsørgerne skal få et barnetillegg dersom begge får dagpenger, slik det gjelder for de som får arbeidsavklaringspenger. Forslaget vil øke utbetalingene over kap. 2541 Dagpenger post 70 Dagpenger med om lag 2,8 mill. kroner i 2023, jf. Prop. 1 S (2022–2023) Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Endringen gjør behandlingen av dagpengesakene enklere og mindre ressurskrevende.

Innføring av et ferietillegg til dagpenger under arbeidsløshet – folketrygdloven §§ 4-14 og 8-49

Komiteen viser til at regjeringen foreslår å gi et ferietillegg på 9,5 pst. til de som har fått dagpenger i minst åtte uker året før (opptjeningsåret). De som får sykepenger på grunnlag av dagpenger etter reglene i folketrygdloven § 8-49, får et tilsvarende ferietillegg til disse sykepengene. Forslaget vil øke utbetalingene over kap. 2541 Dagpenger post 70 Dagpenger, om lag 995 mill. kroner i 2023. Videre vil retten til ferietillegg av sykepenger på grunnlag av dagpenger øke utbetalingene under kap. 2650 Sykepenger post 75 Feriepenger av sykepenger, med om lag 59 mill. kroner i 2023.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at gjeninnføring av ferietillegget er et lite målrettet grep. Utbetalingen kommer året etter opptjening, på et tidspunkt da de fleste allerede er tilbake i jobb. Disse medlemmer vil derfor hegne om dagens ordning og samtidig prioritere mer ressurser til tiltak for å få folk ut i jobb.

Disse medlemmer understreker at dagens ordning er mer målrettet og bedre, der langtidsledige som har mottatt dagpenger i mer enn 52 uker, kan ta ferie med dagpenger i inntil fire uker. De langtidsledige beholder da dagpengene i ferien. I ferieperioden er mottakerne midlertidig fritatt fra kravet om å være aktive jobbsøkere og å være tilgjengelig for ethvert jobbtilbud.

Disse medlemmer viser til at fire ukers ferie med dagpenger for mange vil gi en høyere utbetaling enn i den modellen regjeringspartiene og Sosialistisk Venstreparti nå vil innføre. Dagens ordning gir langtidsledige en mer reell mulighet til å kunne ta ferie, og er derfor mer treffsikker ved at den sikrer en ytelse på det tidspunktet den ledige faktisk tar ferie. Samlet er dagpengeordningen nå bedre balansert enn tidligere. Det er ferieadgang for dem som har en lang dagpengeperiode bak seg, samtidig som man stimulerer til overgang til arbeid for dem med kortere ledighet. Disse medlemmer støtter på denne bakgrunn ikke denne endringen i folketrygdloven, og viser for øvrig til Høyre og Fremskrittspartiets alternative budsjetter.

Oppheving av særregler om gjenopptak av dagpenger når avbruddet skyldes deltagelse i arbeidsmarkedstiltak, avtjent verneplikt eller sykdom som skyldes graviditet – folketrygdloven § 4-16

Komiteen viser til at regjeringen foreslår å oppheve folketrygdloven § 4-16 andre ledd, om at de som har deltatt i arbeidsmarkedstiltak, avtjent verneplikt eller som har vært syke på grunn av graviditet, slik at de har hatt brudd i dagpengeperioden på mer enn 52 uker, likevel kan gjenoppta dagpengeperioden sin. Det er ikke ventet at endringen har økonomiske konsekvenser, men den innebærer en administrativ forenkling.

Ny ordning for stønad til briller til barn – folketrygdloven ny § 10-7 a

Komiteen viser til at regjeringen med virkning fra 1. august 2022 har innført en ny støtteordning for barn som trenger briller. Det foreslås at den nye ordningen hjemles i folketrygdloven kapittel 10 om stønad for å kompensere for utgifter til bedring av arbeidsevnen og funksjonsevnen i dagliglivet. Forslaget har ikke økonomiske eller nevneverdige administrative konsekvenser.

