I dokumentet blir
det fremja følgjande forslag:
-
«1. Stortinget ber
regjeringa kome attende med ein plan for drenering av høgrisikoområdet
for store fjellskred ved Åkneset i Stranda kommune.
-
2. Stortinget viser
til arbeidet som skredseksjonen ved NVE utfører, og ber om at regjeringa
følger opp dei anbefalingane som NVE kjem med i saka om drenering
av fjellskredområdet ved Åkneset.
-
3. Stortinget ber
regjeringa sørge for at skredseksjonen ved NVE blir tilført dei
nødvendige midlane for at avbøtande tiltak, slik som drenering av
fjellskredområdet ved Åkneset, kan gjennomførast.»
Ein viser
til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaga.