Forslag fra Sosialistisk Venstreparti,
Rødt, Venstre og Kristelig Folkeparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
setta ned eit breitt samansett offentleg utval som skal gjera ein
heilskapleg gjennomgang av det norske eksportkontrollregimet, både regelverket
og den forvaltningsmessige sida, for å sikra reell og etterprøvbar
etterleving av Stortingets 1959-vedtak og 1997-presisering og av
internasjonale forpliktingar. I tillegg skal utvalet vurdera om
det er behov for fleire presiseringar, i tråd med norske folkerettslege,
humanitærrettslege og menneskerettslege forpliktingar.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
gje Stortinget ein garanti for at det ikkje skal eksporterast forsvarsmateriell
og fleirbruksvarer til landa som deltar i krigføring i Jemen, på
bakgrunn av føre-var-prinsippet om å unngå at norske varer bidreg
til brot på folkeretten.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti,
Rødt og Venstre:
Forslag 3
Stortinget ber utenriksministeren
redegjøre for hvordan regjeringen vil håndheve norsk eksportregelverk
og folkerettslig bindende avtaler for forsvarsmateriell som videreselges
til tredjeland.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti,
Rødt og Kristelig Folkeparti:
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa
om at krav om sluttbrukardokumentasjon vert praksis ved all eksport
av forsvarsmateriell, også til NATO-land og nære allierte.
Forslag 5
Stortinget ber om
at sluttbrukardokumentasjon vert integrert i den nye våpenavtalen
som vert forhandla fram med USA.