Komiteens medlemmer fra Høyre er opptatt av målrettede ordninger for dem som trenger det mest. Disse medlemmer merker seg at regjeringen nå foreslår en rettighetsordning, hvilket betyr at størrelsen på kostnadssiden er usikker. Disse medlemmer mener man må følge med på kostnadsutviklingen, og ser frem til at resultatet av evalueringen blir lagt frem.

Retting av feil, presiseringer og lovtekniske endringer

Komiteen viser til at det i proposisjonen foreslås flere rettinger av feil, presiseringer og lovtekniske endringer i hhv. folketrygdloven, tre tjenestepensjonslover og flere andre lover. Komiteen viser til proposisjonen for nærmere omtale av endringene.

4. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité, med unntak av folketrygdloven §§ 4-4, 4-11, 4-14 og 8-49, som fremmes av komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2023)

I

I lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse skal desse endringane gjerast:

I følgjande føresegner blir «han» endra til «vedkommende»:

§ 8, § 15 tredje ledd første punktum, § 21 første ledd og § 22 første ledd.

§ 21 andre ledd skal lyde:

Fratrer et medlem tidligst tre år før aldersgrensen, får vedkommende alderspensjon såfremt summen av tjenestetid og alder er minst 85 år, eller vedkommende ved fratreden har fylt 67 år.

§ 21 A første ledd skal lyde:

Statens pensjonskasse kan bevilge straks løpende alderspensjon til arbeidstaker som i løpet av de siste ti årene har gått over fra stilling med lavere aldersgrense til stilling med høyere aldersgrense, når

  • a. vedkommende hadde hatt lavere aldersgrense i minst 15 år,

  • b. den lavere aldersgrensen er begrunnet i forhold som er omhandlet i lov om aldersgrenser for statsansatte m.fl. § 2 første ledd alternativ a, og

  • c. vedkommende ville hatt rett til alderspensjon i den tidligere stillingen.

§ 22 andre ledd skal lyde:

Den årlige alderspensjonen beregnes slik:

  • a. Et medlem med 30 års tjenestetid eller mer får full alderspensjon. Denne skal utgjøre 66 prosent av pensjonsgrunnlaget.

  • b. Et medlem med kortere tjenestetid enn 30 årskal ha en avkortet alderspensjon, som utgjør så mange trettideler av full pensjon som vedkommende har tjenesteår.

§ 23 første ledd første og andre punktum skal lyde:

Et medlem som fratrer sin stilling med minst tre års tjenestetid, men uten rett til straks å få pensjon etter denne loven eller lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse, har rett til oppsatt alderspensjon fra den aldersgrensen som gjelder for stillingen, men tidligst fra fylte 65 år. Den oppsatte alderspensjonen skal utgjøre så mange trettideler av full pensjon som vedkommende har tjenesteår, men ikke mer enn full pensjon etter § 22.

§ 23 andre ledd skal lyde:

For den som blir opptatt som nytt medlem av Statens pensjonskasse etter 1. januar 1967, skal oppsatt alderspensjon utgjøre en så stor del av full pensjon som forholdet mellom opptjent tjenestetid og den tjenestetiden vedkommende ville hatt fra den dag han eller hun ble medlem av Pensjonskassen og fram til aldersgrensen, men ikke mer enn 40 år og ikke mindre enn 30 år.

§ 26 tredje ledd femte og sjette punktum skal lyde:

Dersom medlemmet ved endelig fratreden ikke har rett til straks å få pensjon for den siste stillingen, får han eller hun igjen sin opprinnelige pensjon inntil vedkommende når aldersgrensen i den siste stillingen. Fra da av blir pensjonen beregnet etter den samlede tjenestetiden.

