Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering
av ei bypakke for Ålesund, i tråd med vedtak frå lokale styresmakter.
Bypakke Ålesund omfattar prosjekt og tiltak på både riksveg, fylkesveg
og kommunal veg. Føremålet med bypakka i Ålesund er at fleire skal
sykle, gå og reise kollektivt, og at delen reiser med personbil
skal reduserast. Det sentrale prosjektet i pakka er E136 Breivika–Lerstad.
Det blir lagt opp til anleggsstart for prosjektet i 2022.
Samla økonomisk ramme
for Bypakke Ålesund er om lag 4 mrd. 2021-kroner. Finansieringa
av pakka er basert på innkrevjing av bompengar, samt statlege, fylkeskommunale
og kommunale midlar. I tillegg kjem all meirverdiavgift som staten
refunderer for prosjekt og tiltak i bypakka. Bypakke Ålesund vil
ha ein innkrevjingsperiode på inntil 15 år, i tråd med lokalpolitiske
vedtak, med planlagt oppstart i 2022.
I tråd med dei lokalpoliske
vedtaka er det lagt til grunn at det skal etablerast 13 bomstasjonar
i Ålesund med tovegs innkrevjing av bompengar fordelt på tre bomsnitt.
Bypakke Ålesund vart
handsama av Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune i juni
2019. I tillegg gjorde Fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune
nokre supplerande vedtak i oktober 2020, slik at vedtaket om fylkeskommunal
lånegaranti er tilpassa dei nye retningslinjene for porteføljestyrte
bypakker. Dette inneber at garantisten sine utlegg ikkje kan dekkast
gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging
av bompengeperioden med inntil 5 år. Den detaljerte bomstasjonsplasseringa
vart vedteken av bystyret i Ålesund kommune 2. februar 2017.
Følgjande finansieringsplan er lagt
til grunn for prosjektet:
2019-kroner
|
2018–2023
|
2024–2029
|
Etter 2029
|
Sum
|
Statlege
midlar
|
205
|
379
|
0
|
584
|
Fylkeskommunale
midlar
|
3
|
82
|
0
|
85
|
Kommunale
midlar
|
75
|
107
|
0
|
182
|
Bompengar
|
582
|
1
399
|
816
|
2
797
|
Sum
|
865
|
1 967
|
816
|
3 648
|
Bypakke Ålesund er
mellom anna forankra i konseptvalutgreiinga (KVU) for transportsystemet
i Ålesund som vart utarbeidd i 2016, samt rapport frå den eksterne
kvalitetssikringa (KS1) og Samferdselsdepartementet sine føringar.
Med bakgrunn i dette
er det utarbeidd ein mogleg prosjektportefølje. Hovudelementa i
prosjektporteføljen er bygging av ny innfartsveg øst-vest (E136
Breivika–Lerstad, og vidare til Campus), etablering av ny gateterminal
med kollektivtrasear i tilkomstgatene for kollektivtransporten i
Ålesund sentrum, samt sykkelfelt over den nye Brosundbrua og gangpassasje
under denne og under Hellebrua langs Brosundet. I tillegg kjem utvikling
av kollektivknutepunkt ved Campus og Ålesund sjukehus, samt tiltak
for å auke framkomst for buss med gode trasear.
Tabellen under syner lokalpolitisk
vedteken prioritert prosjektportefølje for Bypakke Ålesund
Prioritet
|
Prosjekt og tiltak
|
Tiltak nr. i kart
|
Statens vegvesen
sine berekningar
(Mill. 2021-kr.
inkl. mva.)
|
KS2-konsulenten
sine berekningar
(Mill. 2021-kr.
inkl. mva.)
|
1
|
Brosundbro,
og ny gate i forlenging av Keiser Wilhelms gate
|
1
|
291
|
298
|
2
|
Kollektivterminal–gateterminal
i
Keiser Wilhelms gate
|
2
|
83
|
83
|
3
|
Kollektivknutepunkt
ved Ålesund
sjukehus
|
3
|
52
|
59
|
4
|
Kollektivknutepunkt
ved Campus
Ålesund
|
4
|
156
|
272
|
5
|
E136
Breivika–Lerstad
|
5
|
1 994
|
2 086
|
6
|
E136
Lerstadtoppen–Campus
|
6
|
478
|
460
|
7
|
Tiltak
for framkomst for buss, for
gåande og syklande og trafikktryggleik.
|
Ikkje
plassert i kart
|
291
|
291
|
8
|
Sanering
av kryss, tilrettelegging for gåande og syklande samt kollektivtrafikk
|
8
|
301
|
328
|
9
|
Kryssutbetring
(påkøyringsrampe)
|
9
|
52
|
52
|
|
Sum prosjekter
|
|
3 698
|
3 929
|
|
Innkjøp
og etablering av bomstasjonar
|
|
42
|
42
|
|
Planlegging
og prosjektering
|
|
52
|
52
|
|
Sum Bypakke Ålesund
|
|
3 792
|
4 023
|
Statens vegvesen
har føreslått ei økonomiske ramme for pakka på om lag 3 700 mill.
kroner i 2021-prisnivå. I tillegg kjem etablering av bomstasjonar
på om lag 40 mill. kroner og om lag 50 mill. kroner avsett til planlegging,
slik at den økonomiske ramma totalt blir om lag 3 790 mill. 2021-kroner.
Som det går fram av kapittel 2 i proposisjonen, slutta Ålesund kommune
og Møre og Romsdal fylkeskommune seg til forslaget. KS2-konsulenten
har tilrådd ei økonomisk ramme for Bypakke Ålesund på 4 023 mill.
2021-kroner, jf. omtale i kapittel 5 i proposisjonen.
I følgje dei lokalpolitiske
vedtaka vil bypakka leggje til grunn kostnadskontroll innanfor den
fastsette økonomiske ramma, porteføljestyring og 20 pst. eigendel for
lokale styresmakter. Dette betyr mellom anna at ein eventuell kostnadsauke
og/eller inntektssvikt skal skje ved kutt i porteføljen. Eventuell
kostnadsauke i dei einskilde prosjekta – og/eller inntektssvikt
– skal handterast gjennom porteføljestyringa, og ikkje gjennom auka
takstar og/eller forlenga innkrevjing. Det blir føresett sterk kostnadskontroll.
Arbeidet med porteføljestyringa skal skje gjennom årleg rullering
av eit fireårig handlingsprogram med hovudvekt på mål- og resultatstyring.