Forslag
fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
støtta India og Sør-Afrikas forslag i WTO om eit unntak frå visse
reglar i TRIPS-avtalen, som vil gi eit mellombels unntak frå visse
immaterielle rettar under covid-pandemien for å auka produksjon
og tilgang på vaksinar, testutstyr, medisinar og medisinsk utstyr
– utan vilkår eller krav om motytingar.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
støtta aktive, konstruktive og tekstbaserte forhandlingar om eit
mellombels unntak frå TRIPS-avtalen, for å forbetra global tilgang
til rimelege covid-relaterte medisinske produkt og for å handtera
globale produksjonsavgrensingar og mangel på forsyningar.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa
styrka arbeidet for ei løysing på den enorme ulikskapen i verda
i tilgang på vaksinar, medisinar og medisinsk utstyr for å kjempa
imot covid-pandemien, med særleg merksemd på auka vaksineproduksjon
og den geografiske fordelinga av produksjonskapasitet, og støtta
ein revisjon av det globale rammeverket for immaterielle rettar
for framtidige pandemiar.