Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om representantforslag om å sikra at innbyggjarane i Nordvik, Søfteland og Kalandseid slepp å betala bompengar for ein veg dei ikkje nyttar

Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet vert det fremja følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa syta for at det ikkje blir kravd inn bompengar på sidevegane til E39 mellom Bjørnafjorden og Bergen.»

Ein viser til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaga.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jone Blikra, Kirsti Leirtrø og Nils Kristen Sandtrøen, frå Høgre, Liv Kari Eskeland, Trond Helleland og Henning Wold, frå Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen, Geir Inge Lien og leiaren Erling Sande, frå Framstegspartiet, Morten Stordalen og Frank Edvard Sve, frå Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, og frå Venstre, André N. Skjelstad, viser til representantforslag 251 S (2021–2022) frå stortingsrepresentantane Helge André Njåstad og Silje Hjemdal om å sikra at innbyggjarane i Nordvik, Søfteland og Kalandseid slepp å betala bompengar for ein veg dei ikkje nyttar.

Vidare viser komiteen til statsråden sitt svarbrev 13. juni 2022 i saka. Brevet følger som vedlegg til denne innstillinga.

Komiteen viser til at bakgrunnen for saka er bompengeproposisjonen Prop. 134 S (2013–2014), som omhandlar utbygging og finansiering av E39 Svegatjørn–Rådal i Hordaland (no Vestland fylkeskommune). Komiteen viser vidare til at det i representantframlegget er vist til at det i handsaminga av proposisjonen vart poengtert at nytteprinsippet skal liggja til grunn for innkrevjing av bompengar, og at det berre unntaksvis skal setjast opp bomstasjonar på sidevegnettet.

Komiteen merkar seg vidare at statsråden ønskjer, gjennom eit oppdragsbrev til Statens vegvesen, å greia ut eit alternativt bompengeopplegg for prosjektet, basert på desse forholda. Dette skal gjerast i dialog med lokale og regionale styresmakter.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, er glad for at statsråden signaliserer at han er i ferd med å utarbeide eit oppdragsbrev til SVV om å greia ut eit alternativt bompengeopplegg for prosjektet, eit arbeid som skal gjerast i nær dialog med lokale styresmakter. Fleirtalet set difor si lit til at det vert jobba fram eit opplegg som tek omsyn til innspel frå bebuarar og lokalt næringsliv så langt det let seg gjera, innanfor rammene som er gjevne i oppdraget som bompengeselskapet har fått, slik at ein også kan vareta dei forpliktingane ein har tatt på seg.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til Prop. 134 S (2013–2014) om utbygging og finansiering av E39 Svegatjørn–Rådal. Likeledes viser dette flertallet til Innst. 37 S (2014–2015) fra transport- og kommunikasjonskomiteen, hvor det går fram at flere av komiteens medlemmer reiste spørsmål om nødvendigheten av bom på sideveger i dette prosjektet. Svarbrevet fra statsråd Ketil Solvik-Olsen datert 4. november 2014 inneholder en vurdering av hvorfor han mente det var riktig med bompenger på sidevegnettet. Dette brevet ble vedlagt komitéinnstillingen.

Dette flertallet viser videre til at Fremskrittspartiet satt i regjering med både finansminister og samferdselsminister fra 2013 til 2020, hvor partiet hadde et direkte ansvar for utbygging og finansiering av dette prosjektet, og hvor altså bompengeinnkreving etter planen skal iverksettes den 31. oktober i år. Dette flertallet finner grunn til å påpeke at forslagsstillerne fremmer saken samtidig med at det vedtatte finansieringsopplegget skal tre i kraft, og at Stortinget således skal debattere denne saken i plenum først etter at bompengeinnkrevingen har startet.

Dette flertallet registrerer at det fra lokalt hold i Bjørnafjorden kommune og Bergen kommune pekes på et to-bom-system som en mulig løsning for sidevegene.

Medlemene i komiteen frå Høgre viser til Stortinget si handsaming av Prop. 134 S (2013–2014) Utbygging og finansiering av E39 Svegatjørn–Rådal i Hordaland, der komiteen slutta seg til utbygging og finansiering av denne delen av E39. Vidare viser desse medlemene til vedtak fatta i fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune (PS/2020), som også vert referert i statsråden sitt svarbrev, som omhandlar rammene for vedståing av garanti for planlagt innkrevjingsbeløp.

Desse medlemene har forståing for at det kan verte krevjande for privatpersonar og næringsliv som opplever at plassering av bomstasjonar på sidevegar grip inn i transportruter som i dag er etablerte, og at dette kan ha ein avvisande effekt på samhandling i kommunen.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet vil vise til Stortinget si handsaming av Prop. 134 S (2013–2014) Utbygging og finansiering av E39 Svegatjørn–Rådal i Hordaland der komiteen slutta seg til utbygging og finansiering av denne delen av E39.

