Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Even Eriksen, Kari Henriksen og Lubna Boby Jaffery, frå Høgre, leiaren Peter
Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå
Framstegspartiet, Carl I. Hagen, frå Sosialistisk Venstreparti,
Audun Lysbakken, frå Raudt, Seher Aydar, og frå Venstre, Grunde
Almeland, viser til at Riksrevisjonen i Dokument 3:5 (2021–2022) har
undersøkt i kor stor grad offentlege oppdragsgjevarar innrettar
anskaffingspraksisen slik at han bidreg til å redusera skadeleg
miljøpåverking og fremja klimavenlege løysingar slik Stortinget
har føresett.
Komiteen viser til at næringskomiteen
i Innst. 358 L (2015–2016), jf. Prop. 51 L (2015–2016) Lov om offentlige
anskaffelser, uttalte:
«For å lykkes med
effektiv ressursbruk mener komiteen at arbeidet med offentlige anskaffelser
først og fremst må underlegges god styring, planlegging og oppfølging,
og det må være hensiktsmessig organisert.»
Komiteen viser til at Riksrevisjonen
har funne at anskaffingspraksisen til offentlege oppdragsgjevarar ikkje
i stor nok grad bidreg til å minimera miljøbelastinga og fremja
klimavenlege løysingar. Mange offentlege oppdragsgjevarar manglar
ei heilskapleg tilnærming til å ta vare på klima- og miljøomsyn
i anskaffingar.
Komiteen viser til at Riksrevisjonen
peiker på at det er utarbeidd eit omfattande rettleiingsmateriell
om grøne offentlege anskaffingar, og at det er naudsynt å gjera
rettleiingsmateriellet meir brukarvenleg og kjent. Riksrevisjonen
har funne at det manglar statistikk og styringsinformasjon om status
for grøne offentlege anskaffingar, og at arbeidet med grøne offentlege
anskaffingar krev ei god koordinering mellom dei ansvarlege departementa.
Komiteen viser til at Riksrevisjonen
ser det som kritikkverdig at styresmaktene gjennom den samla verkemiddelbruken
ikkje har sikra at anskaffingspraksisen hjå offentlege oppdragsgjevarar
i stor nok grad bidreg til å minimera miljøbelastinga og fremja
klimavenlege løysingar. Riksrevisjonen forstår at det er krevjande
og tek tid å etablera datagrunnlag og statistikk for offentlege anskaffingar
generelt og grøne anskaffingar spesielt, men finn det likevel kritikkverdig
at dette ikkje har vorte utvikla når behovet har vore kjent i mange
år. Komiteen støttar
Riksrevisjonens konklusjonar og kritikk, men viser til at lovverket
opnar for å stilla miljøkrav som òg omfattar standardar og miljøleiing.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti, Raudt og Venstre, viser til at standardisering
forenklar og effektiviserer anskaffingar for innkjøparar og leverandørar.
Meld. St. 25 (2018–2019) framhevar at bruk av standardiserte miljøkrav
i offentlege anskaffingar vil redusere transaksjonskostnadane. Standardisering
må ikkje hindra små og mellomstore bedrifter i å kunna setja i verk
lokale tiltak. Det heilskaplege og kontinuerlege miljøarbeidet til leverandørane
påverkar miljøavtrykket frå innkjøpet, og offentlege anskaffingar
er eit sentralt verkemiddel for å oppfylla skyldnadane i Parisavtalen. Fleirtalet vil
vise til moglegheitene som ligg i dagens lovverk, mellom anna høvet
til å stilla miljøkrav og krav om miljøleiing. Kunnskap om desse
og kva for moglegheiter som ligg i lovverket i dag, må gjerast godt
kjent.
Komiteen viser
til at Riksrevisjonen tilrår at Nærings- og fiskeridepartementet
syter for at:
-
Direktoratet for
forvalting og økonomistyring (DFØ) sikrar brei forankring av det
grøne kompetanseløftet for Innkjøps-Noreg som er sett i verk for å
styrka klima- og miljøkompetansen hjå offentlege oppdragsgjevarar
og for å profesjonalisera dei grøne anskaffingane.
-
det vert utvikla
eit datagrunnlag som gjev tilstrekkeleg statistikk og styringsinformasjon
om omfanget av, kostnadene ved og effektane av grøne offentlege
anskaffingar for å synleggjera korleis dei grøne anskaffingane kan
nyttast som eit strategisk verkemiddel for å nå Noregs klima- og
miljømål.
-
DFØ gjer rettleiingsmateriellet
meir brukarvenleg og kjent for innkjøparar i det offentlege.
