Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Mani Hussaini, Stein Erik Lauvås, Linda Monsen Merkesdal, Marianne Sivertsen
Næss og leiaren Terje Aasland, frå Høgre, Nikolai Astrup, Bård Ludvig Thorheim,
Ove Trellevik og Mathilde Tybring-Gjedde, frå Senterpartiet, Siv Mossleth,
Ole André Myhrvold og Gro-Anita Mykjåland, frå Framstegspartiet, Marius
Arion Nilsen og Frank Edvard Sve, frå Sosialistisk Venstreparti,
Lars Haltbrekken og Birgit Oline Kjerstad, frå Raudt, Sofie Marhaug,
frå Venstre, Ola Elvestuen, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Rauand Ismail,
og frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, legg til
grunn Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge og Meld.
St. 29 (2011–2012) Samfunnssikkerhet og faglege rapportar frå NVE
om temaet fjellskred. Begge dei to stortingsmeldingane legg vekt
på at førebygging er den viktigaste oppgåva når det gjeld å handtere
naturfare og hendingar som trugar samfunn, liv, helse og verdiar.
I eit brev frå Olje-
og energidepartementet 15. november 2021 (lagt ved innstillinga)
viser statsråd Marte Mjøs Persen til at det er foreslått å auke
løyvingane til flom- og skredførebyggande tiltak i nytt statsbudsjett
til 720 mill. kroner, og at det er NVE som fagdirektorat som prioriterer
skredførebyggande tiltak innanfor årlege prioriteringar av sikringsprosjekt.
Komiteen legg til grunn informasjonen
frå NVE sine to rapportar nr. 77 (2016) og nr. 22 (2021), som slår fast
at Åkneset i Stranda kommune for det første er klassifisert som
eit høgrisikoobjekt for fjellskred med eit stort skadepotensial,
og for det andre at det truleg kan vere mogleg å bremse utglidinga
av fjellmassane ved å drenere bort vatn i fjellet. Eit skred vil
føre til ei flodbølge i 10 kommunar i Storfjordregionen og ramme
rundt 5 000 innbyggarar og dessutan infrastruktur og bygningar.
Å forsinke raset kan ifølge den siste NVE-rapporten ha stor samfunnsøkonomisk
nytte. Om ein tek med kostnadane med gjentekne evakueringar, i tillegg
til dei materielle skadane og skadane på infrastruktur som eit større
ras vil kunne utløyse, er det snakk om ein samfunnsnytteverdi tilsvarande
50 mrd. kroner om ein lykkast. Det finst eksempel frå andre land
der slike dreneringstiltak har ført til eit redusert tempo i utglidinga av
fjell. Det er skissert ei trinnvis gjennomføring med kontinuerleg
evaluering av tiltaka.
Komiteens flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti, Venstre, Miljøpartiet De Grønne og Kristelig Folkeparti,
viser til at drenering av fjellpartiet Åknes er et lovende, men
samtidig nytt og krevende prosjekt. NVEs forundersøkelser viser
så langt gode resultater, og drenering blir vurdert å ha svært god
nytte for samfunnet sammenlignet med kostnadene.
Flertallet merker seg at det
er viktig med nøye planlegging og prosjektering før tiltakene kan
iverksettes. Tiltakene som er beskrevet i NVEs rapport (nr. 22/2021),
vil ha en kort sesong for anleggsutførelse og må gjennomføres etappevis
over flere år tilpasset observasjoner av oppnådd effekt. Grundige
målinger og evalueringer vil være nødvendig underveis. Flertallet viser til
at NVE anslår at første anleggsfase med bortledning av vann i de
øvre deler av fjellpartiet vil kunne gjennomføres i 2024–2025. Kostnadene
i denne fasen er foreløpig estimert til å være i størrelsesorden
30–40 mill. kroner per år.
Flertallet mener det i tråd
med de vanlige prinsippene for midler til flom- og skredforebygging
bør være opp til NVE å gjøre faglige vurderinger underveis og prioritere
midler til prosjektet innenfor sin ramme. Dette er ikke minst viktig
siden det her er snakk om å ta i bruk en ny metode innen skredforebygging
i Norge, og siden det er nødvendig å vinne erfaringer undervegs.
Medlemene i komiteen
frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet
Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti viser til fjellskredområdet
Åkneset i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Noregs vassdrags- og energidirektorat
(NVE) har tidlegare kartlagt Åkneset som eit av fleire høgrisiko
fjellskredområde her i landet, der det vil få katastrofale følger
når eit ras ein gong går ut i Storfjorden.
Desse medlemene viser til at
kommunane i Storfjordområdet, i lag med NVE, har bygd opp eit av
dei beste systema for overvaking og beredskap i verda, med varsling
av befolkninga og beredskapssenteret til NVE på Stranda, som har
overvaking av fjellskredområdet døgnet rundt. Det har sidan 2003
blitt etablert omfattande måleinstrument i Åkneset, som viser store
bevegelsar i eit fjellparti på om lag 54 mill. kubikkmeter. Utstyret
som er etablert, er av det beste i verda, og fleire hundre millionar
kroner er så langt brukte på det som sannsynlegvis er eit av dei
best overvaka fjellpartia i verda.
Desse medlemene viser også
til at det er etablert omfattande varsling av befolkninga med områdevarsling
via UMS på mobil og telefon og tyfonar som er utplasserte i heile
Storfjordområdet. Systemet blir brukt til øvingar kvart år og er
per i dag blant dei beste i Noreg. Det er òg etablert ei eiga forskrift
i TEK 17 som fastslår at folk kan bu og leve i område der tryggleiken
er tilfredsstillande med ei varslingstid på 72 timar til innbyggjarane.