Desse medlemene viser til Innst. 37 S (2014–2015), der ein samla komité skriv:

«Komiteen ser at det ligg lokale vedtak knytt til ønske om fritak for innbyggjarar som synest å kunne få ei urettmessig høg belastning ved dei planlagde bomplasseringane. Komiteen viser til at nytteprinsippet skal liggje til grunn for innkreving av bompengar, og at det berre unntaksvis skal setjast opp bom på sidevegnettet. Komiteen viser til at det i denne saka for nokre lokalmiljø må sikrast løysingar som gjer at det er samanheng mellom betaling og nytte for vegen. Komiteen meiner at det bør arbeidast vidare med å finne ei løysing på problemstillinga i denne saka fram til bompengeinnkrevjinga skal ta til. Det vil også vere naturleg å sjå dette i samanheng med den varsla omorganiseringa av bompengestrukturen. Komiteen vil vidare understreke betydninga av at ein vel løysingar for bompengeinnkrevjing som i størst mogleg grad bidrar til å halde på ordninga si legitimitet.»

Desse medlemene viser til at innbyggjarar og næringsliv som er lokalisert på dei to sidevegane til ny E39 på kommunegrensa mellom Bergen og Bjørnafjorden, er uroa over at det enda ikkje er fremma ei løysing som sikrar at desse to velfungerande samfunna, med mykje samhandling innanfor skule, barnehage, idrett, fritid og næring, ikkje skal bli delte av ein bomstasjon som vil innebere at små daglege turar på vegen vil utløyse store utgifter til bompengar. For næringslivet kan også desse bomstasjonane fjerne store deler av næringsgrunnlaget.

Desse medlemene meiner det er viktig å få på plass ei løysing før vegen opnar hausten 2022. Framstegspartiet sitt primære ynskje er å fjerne bompengar på sidevegane, subsidiært ei løysing som tek i vare lokaltrafikken på sidevegane.

Disse medlemmer viser videre til at Fremskrittspartiet er det eneste partiet på Stortinget som er mot bruken av bompenger. Til tross for dette ble det gjennom Fremskrittspartiet sine år i regjering vedtatt og gjennomført store og betydningsfulle grep for å redusere bilistenes bompengebyrde. Eksempelvis gikk den den totale bompengeandelen i veifinansieringen ned fra 41 pst. til 28 pst., samtidig med at utbyggingstakten økte kraftig. Staten bevilget mer til store kollektivinvesteringer i byene samtidig som det ble gitt midler til å redusere bompengene. I forhandlinger om budsjettene for 2020 og 2021 fikk Fremskrittspartiet gjennom totalt 2,55 mrd. kroner til sletting av bompengegjeld. Slettingen av bompengegjeld førte blant annet til at Møre og Romsdal stengte sin siste bomstasjon og ble et fylke helt uten bompenger.

Disse medlemmer registrerer i likhet med landets befolkning at det har skjedd en markant kursendring med Arbeiderpartiet og Senterpartiet i regjering. Møre og Romsdal har igjen bomstasjoner. Utbyggingstakten går kraftig ned samtidig som bompengeandelen går kraftig opp. I budsjettforslaget for 2023 reduseres tilskuddet til reduserte bompengetakster utenfor byene med hele 393 mill. kroner. Arbeiderpartiet og Senterpartiet foreslår høyere bomtakster for elbiler og andre nullutslippskjøretøy. Arbeiderpartiet og Senterpartiet fjernet også øremerkingen av tilskuddet til reduserte bompenger i byene, noe som blant annet betyr at innbyggerne i Bergen og Oslo må ut med henholdsvis 60 og 305 mill. kroner mer i bompenger i 2023. På toppen av dette budsjetterer regjeringen med å sette bompengerekord i 2023 ved å ta inn historisk mye i bompenger fra bilistene. Det er blant annet på denne bakgrunn at disse medlemmer mener det både er viktig og svært tidsriktig å gjøre noe med bompengebyrden til vanlige folk i Nordvik, Søfteland og Kalandseid.

Desse medlemene fremjar føljgande forslag:

«Stortinget ber regjeringa syta for at det ikkje vert kravd inn bompengar på sidevegane til E39 mellom Bjørnafjorden og Bergen.»

Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa syta for at det ikkje vert kravd inn bompengar på sidevegane til E39 mellom Bjørnafjorden og Bergen.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Dokument 8:251 S (2021–2022) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Helge André Njåstad og Silje Hjemdal om å sikra at innbyggjarane i Nordvik, Søfteland og Kalandseid slepp å betala bompengar for ein veg dei ikkje nyttar – vert ikkje vedteke.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 25. oktober 2022

Erling Sande

Liv Kari Eskeland

leiar

ordførar