Under programområde
02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om å redusere løyvingane
med om lag 1,2 mrd. kroner. Reduksjonen gjeld i hovudsak 1,025 mrd.
kroner i lågare utgifter under EØS-finansieringsordningane (kap. 117)
i år. Det er òg reduserte utgifter til drift under Utanriksdepartementet,
til FNs fredsbevarande operasjonar og til EFTA-sekretariatet. Gebyrinntektene
under programområde 02 er reduserte fordi det er færre utlendingssaker
under pandemien.
Under programområde
03 Internasjonal bistand blir det gjort framlegg om visse endringar.
Det er m.a. mindrebehov på departementet sitt driftsbudsjett og hos
Norsk senter for utvekslingssamarbeid, Norec, og deira utvekslingsordningar.
Det er òg mindre endringar i kontingentane for Noregs pliktige bidrag
til internasjonale organisasjonar. Det blir gjort framlegg om å
omdisponere nokre av dei ledige midlane m.a. til FNs organisasjon
for palestinske flyktningar (UNRWA), FNs fredsbyggingsfond og auka
flyktningutgifter.
Vidare vart det i
Utanriksdepartementets budsjettproposisjon for 2021 gjort greie
for at delar av støtta til vaksinekoalisjonen CEPI kunne falle utanfor
formålet til offisiell utviklingsbistand (ODA). Ramma blei difor
fastsett 200 mill. kroner høgare enn 1 pst. av anslaget for BNI for
2021. Det er no gjort framlegg i OECDs utviklingskomité (DAC) om
at 88 pst. av støtta til CEPI sitt arbeid for forsking og utvikling
av covid-19-vaksinar skal kunne rapporterast som ODA. Det inneber
at 176 mill. kroner av dei 200 mill. kronene vil kunne rapporterast
som ODA, og regjeringa gjer derfor framlegg om at denne delen skal dekkast
innanfor bistandsramma. Auken i ODA-andel blir dekt innanfor bistandsramma
av eit lågare behov på departementet sitt driftsbudsjett og reduserte
løyvingar til stabilisering av land i krise og konflikt.
Ut over bistandsramma
for 2021 blir det gjort framlegg om å auke løyvinga til den globale
koalisjonen ACT-A med 2 mrd. kroner, jf. omtale under kap. 160,
post 70 Helse. Forslaget aukar ramma tilsvarande til det internasjonale
arbeidet med å slå ned pandemien. Samla framlegg om auke ut over
gjeldande bistandsramme blir derfor 1,824 mrd. kroner.
For ei nærmare omtale
av endringane på kapittel- og postnivå blir det vist til proposisjonen.