Komiteen viser
til at Riksrevisjonen tilrår at Nærings- og fiskeridepartementet
og Klima- og miljødepartementet:
Komiteen viser
til at Riksrevisjonen tilrår at Nærings- og fiskeridepartementet,
Finansdepartementet og Klima- og miljødepartementet:
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet,
støttar Riksrevisjonens tilrådingar, men viser til at trongen for
sentralt fastsette, standardiserte minimumskrav må verta vurdert
i ljos av at lov om offentlege anskaffingar § 5 skal ta vare på
fleire omsyn, både miljø, menneskerettar og andre samfunnsomsyn
for å bidra til viktige mål som berekraft, gode løns- og arbeidsvilkår,
bruk av lærlingar, innovasjon og lokale ringverknader. Fleirtalet viser
til næringsministeren og klima- og miljøministeren si påpeiking
av at standardiserte minimumskrav vil kunna eigna seg for innkjøpskategoriar
der marknadene er modne, og der det er behov for at offentlege oppdragsgjevarar
dreg i same retning for å oppnå klima- og miljømål. Fleirtalet har
forventingar til statsrådane sin ambisjon om å utvikla og forsterka
koordineringa på området for å betra informasjonsflyten og samordninga mellom
aktørar som er involverte i det faglege arbeidet.
Fleirtalet viser til at offentlege
oppdragsgjevarar har ulike føresetnader for å kunna gjennomføra
offentlege anskaffingar i tråd med Stortingets målsetjingar om klimavenlege
løysingar og redusert miljøpåverknad. Fleirtalet merkar seg at oppdragsgjevarane
har valt å organisera seg ulikt med varierande føresetnader for
å gjennomføra anbodsprosessar. Fleirtalet merkar seg at utviklinga
i regelverket for offentlege anskaffingar har gått i retning av
fleire og meir detaljerte krav til både oppdragsgjevar og tilbydar. Fleirtalet viser
til at tilgangen på kompetanse varierer, både når det gjeld bruk og
handheving av regelverket og kva for konsekvensar dette får for
andre omsyn i regelverket. Fleirtalet vil difor framheva
at tiltak frå departementa for å følgja opp Riksrevisjonens tilrådingar
tek omsyn til desse ulike føresetnadene. Tilsvarande må oppfølginga
gje rom for lokale tilpassingar til miljøomsyna og heilskaplege vurderingar
av kva som er den mest klimavenlege løysinga ved det einskilde innkjøpet.
Fleirtalet understrekar at
funna i rapporten om at offentlege verksemder i varierande grad
arbeider systematisk og heilskapleg med innkjøpsporteføljen, er særs
viktige. Fleirtalet viser
til at ved handsaminga av lov om offentlege anskaffingar § 5 uttalte
ein samla næringskomité i Innst. 358 L (2015–2016):
«Komiteen viser
til at hovedformålet med anskaffelsesregelverket er å bidra til
en effektiv utnyttelse av samfunnets ressurser.»
Næringskomiteen
peikte i Innst. 358 L (2015–2016) også på følgjande:
«Komiteen ser det
som viktig at vi gjennom regelverket bidrar til å fremme innovasjon
gjennom offentlige anskaffelser, siden anskaffelser fungerer innovasjonsfremmende
ved at nye løsninger etterspørres.»
Fleirtalet peiker på at Riksrevisjonen
i liten grad har vurdert dei ulike samfunnsomsyna i lov om offentlege
anskaffingar § 5 opp mot kvarandre i revisjonen. Fleirtalet ber Riksrevisjonen
vurdera å utvida risikovurderinga si i ljos av alle samfunnsomsyna
som skal takast ved praktiseringa av anskaffingsregelverket.
Komiteens medlemmer
fra Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Venstre viser til at
Riksrevisjonens kritikk av myndighetenes bruk av uforholdsmessige
kvalifikasjonskrav som miljøledelsessystemer hviler på Direktoratet
for forvaltning og økonomistyrings lovtolkning. Disse medlemmer mener det
bør anses som relevant å ha krav om miljøsertifisering for leverandører
innenfor flere innkjøpskategorier, som anskaffelse av motorkjøretøy,
mat- og drikkeprodukter og mat- og måltidstjenester. Miljøsertifisering
er utbredt hos både små og store aktører i dag og bidrar til kontinuerlig
forbedring i bedriftenes miljøarbeid. Disse medlemmer forventer
at regjeringa gir signal om at handlingsrommet for slike krav skal
utnyttes til fullt ut, og at det kommer en grundigere klargjøring
av hva handlingsrommet er med dagens lovverk.
Disse medlemmer støtter Riksrevisjonens
anbefalinger og mener at Riksrevisjonens rapport viser at det er
behov for å gjøre mer for å minimere miljøbelastningen og fremme
klimavennlige løsninger ved offentlige innkjøp. Det er for eksempel
et stort paradoks at det ved en vesentlig andel av innkjøpene av
motorkjøretøy ikke blir stilt tilstrekkelige miljøkrav, samtidig
som det finnes mye lav- og nullutslippsteknologi tilgjengelig på området.
Grønne innkjøp er et avgjørende virkemiddel for å nå klimamålene
i Norge, og om framdriften er for lav, går det ut over Norges mulighet
til å kutte utslipp og nå egne klimamål. Disse medlemmer vil understreke
behovet for at regjeringa prioriter arbeidet med at det offentlige
stiller krav om mest mulig miljøvennlig teknologi ved innkjøp framover.