1.4 Om lovframlegget og vurderingane til departementet
Det blir i proposisjonen
peikt på at befolkninga har høg tillit til statsforvaltninga i Noreg.
Reglane om habilitet i forvaltningsloven er i utgangspunktet tilstrekkeleg
for å sikre at dei som førebur saker og gjer vedtak i forvaltninga,
ikkje er inhabile. Samstundes er det ikkje tvilsamt at dei tilsette
sine verv, økonomiske interesser, investeringar m.m. kan føre til
bindingar eller særinteresser som kan tenkjast å medføre ein interesse-
eller lojalitetskonflikt mellom dei private engasjementa til den
tilsette og interessene til verksemda. I tillegg kjem at tilliten
til statsforvaltninga og det enkelte forvaltningsorganet vil kunne
bli påverka av om dei tilsette blir oppfatta å ha bindingar eller
særinteresser grunna i økonomiske interesser, verv, ekstraarbeid
osv.
Departementet fremjar
i proposisjonen ein ny § 39 a i statsansatteloven. Føresegna skal
gje verksemdene i staten eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for
å påleggje tilsette ei plikt til å registrere verva og dei økonomiske interessene
sine. Føresegna seier at for å førebyggje interessekonfliktar kan
ei verksemd fastsetje at enkelte tilsette i bestemde stillingar
kan bli pålagde å registrere verva og dei økonomiske interessene
sine. Ei slik plikt kan berre påleggjast der det er nødvendig ut
frå arbeidsoppgåvene og ansvaret som høyrer til stillinga.
Det er opp til kvar
enkelt verksemd å vurdere behovet for ei registreringsordning. Departementet
vil utarbeide sentrale retningslinjer om korleis ei registreringsordning
kan gjennomførast i verksemda.
Føremålet med føresegna
er å førebyggje interessekonfliktar i statsforvaltninga og gjennom
transparens kring verva og dei økonomiske interessene til dei tilsette i
staten auke tilliten til statsforvaltninga.
Departementet legg
til grunn at dersom vilkåra i statsansatteloven § 39 a er oppfylte,
er det ikkje nødvendig å vurdere om tiltaket har heimel i arbeidsmiljøloven § 9-1.
Departementet føreslår
at føresegna blir teken inn i kapittel 6 i statsansatteloven, som
inneheld ein paragraf om forbod mot gåver i tenesta m.m. Den nye
paragrafen vil omfatte både statstilsette og embetsmenn.
Departementet meiner
fastsette retningslinjer og merknadene i forarbeida vil gje verksemdene
tilstrekkeleg informasjon til at dei skal kunne vareta omsynet til personvernet
og privatlivet til den tilsette. Samstundes får verksemdene ei rettleiing
for korleis ei registreringsordning kan gjennomførast, dersom verksemda
meiner ei slik ordning er nødvendig.
I kapittel 5 blir
det gjeve vurderingar av følgjande tema:
-
Lovheimel og føremål
-
Den rettslege statusen
til registreringsplikta (om Forskrift, Pålegg er ein instruks, Kontrolltiltak)
-
Særlege katgegoriar
av personopplysningar
-
Retningslinjer
-
Registreringsodninga
(om frivilligheit og personvern)
I kapittel
6 fremjar òg departementet framlegg om endringar i tilvisingane
i statsforetaksloven og statsansatteloven til lov 18. juli 1958
nr. 2 om offentlige tjenestetvister.