Desse medlemene er bekymra
for de enorme verdiane som vil gå tapt når Åkneset rasar ut. Det
er ikkje snakk om «om raset går», men når. Eit stort fjellskred
på ca. 54 millionar kubikkmeter er lagt inn som ei av dei potensielt
mest alvorlege katastrofehendingane i Noreg i den årlege rapporten
«Analyse av krisescenarioer». I rapporten er eit stort fjellskred
frå Åkneset grundig evaluert, og konsekvensane av eit ras er svært
store. Fjellpartiet Åkneset er styrt av mange ulike mekanismar i
fjellet, der vassnivået og vasstrykket er ein betydeleg drivar for
rørslene i fjellpartiet.
Vidare vil desse medlemene vise
til at kvar haust og vår med store nedbørsmengder aukar rørslene i
fjellskredområdet betydeleg. Det er blant anna i Canada gjennomført
forsøk med drenering av vassystema i liknande fjellskredområde,
der ein har fått bremsa bevegelsane og utviklinga i skredområda,
noko som er av svært stor samfunns- og beredskapsmessig betyding. NVE
held no på med kartlegging og undersøkingar av moglegheita for drenering
av Åkneset. Desse
medlemene viser til at informasjonen kring dette frå NVE er svært
lovande. Desse
medlemene viser til at kostnadane ved ei slik drenering er
antyda å kunne bli fleire hundre millionar kroner, men sett opp
imot dei samfunnsmessige øydeleggingane eit ras frå Åkneset vil
gjere, blir dette som «blåbær» å rekne.
Desse medlemene viser til at
det i «Analyse av krisescenarioer» er anslag på mange titals milliardar kroner
i øydeleggingar etter eit stort fjellskred frå Åkneset, og at meir
enn 3 000 innbyggjarar vil bli heimlause.
Medlemene i komiteen
frå Framstegspartiet, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg
Folkeparti meiner at det derfor er av svært stor samfunnsnytte
at NVE blir gjort i stand til å kunne gjennomføre drenering av fjellskredområdet ved
Åkneset, og at regjeringa kjem attende til Stortinget med ei sak
om og ein plan for dette og for nødvendig framdrift og finansiering.
Medlemene i komiteen
frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet
Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti meiner avbøtande tiltak
for å redusere skadeomfanget, men også å senke risikoen for tap
av menneskeliv, må vere ei høgt prioritert oppgåve for regjeringa
og Stortinget.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti,
Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti,
fremjar derfor følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa sikre at det raskt vert utarbeidd ein plan for drenering
av høgrisikoområdet for store fjellskred ved Åkneset i Stranda kommune.»
Medlemene i komiteen
frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei
Grøne og Kristeleg Folkeparti fremjar følgjande forslag:
«Stortinget
viser til arbeidet som skredseksjonen ved NVE utfører, og ber om
at regjeringa følger opp dei anbefalingane som NVE kjem med i saka
om drenering av fjellskredområdet ved Åkneset.»
Medlemene i komiteen
frå Framstegspartiet fremjar følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa sørge for at skredseksjonen ved NVE blir tilført
dei nødvendige midlane for at avbøtande tiltak, slik som drenering
av fjellskredområdet ved Åkneset, kan gjennomførast.»
Komiteens medlemmer
fra Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet De Grønne ønsker
likevel å gi politisk støtte til at regjeringen tester ut nye rasforebyggende
metoder i denne saken, da disse medlemmer vurderer
det som viktig å komme i gang før fjellet sklir lenger ut og faren
for ras øker ennå mer. En slik utprøving kan gi viktige erfaringer
med den nye metoden. Dette er erfaringer som kan bli nyttige for framtida,
da klimaendringene og endret nedbørintensitet vil kreve at vi investerer
mer i flom- og skredforebyggende tiltak i årene som kommer.
Disse medlemmer støtter forslagene
1 og 2 i representantforslaget, men vil stemme imot forslag 3.
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Venstre understreker viktigheten av å redusere
risikoen for fjellskred av hensyn til liv og helse og andre samfunnsverdier.
Arbeidet med flom og skred har blitt høyt prioritert de siste årene,
og bevilgningene til tiltak er økt hvert eneste år. Ved Åkneset
er det innført døgnkontinuerlig overvåking, og det er utredet hvordan
risikoen for skred kan reduseres gjennom drenering av fjellet. Disse medlemmer mener
det er viktig at regjeringen følger opp NVEs planer for risikoreduserende
tiltak ved Åkneset, og at det settes av tilstrekkelig med midler til
dette i kommende år.
Medlemen i komiteen
frå Raudt syner vidare til det alternative statsbudsjettet
frå Raudt. Det legg til grunn at det er betre å førebyggje enn å
reparere. Difor har Raudt sett av 200 mill. kroner meir til å førebyggje
flaum og skred, og 800 mill. kroner til trygge vegar og rassikring.
I ljos av dei særlege farane knytte til fjellskred ved Åkneset,
meiner denne medlemen det
er rimeleg å be om ein eigen plan for drenering for dette høgrisikoområdet.
Komiteens medlemmer
fra Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti mener det er viktig
at arbeidet for å stoppe bevegelser i fjellet på Åkneset intensiveres
for å forhindre at det skjer skred eller blir behov for evakueringer. Disse medlemmer viser
til at budsjettforliket mellom Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre
og Kristelig Folkeparti om statsbudsjettet for 2017 sikret midler
til prosjektet som nå viser at drenering vil være til stor nytte
for å forhindre skred. Disse medlemmer mener
det er viktig at denne kunnskapen følges opp, og det må skje så
raskt som mulig for å spare enkeltpersoner og samfunnet for store
kostnader hvis bevegelsene i fjellet øker og det blir behov for evakuering
eller det går et skred.