I proposisjonen legg
Kunnskapsdepartementet fram forslag til endringar i statsbudsjettet
for 2021.
Departementet foreslår
i proposisjonen blant anna endringar under kap. 290 Integrerings-
og mangfaldsdirektoratet, 291 Busetjing av flyktningar og tiltak
for innvandrarar, 292 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for
vaksne innvandrarar, 3291 Busetjing av flyktningar og tiltak for
innvandrarar og 3292 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne
innvandrarar. Det blir vist til omtale i proposisjonen av dei nemnde forslaga.
I denne innstillinga
blir forslaga knytte til dei nemnde kapitla handsama. Dei andre
forslaga i proposisjonen blir handsama av utdannings- og forskingskomiteen.