Kommunal- og distriktsdepartementet
legg i proposisjonen fram eit forslag til endringar i plan- og bygningsloven.
Endringsforslaga gjev kommunane
heimlar for å kunne krevje tiltak for handtering av overvatn, både
ved nybygging og på eigedommar som er heilt eller delvis utbygde.
Det går fram av proposisjonen at målet med forslaga er å førebyggje
skadar på byggverk, vareta helse og miljø og å utnytte overvatn
som ressurs.
I punkt 4 i proposisjonen
omtaler departementet forslag til endringar i del 3 i lova om gjennomføring
av planar. Forslaget inneheld endringar i fleire føresegner, som
skal bidra til å opparbeide tiltak for betre handtering av overvatn.
For å sørgje for meir formålstenleg overvasshandtering blir det
innført opparbeidingsplikt for offentlege blågrøne overvassløysingar
(§ 18-1), til dømes opne bekkar og dammar. Andre blågrøne løysingar
kan vere grøne tak, regnbed og parkeringsanlegg med permeable (porøse)
flater og liknande. Opparbeidingsplikta skal gjelde for anlegg som
handterer overvatn frå eigedommar som skal byggjast ut. Anlegga
blir fastsette i arealplan. Vidare presiserer forslaget at kommunen
kan krevje opparbeiding av private fellesanlegg for overvasshandtering
(§ 18-2), til dømes felles fordrygingsbasseng eller opne bekkar.
Samtidig blir det foreslege endringar i reglane om ekspropriasjon
(§ 16-5) og refusjon (§§ 18-3 og 18-5) for å tilpasse desse til endringane
i reglane om opparbeidingsplikt. Sjå punkt 4 i proposisjonen for
nærare omtale.
I punkt 5 i proposisjonen
omtaler departementet forslag til endringar i del 4 i lova om byggjesak.
Det går fram av proposisjonen at endringane skal tydeleggjere at
overvatn i størst mogleg grad skal handterast på eigedommen. Plikta
for tiltakshavar til å infiltrere og fordryge overvatn, i tillegg
til å sikre forsvarleg avleiing (treleddsstrategien), blir flytta
frå byggteknisk forskrift og presisert i lova (§ 28-10). Proposisjonen
inneheld også forslag om å innføre ein heimel til å fastsetje i
forskrift eit nivå for akseptabel risiko for overvatn (§ 28-10 tredje punktum).
Eit forskriftsfesta nivå for akseptabel risiko set ein nasjonal
standard for kor ofte innbyggjarane i kommunen kan rekne med å oppleve
overvasshendingar som medfører skade eller vesentleg ulempe, både når
det blir bygd nytt og i allereie utbygde område.
Vidare blir det foreslege
ein heimel som gjer det mogleg for kommunen å påleggje tiltak for
å betre overvasshandteringa på eigedommar som allereie er utbygde
(§ 31-4). Pålegget kan gjevast for å avverje fare for skade eller
vesentleg ulempe på person, eigedom eller miljø som overvatn frå
eigedommen kan medføre. Pålegget skal ikkje vere meir omfattande
enn nødvendig, og kostnadene skal ikkje vere mishøveleg store, ut
frå problema overvatnet skaper. Sjå punkt 5 i proposisjonen for
nærare omtale.
I punkt 2 i proposisjonen
omtaler departementet bakgrunnen for proposisjonen. Det blir gjeve
ein omtale av kva overvatn er, konsekvensar og tiltak, av gjeldande
regulering av overvatn i plan- og bygningslovgjevinga, av at klimaendringar
og fortetting gjev behov for betre overvasshandtering, at ei ikkje
forbetra overvasshandtering vil gje auka kostnader i framtida, og
av alternative tiltak. Sjå punkt 2 i proposisjonen for nærare omtale.
I punkt 3 i proposisjonen
blir det vist til at proposisjonen byggjer på eit høyringsnotat
som blei sendt på høyring i mars 2020. Sjå punkt 3 for oversikt
over høyringsinstansane. Omtale av kva høyringsinstansane meiner
finst under omtala av dei einskilde forslaga i punkt 4 og 5 i proposisjonen.
Syna varierer.
I punkt 6 i proposisjonen
omtaler departementet økonomiske og administrative konsekvensar
av forslaga. Det blir vist til samfunnsøkonomiske konsekvensar av
forslaga, konsekvensar for næringslivet, konsekvensar for privatpersonar,
og for offentleg forvaltning. Det blir òg vist til verknaden forslaga
har for Svalbard. Sjå punkt 6 i proposisjonen for nærare omtale.
I punkt 7 i proposisjonen
er det merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget.
Det blir i proposisjonen
foreslege at lova skal gjelde frå den tid Kongen bestemmer, og peikt
på at kommunane og andre aktørar må få ei viss tid til å førebu
seg på nye reglar.