Sammendrag
Helse- og omsorgsdepartementet
gjer framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar
i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp
og fysioterapi frå 1. juli 2021. Endringane for legehjelp og psykologhjelp
vert gjort på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening
og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjort på
grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane
Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende
Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane blir fastsett
i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane er
enno ikkje avslutta.
Regjeringa vil kome
attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.
Basistilskot, driftstilskot
og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett
for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.
Tingingane med Den
norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka
om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli
2021–30. juni 2022, tok til 12. mai 2021. Tingingane mellom fysioterapeutorganisasjonane
og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 12. mai. Tingingane
om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten
og dei regionale føretaka starta 19. mai. Ingen av desse forhandlingane
er avslutta. Partane held fram tingingane med sikte på å nå fram
til avtalar i løpet av juni.
Spørsmålet om eventuelle
endringar i utgiftene til kommunar, regionale helseføretak og folketrygda
frå 1. juli på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening,
Norsk Psykologforening og fysioterapeutorganisasjonane kan ikkje
leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa
gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar
i budsjetta til dei regionale helseføretaka, trygderefusjonane og
løyvingane til kommunane som følgje av forhandlingane, samt endra
forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.