Søk

Sammendrag

Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av Kvinnheradpakken i Vestland. Pakken omfattar i alt seks utbyggingsprosjekt og ei ramme til mindre tiltak på fleire fylkesvegstrekningar i Kvinnherad kommune.

Føremålet med dei fleste prosjekta er å utbetra standarden på eksisterande veg. Det blir lagt opp til bygging av gang- og sykkelvegar i tettbygde område. For to av dei prioriterte utbyggingsprosjekta er føremålet først og fremst skredsikring. Det blir òg tatt omsyn til trafikktryggleik og framkome i planlegginga av desse prosjekta.

Det er til saman sju tiltak/prosjekt i Kvinnheradpakken. Samla økonomisk ramme er 846 mill. kroner i 2022-prisnivå. Finansieringsplanen omfattar fylkeskommunale midlar (219 mill. kroner), fylkeskommunale skredsikringsmidlar (338 mill. kroner), kommunale midlar (83 mill. kroner) og bompengar (206 mill. kroner). Med ein bompengeandel på om lag 24 pst. har pakken høg eigenandel.

Dåverande Hordaland fylkeskommune vedtok pakken i desember 2018, og har oppretta ein prosjektorganisasjon og starta opp delar av pakken med bruk av fylkeskommunale midlar. Utbygginga av eit av prosjekta, fv. 500 Furebergfossen bru, er ferdig bygd, og prosjektet fv. 500 Folgefonntunnelen–Årsnes er starta opp. Det er elles lagt opp til oppstart i 2022 med fullføring i løpet av 2025, og innkrevjing av bompengar på tre ferjestrekningar frå 2022.

Det er om lag 13 200 innbyggjarar i Kvinnherad kommune i dag, og folketalet er venta å stige svakt fram mot 2030. Hovudvegnettet i Kvinnherad kommune består av fv. 500 mellom Mauranger via Rosendal og Opsanger-krysset ved Husnes og over Halsnøy til Ranavik ferjekai. Vidare går fv. 548 frå kryss med fv. 500 ved Toralia til Utåker ferjekai. I tillegg går fv. 528 mellom Opsanger og Hellandskrysset via Sunde og Husnes.

Kvinnherad har vegsamband til Ullensvang kommune gjennom fv. 500 Folgefonntunnelen, og via fv. 500 Jondalstunnelen. Kommunikasjon mot Fusa og Os går via ferjesambandet fv. 48 Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn. Kvinnherad er knytt til kommunane i vest via ferjesambandet fv. 500 Ranavik–Skjersholmane på Stord, og til Etne i sør via ferjesambandet fv. 548 Utåker–Matre–Skånevik.

Store delar av vegnettet i Kvinnherad er ikkje tilpassa dagens krav til standard. Mange av fylkesvegane har berre eitt køyrefelt, og det er behov for å betre framkoma og tryggleiken for gåande og syklande. I åra 2010–2019 har totalt 4 blitt drepne og 12 alvorleg skadde i trafikkulykker i kommunen. Det er òg mange kjente skredpunkt med høg skredfaktor i kommunen, og vegnettet blir stadig stengt som følgje av stein- og snøskred.

Det er lokalpolitisk semje i Kvinnherad om det opplegget som er føreslått for utbygging og finansiering av Kvinnheradpakken, og Vestland fylkeskommune har vedteke å stille garanti for bompengelån. Departementet legg derfor i proposisjonen til grunn Vestland fylkeskommune sitt opplegg for finansiering og utbygging av Kvinnheradpakken.

Arbeidet med pakken er starta opp med fylkeskommunale midlar. Fylkeskommunen starta opp utbygginga av Furebergfossen bru, og etter dette byggjetrinn 1 av Årsnes–Folgefonntunnelen med bruk av fylkeskommunale skredsikringsmidlar. Grunnen til at fylkeskommunen har starta opp prosjekt i pakken er at midlar blei innarbeidd i investeringsprogrammet for fylkesvegnettet i tidlegare Hordaland fylkeskommune, og det blei oppretta ein prosjektorganisasjon for pakken. Det er ved utgangen av 2021 brukt om lag 160 mill. kroner av fylkeskommunale midlar til tiltak i pakken. Bruk av bompengar i pakken er forventa starta opp i 2022 med prosjektet fv. 500 Sæbøvik–Eidsvik–Tofte.

Innkrevjing av bompengar skal skje på ferjesambanda til kommunen. Sjølv om dette kan gje negative effektar for nabokommunane Stord og Etne, viser departementet i proposisjonen til at innkrevjing på ferje gir låge innkrevjingskostnader, og at midlane med dette kan brukast til vegutbygging.

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen til grunn at Kvinnheradpakken blir styrt i samsvar med dei nye føringane for porteføljestyrte bompengepakkar. Dette inneber at ei eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt i bompengepakken skal handterast gjennom porteføljestyring og ikkje gjennom auka takstar eller forlenga innkrevjingsperiode. Garantisten sine utlegg kan følgeleg ikkje dekkast gjennom ei auke i gjennomsnittstaksten eller ei forlenging av bompengeperioden. Departementet understrekar i proposisjonen at det vil vere behov for ei stram styring av porteføljen for å unngå at den fylkeskommunale garantien blir løyst ut.

Etter at Stortinget har gjort vedtak om finansiering, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen og gjeldande standardavtale.