Søk

Samandrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om revidert finansieringsopplegg med auke i bompengebidraget for å fullføre fylkesvegprosjekt og -tiltak i Askøypakken i Askøy kommune.

Stortinget slutta seg til Askøypakken gjennom handsaming av Prop. 197 S (2012–2013) Delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland, jf. Innst. 40 S (2013–2014). Pakken omfattar 10 prosjekt og tiltak i fylkesvegnettet, i tillegg til ei ramme til kollektivtiltak. Bompengeinnkrevjinga starta opp hausten 2014, og skulle opphavleg halde fram til 2028.

Det lar seg ikkje gjere å finansiere alle tiltaka i porteføljen innanfor den opphavlege økonomiske ramma. Fleire av prosjekta har vist seg å vere meir kostnadskrevjande enn det som først vart lagt til grunn. Samtidig har trafikken blitt lågare enn forventa, og med auka elbildel har òg gjennomsnittstaksten blitt redusert. Dette har gitt lågare bompengeinntekter.

Finansieringa av Askøypakken for perioden 2014–2028 var basert på fylkeskommunale midlar og bompengar innanfor ei økonomisk ramme på totalt 1 330 mill. 2013-kroner. Av dette var bompengebidraget føresett å utgjere 1 120 mill. kroner.

Det er til saman nytta 990 mill. 2022-kroner til investeringar ved utgangen av 2021. Fylkeskommunen har bidratt med 338 mill. kroner inkl. kompensasjon for meirverdiavgift (mva.), og bompengebidraget er til no 652 mill. kroner.

Det står att 1 013 mill. 2022-kroner, der 805 mill. kroner er bompengebidrag og 208 mill. kroner er fylkeskommunale midlar inkl. mva-kompensasjon. Av desse er 85 mill. kroner reine fylkeskommunale midlar.

I det reviderte finansieringsopplegget for Askøypakken er det lagt til grunn etablering av ein ny bomstasjon frå 2023 og forlenging av den samla bompengeinnkrevjinga i fem år til 2033. Det er berekna at det vil gi eit bompengebidrag på 489 mill. kroner. Det er også lagt til grunn ytterlegare om lag 159 mill. kroner i mva-kompensasjon. Saman med midlane som står att frå tidlegare, gir dette ei total ramme til vegprosjekt i perioden 2022–2033 på 1 661 mill. 2022-kroner. Av dette utgjer bompengebidraget 1 294 mill. kroner.

Askøypakken har bidrege til ein vesentleg betre vegstandard, med betre framkome og trafikktryggleik på Askøy. Samtidig står det att fleire prosjekt som ikkje lar seg finansiere innanfor den opphavlege økonomiske ramma for pakken.

Med det reviderte finansieringsopplegget for Askøypakken ønskjer lokale styresmakter å fullføre dei fem påbegynte og attståande prosjekta. Alle prosjekta har godkjend reguleringsplan.

Det er lokalpolitisk semje om endringar i bompengeopplegget med etablering av ein femte bomstasjon og forlenga innkrevjing i fem år frå 2028. Vestland fylkeskommune har vedteke å stille garanti for bompengelånet. Samferdselsdepartementet gir i proposisjonen difor si tilslutnad til føreslått bompengeopplegg med innkrevjing ut 2033 for å fullføre prosjekta i pakken, og meiner som lokale styresmakter at nytteprinsippet blir betre vareteke med ein ny bomstasjon.

Samferdselsdepartementet fastsette nye retningslinjer for bompengefinansierte bypakkar i 2019 og 2020, der det mellom anna er lagt til grunn at det ikkje lenger vil vere aktuelt å leggje fram reviderte pakkar for Stortinget utelukkande for å dekkje inn kostnadsauke i enkeltprosjekt eller inntektssvikt som følgje av lågare trafikk. Når departementet no likevel legg fram forslag om revidert finansieringsopplegg for Askøypakken, er det lagt avgjerande vekt på at det blei fatta lokale vedtak om forlenging før dei nye retningslinjene kom, og at desse føringane derfor ikkje skal ha tilbakeverkande kraft.

I retningslinjene er det også stilt krav om 20 pst. eigendel for investeringar i fylkeskommunale og kommunale prosjekt som ikkje har vore lagt fram for Stortinget som ein del av bypakkar tidligare. Revideringa av Askøypakken er ikkje omfatta av dette kravet sidan prosjektporteføljen er den same som i Prop. 197 S (2012–2013).