Forslag frå Framstegspartiet,
Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti:
Forslag 1
Stortinget viser
til arbeidet som skredseksjonen ved NVE utfører, og ber om at regjeringa
følger opp dei anbefalingane som NVE kjem med i saka om drenering
av fjellskredområdet ved Åkneset.
Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
sørge for at skredseksjonen ved NVE blir tilført dei nødvendige
midlane for at avbøtande tiltak, slik som drenering av fjellskredområdet
ved Åkneset, kan gjennomførast.