§ 34 tredje ledd andre punktum skal lyde:

Dersom ekteskapet ble inngått før 1. januar 2010, gjelder dette likevel ikke for pensjon til enke etter mannlig medlem som ble medlem første gang før 1. oktober 1976, og heller ikke for annen gjenlevende ektefelle etter medlem med medlemskap før 1. oktober 1976 for tjenestetid opptjent etter 31. desember 1993.

II

I lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. skal desse endringane gjerast:

§ 1 andre ledd skal lyde:

Arbeidstaker med flere stillinger som omfattes av pensjonsordningen, skal være medlem når stillingene til sammen fyller vilkårene etter første ledd, bokstav b.

§ 2 andre ledd skal lyde:

Pensjonsordningen kan frita en arbeidstaker for medlemskap dersom vedkommende går inn under en annen tjenestepensjonsordning eller det foreligger andre særlige grunner for det.

§ 7 nr. 1 første ledd første og andre punktum skal lyde:

Et medlem får alderspensjon når han eller hun helt eller delvis fratrer sin stilling ved eller etter nådd aldersgrense. Fratrer medlemmet tidligst tre år før aldersgrensen, ytes alderspensjon såframt summen av tjenestetid og alder er minst 85 år, eller vedkommende ved fratreden har fylt 67 år.

§ 7 nr. 2 første ledd skal lyde:

Medlem som fratrer sin stilling etter minst tre års tjenestetid uten rett til straks å få pensjon etter denne loven eller etter lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv., har rett til oppsatt alderspensjon fra aldersgrensen, eller fra det tidspunkt vedkommende ved fylte 67 år blir tilstått alderspensjon fra folketrygden.

§ 7 nr. 2 andre ledd første punktum skal lyde:

Den oppsatte alderspensjon skal utgjøre en så stor del av full pensjon som forholdet mellom opptjent tjenestetid og den samlede tjenestetiden vedkommende ville ha fått om han eller hun hadde fortsatt i stillingen til aldersgrensen, men ikke mer enn 40 år og ikke mindre enn 30 år.

§ 9 fjerde ledd femte og sjette punktum skal lyde:

Dersom medlemmet ved endelig fratreden ikke har rett til straks å få pensjon for den siste stillingen, får han eller hun igjen sin opprinnelige pensjon inntil vedkommende når aldersgrensen i den siste stillingen. Fra da av blir pensjonen beregnet etter den samlede tjenestetiden.

§ 17 tredje ledd andre punktum skal lyde:

Dersom ekteskapet ble inngått før 1. januar 2010, gjelder dette likevel ikke for pensjon til enke etter mannlig medlem som ble medlem første gang før 1. oktober 1976, og heller ikke for annen gjenlevende ektefelle etter medlem med medlemskap før 1. oktober 1976 for tjenestetid opptjent etter 31. desember 1993.

§ 29 nr. 1 første ledd skal lyde:

Medlemmet og i tilfelle hans eller hennes arbeidsgiver skal betale pensjonspremie til pensjonsordningen så lenge medlemmet er i tjeneste som nevnt i § 1, jfr. § 2, herunder også ved midlertidig avbrudd i tjenesten. For arbeidstakere betales likevel premie under avbrudd i tjenesten bare når full lønn betales.

§ 36 andre ledd første punktum skal lyde:

Den som ikke har slik tjenestetid som nevnt i foregående ledd, får godskrevet som pensjonsgivende to år av tidligere tjenestetid for hvert år vedkommende er i arbeid som omfattes av pensjonsordningen etter lovens ikrafttreden.

III

I lov 22. juni 1962 nr. 12 om pensjonsordning for sykepleiere skal desse endringane gjerast:

§ 8 tredje ledd første og andre punktum skal lyde:

Når et medlem er gått over fra en stilling med høyere til en stilling med lavere innskottsgrunnlag, eller når grunnlaget for hans eller hennes stilling er blitt satt ned uten at dette skyldes en alminnelig lønnsregulering, får medlemmet pensjon beregnet etter det høyere grunnlaget for så mange tjenesteår som han eller hun hadde da vedkommende fratrådte den høyere stillingen eller da grunnlaget for stillingen ble satt ned. I tillegg hertil får medlemmet pensjon beregnet etter det lavere grunnlaget for så mange tjenesteår som han eller hun har hatt etter at vedkommende gikk over i den lavere stillingen eller etter at grunnlaget for stillingen ble satt ned, men ikke for flere tjenesteår enn at den samlede tjenestetiden kommer opp i 30 år.

