vedtak til lov
om endringer i yrkestransportloven
(behandling av personopplysninger)
I
I lov 21. juni 2002
nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy gjøres følgende
endringer:
§ 7 første ledd annet punktum
skal lyde:
§ 4 andre ledd bokstav
b og c og § 6 tredje ledd
gjeld tilsvarande.
§ 11 a skal lyde:
§ 11 a. Miljøkrav ved kjøp av køyretøy
Departementet kan
i forskrift fastsetje at den som har løyve for persontransport etter
lova her, eller løyvefritak, og som får godtgjersle eller einerett
for å utføre offentleg teneste, skal stille nærare fastsette energi-
og miljøkrav ved kjøp av køyretøy.
Kravet gjeld for køyretøy som
vert nytta ved levering av den offentlege tenesta.
§ 23 første ledd skal lyde:
(1) Fylkeskommunen kan
gjere vedtak om at godtgjersle til rutetransport skal gå til eit
selskap som administrerer rutesambanda i fylket. § 22 femte ledd
gjeld tilsvarande.
Ny § 29 b skal lyde:
§ 29 b. Handsaming av personopplysningar
Offentlege styresmakter
kan handsama personopplysningar, mellom anna personopplysningar
som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er naudsynt
for å utføre oppgåver gjevne i eller i medhald av lova her. Det
same gjeld for selskap og andre juridiske personar som utfører oppgåver
gjevne i eller i medhald av lova, unntatt personopplysningar som
nemnt i personvernforordninga artikkel 10.
Offentlege styresmakter
og selskap eller andre juridiske personar som er gjevne løyve for
persontransport med fartøy i rute i medhald av lova § 7, kan handsama personopplysingar
når det er naudsynt for å utføre oppgåver innan billettering av
køyretøy på ferje. Avgrensingane i første ledd andre punktum gjeld
tilsvarande.
Departementet kan
gje forskrift om handsaming av personopplysningar, mellom anna om
føremålet med handsaminga, kva for opplysningar som kan handsamast,
kven som kan handsama opplysningar, vilkår for eventuell utlevering,
krav til sletting og vidare handsaming for forsking og statistiske
formål.
II
Loven trer i kraft
straks.