Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Karianne B. Bråthen, Per Vidar Kjølmoen, Sverre Myrli og Solveig
Vitanza, frå Høgre, Olve Grotle, Linda Hofstad Helleland og Lene
Westgaard-Halle, frå Senterpartiet, Hans Gunnar Holand, Jenny Klinge og
Per Olav Tyldum, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad og Terje
Hansen, frå Sosialistisk Venstreparti, fung. leiar Torgeir Knag
Fylkesnes, frå Raudt, Geir Jørgensen, frå Venstre, Alfred Jens Bjørlo,
og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Rasmus Hansson, syner til Dokument
8:86 S (2021–2022) om ein visjon om at ingen fiskarar skal omkome
på havet i framtida.
Komiteen ser på initiativet
som viktig og prisverdig. Tryggleiken i fiskaryrket har blitt betre
dei siste tiåra, men framleis har fiskaryrket høvesvis fleire dødsfall enn
om lag alle andre yrke i Noreg. Det er ikkje ein situasjon samfunnet
kan slå seg til ro med.
Komiteen er samd med forslagsstillarane
i at ein nullvisjon krev eit langsiktig, systematisk og målretta arbeid
av alle aktørar som påverkar tryggleiken til sjøs, og vil måtte
gjennomsyre alt ein gjer når ein dei neste tiåra skal vidareutvikle
dei norske fiskeria.
Komiteen syner også til at
fiskeri- og havministeren i brev til komiteen, dagsett 18. februar
2022 (brevet er lagt ved innstillinga), stiller seg bak initiativet, men
ønskjer å vurdere ein nullvisjon for heile fiskerinæringa til sjøs,
på lik line med det ein har i vegtrafikken. Statsråden opplyser
i sitt svarbrev at Sjøfartsdirektoratet før sommaren 2022 skal utarbeide
eit fagleg grunnlag for kva ein nullvisjon på dette området bør
innehalde, og korleis han skal følgjast opp, for å vurdere kva tiltak
som vil vere mest verknadsfulle. Statsråden vil etter dette forankre
ein nullvisjon i Stortinget på eigna måte.
Komiteen merkar seg også at
framlegget om ein nullvisjon for omkomne fiskarar på havet får tilslutnad i
innkomne høyringsinnspel. Komiteen merkar seg særskilt
høyringssvaret frå Norges Fiskarlag, som støttar initiativet og
i tillegg gjer grundig greie for korleis næringa i samarbeid med
styresmaktene har arbeidd målretta med å redusere talet på ulukker
og dødsfall i næringa sidan 1980-talet fram til i dag, og framleis
ønskjer å delta aktivt i eit slikt arbeid.
Komiteen viser til at havet
gjennom årene har blitt en sikrere arbeidsplass, fordi det har vært
satt stort fokus på sikkerhet og blitt gjort flere nødvendige tiltak. Men
det er fremdeles svært viktig å fortsette og arbeide målrettet for
at havet skal være en sikker arbeidsplass.
Komiteen viser til statsråd
Bjørnar Skjærans brev til komiteen datert 18. februar 2022 (vedlagt
innstillingen) om at regjeringen har gitt Sjøfartsdirektoratet i oppdrag
å få fram et faglig grunnlag for hva en nullvisjon på dette området
kan innebære, og hvordan dette kan følges opp. Arbeidet skal skje
i tett samarbeid med næringen.
Komiteen viser til at det er
viktig for arbeidet med en nullvisjon at det er forankret i faglige
råd. Derfor vil komiteen påpeke
at regjeringen nå sammen med partene skal arbeide fram et grunnlag
for konklusjoner.
Komiteen stiller seg positive
til ein nullvisjon i næringane til havs, og ser fram til at regjeringa
kjem tilbake til Stortinget med ei slik sak på eigna måte, slik statsråden
har gjort greie for i svaret sitt.
Komiteen merkar seg at både
statsråden og høyringsfråsegner frå Norges Fiskarlag, Redningsselskapet og
andre stiller seg positive til initiativet til og ideen om ein nullvisjon
i fiskeria.
Komiteen viser til at det i
svaret frå statsråden går fram at det nå er sett i gang eit arbeid
med å lage ein nullvisjon i fiskeria, og at departementet òg vil
vurdere ein nullvisjon for heile næringa til sjøs. Vidare at Sjøfartsdirektoratet
før sommaren 2022 skal utarbeide eit fagleg grunnlag for kva ein
nullvisjon bør innehalde, korleis han skal følgjast opp m.m. Statsråden
opplyser òg at han vil kome tilbake til Stortinget med saka med
ei nærmare forankring av nullvisjonen.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti,
Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne, viser til at det
er gode signal frå statsråden, og fleirtalet vil følgje saka
tett vidare.
Et annet flertall,
alle unntatt medlemmene fra Høyre, viser til Dokument 8:86 S (2021–2022)
om en nullvisjon for tap av liv på havet. Dette flertallet støtter målet
i representantforslaget og deler ambisjonen om at havet skal bli
en enda sikrere arbeidsplass.
Medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet,
Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne viser ellers til innhaldet
i representantforslaget og fremjar følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa seinast innan utgangen av 2022 kome tilbake med eit
framlegg til ein handlingsplan for styrkt tryggleik i fiskaryrket,
bygd på ein visjon om at ingen fiskarar skal omkome på havet i framtida (ein
nullvisjon).»
Komiteens medlem
fra Rødt støtter målet i representantforslaget, og visjonen
om at ingen skal dø på havet. Fiskeryrket er et av de farligste
yrkene vi har, og det trengs tiltak for å øke sikkerheten til folk
som jobber til havs.
Dette medlem vil vise til at
tidligere regjeringer har gjort kutt i velferds- og sikkerhetsordninger
i fiskerinæringa. Dette
medlem vil vise til Rødts alternative statsbudsjett for 2022,
hvor Rødt foreslo å sette av midler til å reversere kutt i velferdstilskuddet,
og i støtte til sikkerhetsopplæring for fiskere.
Velferdstilskuddet
som tidligere regjeringer kuttet i, sørger sammen med finansiering
fra fiskernes egne organisasjoner, for drift av velferdsstasjoner
langs kysten, og er et viktig tilbud for kystflåten. Dette medlem håper
å få støtte for å styrke ordninger for å bedre velferd og sikkerhet
på havet i kommende budsjettbehandlinger.