§ 9 første ledd skal lyde:

Det årlige beløp av en alderspensjon beregnes slik:

  • a. Har medlemmet en pensjonsgivende tjenestetid på 30 år eller mer, får vedkommende full alderspensjon. Denne skal være 66 pst. av pensjonsgrunnlaget.

  • b. Har medlemmet en pensjonsgivende tjenestetid på mindre enn 30 år, skal vedkommende ha en avkortet alderspensjon, som utgjør så mange trettideler av full pensjon som vedkommende har tjenesteår.

§ 10 andre ledd skal lyde:

For den som blir opptatt som nytt medlem av pensjonsordningen etter 1. januar 1967, skal oppsatt alderspensjon som nevnt i første ledd utgjøre en så stor del av full pensjon som forholdet mellom opptjent tjenestetid og den tjenestetiden vedkommende ville hatt fra den dag han eller hun ble medlem av pensjonsordningen og fram til aldersgrensen, men ikke mer enn 40 år og ikke mindre enn 30 år.

§ 20 første ledd andre punktum skal lyde:

Dersom ekteskapet ble inngått før 1. januar 2010, gjelder dette likevel ikke for pensjon til enke etter mannlig medlem som ble medlem første gang før 1. oktober 1976, og heller ikke for annen gjenlevende ektefelle etter medlem med medlemskap før 1. oktober 1976 for tjenestetid opptjent etter 31. desember 1993.

§ 29 andre ledd skal lyde:

Et medlem regnes for å ha betalt innskott til pensjonsordningen når vedkommende har fått sin lønn med fradrag av pliktig innskott.

§ 36 første ledd første punktum skal lyde:

Enhver arbeidsgiver plikter å sende pensjonsordningen meldinger og innberetninger om de arbeidstakere arbeidsgiveren har i sin tjeneste, og som omfattes av denne lov.

IV

I lov 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. skal § 1 sjette ledd lyde:

Garantien omfatter i tillegg rimelige omkostninger arbeidstaker eller en arbeidstakerorganisasjon har i forbindelse med konkursbegjæringen. Kravene dekkes i den utstrekning de er massefordringer etter dekningsloven § 9-2 andre ledd nr. 1, og boet selv ikke har midler til å dekke dem.

V

I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal desse endringane gjerast:

§ 3-25 andre ledd fjerde punktum skal lyde:

Fra og med 1. januar 2023 fases barnetillegget gradvis ut slik at fullt tillegg utgjør 67 prosent av tillegget etter andre punktum i 2023 og 33 prosent av tillegget etter andre punktum i 2024.

§ 4-4 første ledd skal lyde:

For å få rett til dagpenger må medlemmet

  • a. i de siste tolv avsluttede kalendermånedene før det søkes om stønad ha hatt utbetalt en brutto arbeidsinntekt som minst svarer til 1,5 ganger grunnbeløpet på søknadstidspunktet, eller

  • b. i løpet av de siste 36 avsluttede kalendermånedene før det søkes om stønad ha hatt utbetalt en brutto arbeidsinntekt som minst svarer til 3 ganger grunnbeløpet på søknadstidspunktet.

