Søk

Forslag fra mindretall

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Venstre, Miljøpartiet De Grønne og Kristelig Folkeparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa trekke tilbake løyver til gruvedrift med sjødeponi planlagt i Repparfjorden (Nussir ASA) og Førdefjorden (Nordic Mining AS).

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa om å ikkje stadfeste driftskonsesjonen gitt av Direktoratet for mineralforvaltning til Nordic Mining for utvinning i Engebøfjellet.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa legge til grunn at det ikkje skal givast konsesjon til mineralutvinning i Engebøfjellet utan at det vert stilt krav om nullutslepp for avfall, strenge krav om tilbakeføring av massar, krav om handtering av avfall utan eit ope landdeponi, og at det ikkje skal givast løyve til sjødeponi.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringa greie ut og kome tilbake til Stortinget med eit framlegg om ei deponiavgift for uutnytta overskottsmasse ved mineralutvinning.