Søk

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringen sørge for at virkningen på miljø, fiskeri og bærekraft skal vektlegges i konkurransekriteriene, i forskrift etter havenergilova om vilkår for tildeling av område.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringen sørge for at selskap som får rettigheter etter havenergilova i et område, har eller må knytte til seg kompetanse på miljø, fiskeri og bærekraft.

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne:
Forslag 3

Stortinget ber regjeringen om å inkludere krav til Enviromental, social and corporate governance (ESG) rapportering som kriterier for forhåndskvalifikasjon i forskrift etter havenergilova om vilkår for tildeling av område.

Forslag 4

Ny § 2-3 skal lyde:

§ 2-3 Utlysing og tildeling av areal

Eitt eller fleire område innanfor eit område som er opna etter § 2-2, skal som hovudregel lysast ut og tildelast gjennom konkurranse, der verknad på natur og berekraft skal vere avgjerande element. Departementet kan likevel tildele eit område etter søknad utan utlysing og konkurranse. Det kan bli kravd vederlag for tildelinga.

Ved utlysinga skal departementet avgjere om tildelinga av eit område skal skje ved auksjon ved ei vurdering av søkarane på grunnlag av objektive og ikkje-diskriminerande vilkår eller ved ein kombinasjon. Ved tildeling på ein annan måte enn ved auksjon fastset departementet storleiken på det eventuelle vederlaget.

Ved tildeling av areal må søkarar ha tilfredsstillande teknisk og biologisk kompetanse og finansiell styrke og oppfylle relevante krav til helse, miljø, berekraft og sikkerheit. Departementet kan krevje at aktørane som vil delta i ein konkurranse om tildeling av areal, skal prekvalifiserast før deltakinga. Ved utlysing kan departementet også sette andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår.

Den som får tildelt eit område, får ein tidsavgrensa einerett til å gjennomføre ei prosjektspesifikk konsekvensutgreiing og å søke om konsesjon etter § 3-1 for produksjonsanlegg innanfor området.

Departementet kan gi forskrift om vilkår for tildeling av område etter denne paragrafen.