§ 4-5 tredje leddet blir oppheva. Noverande fjerde ledd blir tredje ledd.
§ 4-11 andre ledd første og andre punktum skal lyde:

Dagpengegrunnlaget fastsettes ut fra medlemmets utbetalte arbeidsinntekt de siste tolv avsluttede kalendermånedene før han eller hun søker om stønad, eller får fastsatt nytt dagpengegrunnlag etter bestemmelsene i § 4-16 første ledd, andre og tredje punktum. Dersom det gir et høyere grunnlag, fastsettes dagpengegrunnlaget i stedet ut fra den gjennomsnittlige arbeidsinntekten som er utbetalt i de siste 36 avsluttede kalendermånedene før søknadstidspunktet.

§ 4-12 andre ledd tredje punktum blir oppheva. Noverande andre ledd fjerde punktum blir tredje punktum.
§ 4-12 tredje ledd skal lyde:

Dagpenger inklusive barnetillegg, men eksklusive ferietillegg, kan ikke utgjøre mer enn 90 prosent av medlemmets dagpengegrunnlag.

§ 4-14 skal lyde:
§ 4-14 Ferietillegg

Det gis et ferietillegg til medlemmer som har mottatt dagpenger i mer enn åtte uker i løpet av et kalenderår.

Ferietillegget skal utgjøre 9,5 prosent av de utbetalte dagpengene i kalenderåret.

Departementet kan gi forskrift om beregning og utbetaling av ferietillegget.

§ 4-16 andre ledd blir oppheva. Noverande tredje ledd blir andre ledd.
§ 8-17 første ledd bokstav d og e skal lyde:
  • d. under nødvendig kontrollundersøkelse som krever minst 24 timers fravær, se § 8-4 andre ledd bokstav e,

  • e. når arbeidstakeren er donor, se § 8-4 andre ledd bokstav i.

§ 8-49 tredje ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Dersom et medlem har mottatt dagpenger eller sykepenger på grunnlag av dagpenger etter denne paragrafen i mer enn åtte uker i et kalenderår, ytes det et ferietillegg på 9,5 prosent til sykepengene.

Ny § 10-7 a skal lyde:
§ 10-7 a Stønad til briller til barn

Det kan gis stønad til briller til et medlem under 18 år som har behov for synskorrigering. Det er ikke et vilkår for rett til stønad at behovet for synskorrigering skyldes sykdom, skade eller lyte.

Departementet gir forskrift om stønad etter denne paragrafen.

§ 20-20 tredje ledd tredje punktum skal lyde:

Garantitillegg tas ut i samme grad som alderspensjon og reguleres i takt med et gjennomsnitt av lønns- og prisvekst, se § 20-18 andre ledd.

VI

I lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor skal desse endringane gjerast:

§ 7 fjerde ledd andre punktum skal lyde:

Pensjonen, unntatt det faste tillegget etter tredje ledd, reguleres i samsvar med lønnsveksten som gjelder for folketrygden, jf. folketrygdloven § 20-18 første ledd, og fratrekkes deretter 0,75 prosent.

§ 7 fjerde ledd tredje punktum blir oppheva. Noverande fjerde ledd fjerde punktum blir tredje punktum.

VII

I lov 25. juni 2010 nr. 28 om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse skal desse endringane gjerast:

§ 4 tredje punktum skal lyde:

Pensjonen, unntatt AFP-tillegg, reguleres i samsvar med et gjennomsnitt av lønns- og prisvekst.

§ 4 femte punktum skal lyde:

Ved første reguleringstidspunkt etter pensjonsuttak i månedene juni til april reguleres pensjonen, unntatt AFP-tillegg og forsørgingstillegg, med en faktor som består av lønnsvekst og av gjennomsnittlig lønns- og prisvekst, vektet ut fra når i denne perioden pensjonen ble tatt ut.

§ 4 sjette punktum blir oppheva.

VIII

  1. Lova tek til å gjelde 1. januar 2023.

  2. Endringa i folketrygdlova § 20-20 under del V og endringane under del VI og VII tek til å gjelde straks og får verknad frå 1. april 2022.

  3. Departementet kan gi forskrift om overgangsreglar.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 5. desember 2022

Kirsti Bergstø

Tuva Moflag

leder

ordfører