Tilrådinga frå komiteen
blir fremja av medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet,
Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre.
Komiteen har elles ingen merknader,
viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
Stortinget ber regjeringa
vurdere korleis ein kan løfte og formalisere kompetansen for yrkesutøvarar
innan demontering og gjenbruk i bygg- og anleggsbransjen i utdanningssektoren,
og kome tilbake til Stortinget med ein plan for gjennomføring. Planen
bør særleg ha tema som:
-
korleis berekraft,
sirkulærøkonomi og gjenbruk blir synleggjort i fagplanane for modulstrukturert
fag- og yrkesopplæring, som skal fornyast sommaren 2023
-
korleis demontering
og gjenbruk kan passe inn i dei yrkesfaglege løpa.